Gestaltterapeut, Erik Tresse
Gestaltterapeut, Erik Tresse

- Å dela sorg kan vera bra, men også sårbart og risikofylt

I det moderne samfunnet er det blitt stovereint å dela både gode og mindre gode opplevingar. Gestaltterapeut Erik Tresse meiner det er bra at det er blitt større rom for å dela det som er tungt og vanskeleg, men hans råd er at ein skal tenkja seg godt om korleis ein deler, kva ein deler og ikkje minst til kven.
Ein brors sjølvmord eller eit barns sjukdom eignar seg kanskje ikkje så godt som eit offentleg innlegg på Facebook. 

Den som nettopp har opplevd noko traumatisk tenkjer kanskje ikkje så nøye gjennom kvifor han eller ho vil offentleggjera. Føler du deg åleine, kan det vera betre å møta nokon ansikt til ansikt, seier Tresse.
 

Å kasta seg til ulvane

– Ein bør alltid stilla seg spørsmålet om kvifor vil eg dela dette? Kva er saknet? Kva er behovet? Kva ønsker eg å oppnå? Dersom drivkrafta er å få ein reaksjon frå ein slektning som ennå ikkje har ringt etter dødsfallet, er mitt råd at den etterlatte heller tek ein telefon til vedkomande, seier Tresse som sjølv har kjent kor sårbart og til dels ubehageleg det var å dela ei personleg og kjensleladd historie til eit panel fagfolk.

Tresse seier at når ein deler noko med eit menneske i ein vanleg samtale ansikt til ansikt, ligg det ein slags avtale i botn, om at den andre etter å ha høyrt di historie, deler noko tilbake.

Å stå som erfaringskonsulent framfor eit fagpanel eller posta eit offentleg innlegg på Facebook gjer at du ikkje har kontroll på kven som er mottakarar og heller ikkje korleis bodskapen din blir motteken.

Å få «feil», ingen eller for få reaksjonar på Facebook kan leggja bør til ei byrde som frå før er blytung, påpeiker han.

– Sjølv undervurderte eg kor tøft det ville bli å dela mi historie om tvillingbror min sin sjukdom og sjølvmord til fagpersonar. Etter eg hadde snakka ferdig, kjende eg meg ganske avkledd, for dei som hadde høyrt på meg, skulle jo ikkje dela noko tilbake. Dei skulle berre ha eit objektivt og klinisk blikk på det som var djupt personleg for meg. Om dei blei berørte av det eg fortalde, sa dei fleste det ikkje, og det kjendest vanskeleg. Det oppstod eit vakuum, på ein måte. Hadde fleire sett ord på noko av dette og takka meg for at eg delte, hadde opplevinga blitt ei heilt anna, påpeiker han.

No med litt meir erfaring har han lært seg til å betre sortera kva han deler og velja fora han kjenner seg trygg på. Det same meiner han gjeld i sosiale media. Konteksten noko blir delt i, er viktig, meiner han. Han er også oppteken av at terapeutar skal forstå kor sårbart det er for pasientar å dela noko personleg.
 

Få trøyst av dei nære

– Dersom ønsket ditt om å skriva eit Facebook-innlegg om sjølvmordet til bror din er motivert av eit ønske om å skapa meir openheit rundt psykisk sjukdom, så er det kanskje rett. Er ønsket primært å få merksemd og trøyst, er det langt betre å få det i fysisk samtale med nokon som du kan sjå i auga. Då kan du også sjå dei kjenslemessige reaksjonane deira på det du har å fortelja, seier Tresse.

Han meiner psykolog Hedvig Montgomery sin kronikk i Morgenbladet før jul i fjor var ein augneopnar for han når det gjeld å dela personlege historier på sosiale medium. 

I kronikken fortel Montgomery om korleis ein kan ende opp med å få støtte frå sine mest perifere kjenningar medan dei næraste står på sidelinja og kjenner seg forbigådde.

Generelt meiner Tresse at ein skal vera forsiktig med å dele personleg informasjon i desse kanalane.

– Det kan jo kjennast sårt for pårørande å lese noko på Facebook, som dei gjerne ville ha visst før alle andre, poengterer han.

– Å dela noko du føler er viktig for deg og så oppleva null respons kan også gi grobotn for eit hav av misforståingar, legg han til.

Den som nettopp har opplevd noko traumatisk tenkjer kanskje ikkje så nøye gjennom kvifor han eller ho vil offentleggjera.

Erik Tresse presiserer at han likevel meiner at auka openheit om psykisk helse er ein fin trend, og som utført på rett måte, har ført mykje bra med seg. 

Tvillingbroren hans tok livet sitt i 1990 etter nokre års sjukdom og fleire opphald på ein psykiatrisk institusjon.

– Bror min blei sjuk då han var i militæret. Me stod ein annan nært, sjølv om me var veldig ulike. Eg pla seie at eg var hovudet og han kroppen, for eg var den teoretiske og skuleflinke, medan han var god i idrett. Først blei eg irritert over reaksjonane hans på ting. Han blei veldig mistenksam, fekk vrangførestillingar og blei redd, sint og fortvila. Men eg såg ikkje bror min som sjuk for eg kunne kjenne igjen alle kjenslene hans, som eg også hadde sjølv, men hjå han var alle kjensler forsterka, og han tolka dei på ein annan måte enn meg. Det gjorde at eg forstod at grensa mellom galskap og normalitet er hårfin og avhengig av relasjon, kontekst og kultur, seier Erik Tresse.
 

Tablettar, tablettar, tablettar

Foreldra fekk nokre samtalar med fagfolka som behandla broren. Erik fekk ingen tilbod om oppfølging. 

Tresse er svært misnøgd med behandlinga og oppfølginga broren fekk i psykiatrien den gongen. 

– Det blei for lite og for dårleg. Eg trudde behandlinga skulle gi ei meinig i det som skjedde, gi oss eit svar på kvifor broren min utvikla desse symptoma. Me fekk vita at det var ein biologisk sjukdom som ramma blindt. Og no måtte me berre venta til medisinane virka, elles var det lita utsikt til betring. Terapitimane gjekk for det meste ut på å diskutera dosering av medisin og praktiske spørsmål. Medisinar som gav han forferdelege biverknadar. Og me pårørande sat att med fleire spørsmål enn svar.

Etter broren tok livet sitt, prøvde Erik å distansera seg frå det som hadde skjedd og levde eit hardt liv med mykje festing i fleire år.

– Eg kunne nok ha enda i psykiatrien sjølv, om eg ikkje hadde møtt ei kvinne som råda meg å gå til psykoanalyse. Eg gjekk i fleire år og det har vore til stor hjelp, seier Tresse som fekk hjelp til å arbeida med kjenslene sjølvmordet og sjukdommen til broren skapte i han.

Han har slite med skuldkjensle etter dødsfallet.

– Kvifor han og ikkje meg? Survivor guilt er vanleg både etter sjølvmord, krigar og andre store ulukker. Eg sørgde og var sint over kor urettferdig og fælt han må ha kjend det, men måtte ha hjelp til å sleppa laus sorga for min eigen del, å kjenna på kor trist eg var inni meg.
 

– Nå er eg heime

– Etter mange år i reklame- og kommunikasjonsbransjen, førte brorens død han til slutt inn i psykisk helsefeltet. Tresse arbeider nå både som erfaringskonsulent og gestaltterapeut.

– Då eg starta i psykisk helsefeltet i 2014 kjendest det som å komma heim. Her kan eg bidra med mine eigne personlege erfaringar. For meg som erfaringskonsulent er det viktig å minna behandlarane om kor viktig det er å ta med dei pårørande. I min eigen praksis er eg no også blitt flinkare til det, etter at eg etter nokre år opplevde at eg ikkje levde etter det eg lærte andre i jobben som erfaringskonsulent.

For Erik vil sorga over broren alltid vera der, sjølv om han merkar at sorga går i bølger. Med åra har skuldkjensla minka og ein slags aksept har vakse fram i han.

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

CASEARKIVET

Her finner du varierte caser med glimt fra pårørendes møter med helse- og omsorgstjenesten. Casene avslutter med drøftingsoppgaver.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet