Pårørendekontakt Astrid Swan Croucher
Barn til rusavhengige skjønar meir enn foreldre likar å tru, seier Astrid Swan Croucher

Sjuåringen luktar etter sprit i mors kaffikopp

Barn skjønar uendeleg mykje meir enn vaksne trur eller vil innrømma. Dette er ein viktig lærdom barn og pårørandekontakt Astrid  Swan Croucher ved Rogaland A-senter har fått gjennom sitt mangeårige arbeid med rusavhengige og deira familiar.
Hennar erfaring er at dei fleste rusavhengige i dag skjønar skadane dei påfører barn, men dei fleste maktar ikkje å ta kunnskapen inn over seg før dei kjem til behandling med mål om å bli rusfri.

I vår tid er noko av det såraste for dei rusavhengige smerta dei påfører sine næraste, og då spesielt barn, fortel Croucher.

Ho har ofte møtt rusavhengige som likevel fornektar at barna skjønar noko.


- Eg tel glasa pappa drikk

«Eg drikk jo berre om kvelden og natta», kan dei vaksne påpeika.

Og om det skulle vera slik at barnet ennå er uvitande, kan det ofte berre vera eit tidsspørsmål før barnet får vita det av nokon utanforståande. Croucher råder difor alltid foreldra til å fortelja om rusproblemet, fordi det er betra å få vita dette av dei næraste og ikkje av nokon perifere, hevdar ho.

Samtalar Astrid har med barna avdekker ofte at dei veit og skjønar meir enn foreldra trur, eller vil ta innover seg.

– Somme fortel meg at dei tel glasa faren drikk. Dei veit at drikk han så og så mange glas, blir det bråk. Denne teljinga er noko barna driv med i skjul, og dei vil ikkje at dette skal bli avslørt. Eit anna barn sa: Eg kan høyre at mamma har drukke på måten ho går på, på måten ho opnar døra, fortel ho.

Ei kvinne som blei rusfri har fortalt Astrid at det tok lang tid før barna våga å stola på henne. Hadde ho vore ute på kino med ei venninne, heldt barna seg vakne til ho kom heim. Då kom dei ut og klemde henne. Og mens dei klemde henne, sjekka dei om ho lukta alkohol. Kvinna fortalde at endåtil sjuåringen lukta etter alkohol i kaffikoppen hennar lenge etter ho hadde slutta å drikka. Då gjekk det for alvor opp for ho kva rusen hadde påført barna hennar.

– Å vera rusavhengig går alltid ut over dei næraste og kan påføra pårørande store skader, understrekar Astrid Swan Croucher.

Ho hugsar også guten som i diskusjon rundt kor lenge han og søskena burde bu i fosterheim, føreslo at dei måtte få bu vekke i alle fall eit år, for han trudde det ville gå så lang tid før mora ville greia å få til det ho hadde lova.

Det er ikkje så kjekt å gå i klubb med venninner der alle snakkar om kva barna sine driv med, når sonen din ikkje gjer stort anna enn å festa.

Heimar i kaos

Fleire barn av rusavhengige veks opp i eit kaos, og det tek gjerne fleire år før dei skjønar at i «vanlege» familiar finst det planar, det er faste måltid, lekser og fritidsaktivitetar.

Astrids oppgåve er å leggja til rette for at behandlarane av rusavhengige på A-senteret er pådrivarar for at det blir oppretta kontakt med partnar og barn.

Pårørandebrillene er på frå første stund, forsikrar ho.

Alt i henvisninga til behandling frå legen er det vårt ønske at det skal stå om pasienten har familie, om vedkommande har barn, stebarn, adoptivbarn eller yngre søsken.

Det er viktig å komma tidleg inn og hjelpa pårørande, for å  begrensa skadeverknadane av rusproblemet.

Den som er inne til behandling har rett til å nekta involvering av dei pårørande, men mange aksepterer dette.

– Eg har mange samtalar med både vaksne og unge pårørande til rusavhengige. For somme er det nok med nokre få samtalar, andre viser eg vidare til eigenterapi. Å vera pårørande til ein rusavhengig kan vera svært tøft og gå hardt ut over livskvaliteten. Det kan gå ut over svevn og sjølvkjensle. Ikkje minst er det knytta mykje skam til dette, fortel Astrid.

– Det er ikkje så kjekt å gå i klubb med venninner der alle snakkar om kva barna sine driv med, når sonen din ikkje gjer stort anna enn å festa. Då seier ein gjerne minst mogleg. Det er difor avgjerande at pårørande av rusavhengige får nokon å samtale og samhandle med. Fleire sender me også vidare til Kompasset i Sandnes og Pårørendesenteret i Stavanger, framheld ho.


Pårørande toler mykje

Croucher tykkjer ikkje dei pårørande har endra seg dei åra ho har arbeidd innan fagfeltet. Det som derimot har endra seg er fagfolk si tilnærming til pårørande. I dag veit ein at dei pårørande til rusavhengige kan bli påført store skadar, noko ingen tenkte på i særleg grad for femti år sidan, viser ho til.

– På A-senteret får pårørande råd om å ta vare på seg sjølv og ikkje innrette heile livet etter den rusavhengige. Ei slik erkjenning kan føra til at somme forlét partnaren sin, fortel Croucher.

Mange pårørande er likevel flinke å få til samvær for barna med den rusavhengige.

Ei fortalde at eksmannen fekk vera saman med barna heime hjå henne, så sant han var rusfri.

Du kan snakka til barn om alt. Det er måten det blir gjort på som er avgjerande. 

I andre tilfelle der samvær med den rusavhengige forelderen ikkje går bra, og det blir avdekka omsorgssvikt, har A-senteret meldeplikt til barnevernstenesta.

Ikkje alle forlét ein rusavhengig. Mange blir, fordi dei er verkeleg glade i den som slit og ønsker å vera til hjelp og støtte. For Croucher er det svært viktig at heile familien får hjelp i prosessen og ikkje berre den rusavhengige.

Det er viktig at dei pårørande får reflektere rundt sin eigen situasjon. Slik får dei eigne bein å stå på. Berre det å våge å snakke om problema er viktig og finne ut kven ein sjølv er opp i det heile.

Pårørandekontakten hjelper ofte foreldra i å finna måtar å fortelje barna om rusproblemet på.

– Du kan snakka til barn om alt. Det er måten det blir gjort på som er avgjerande. Det er viktig å forklare utan å skremme barna, framheld ho.
 

Ikkje snakk stygt om far

Dei pårørande har lært henne i mykje i arbeidet, slår ho fast. Ein viktig lærdom var det ei åtte år gamal jente som gav henne.

Før samtalen ho skulle ha med jenta på tomannshand, sa mora at dottera var redd for at Astrid skulle seie noko stygt om faren.

– Eg seier naturlegvis ikkje noko stygt om den rusavhengige i desse samtalane, men denne kommentaren frå mora har gjort meg medviten på å innleia desse samtalane med ei forsikring til barna om eg ikkje skal seia noko stygt om nokon. Mange av desse barna har nemleg opplevd at far eller mor er blitt baktalte av klassekameratar og andre familiemedlemmer.

– Det er difor mi oppgåve å leggja til rette slik at barnet kjenner det trygt å snakka om det vanskelege. Eg må ta regien i dette for barnet sjølv vil ikkje seie noko, men då er det viktig at eg forklarer at det å snakka om noko vanskeleg ikkje betyr at ein skal snakka stygt om nokon, poengterer ho.

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

CASEARKIVET

Her finner du varierte caser med glimt fra pårørendes møter med helse- og omsorgstjenesten. Casene avslutter med drøftingsoppgaver.
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet