Erlend Frafjord, journalist

– Me grafsar ikkje om me kontaktar pårørande

NRK-journalist Erlend Frafjord meiner mediefolk ofte ufortent får rykte på seg for å grafsa blant dei pårørande etter tragiske hendingar som drap og ulukker.
Den røynde journalisten har dekka ei rekke krimsaker gjennom si lange karriere, blant desse drapa på Tina Jørgensen og Birgitte Tengs, og no sist drapet på Sunniva Ødegård på Varhaug.


Varsemd og tid

– Media kan ikkje la vera å nærma seg pårørande i sorg og sjokk. Alt avheng av måten me tek kontakt på. Dessutan er det viktig at folk skil på det å henta inn informasjon og det å publisera informasjon. Alle journalistar har vanlegvis meir informasjon enn det som blir publisert, understrekar Erlend Frafjord.

Nøkkelordet er å opptre varsamt og ha nok tid.

– Du sit ikkje på kveldsvakt og ringer ein pårørande etter eit drap som nettopp har skjedd, og ber om ein rask kommentar, sidan du har deadline om ein time. Ventar du litt og tek deg god tid, vil du gje den pårørande ei betre oppleving. I tillegg endar du opp med eit endå betre journalistisk arbeid.

Erlend Frafjord er alltid forsiktig i si tilnærming til pårørande. Først skjer det gjerne indirekte gjennom ein bistandsadvokat.


Går ikkje på døra

– Viss eg tek kontakt direkte, sender eg gjerne ein sms eller ein e-post. Eg går aldri rett på døra og bankar på. Mi oppleving er at når eg får kontakt med pårørande så har mange behov for å formidla sorga og sjokket sjølv.

Frafjord understrekar at han i samtale med alle kjelder, også pårørande, behandlar all informasjon kjeldekritisk. Alt ein pårørande fortel blir såleis ikkje publisert. Alle journalistar har metodar for å sile ut informasjon, fortel han.

Mi oppleving er at når eg får kontakt med pårørande så har mange behov for å formidla sorga og sjokket sjølv.

For nokre veker sidan skreiv han ein artikkel om kva som skjedde den natta Sunniva blei drepen.

Den aktuelle saka blei ikkje publisert før alle pårørande i både sikta og offeret sin familie var varsla om kva som kom.

Kontakten Frafjord har med den drepte Sunniva Ødegårds familie i Varhaug-saka går gjennom bistandsadvokaten.

– Frå han har eg fått vite at eg vil få beskjed om foreldra er klar til å snakke, då prøver eg ikkje å nå familien direkte.

Erlend Frafjord fortel at bistandsadvokaten tok kontakt med dei ulike mediekanalane før gravferda til Sunniva for å sikre seg at arrangementet blei minst mogleg belastande for dei pårørande. Det blei gjort avtale om at media skulle opptre så diskret som råd.

– I etterkant fekk me vita at dei pårørande var nøgde og følte avskjeden blei dekka på ein verdig måte, påpeiker Frafjord.


Drap er ikkje underhaldning

Sjølv om Erlend Frafjord er veldig oppteken av pårørande sitt ve og vel, ser han at somme gonger må omsynet til pårørande vika.

– I det siste har eg og fleire andre journalistar skrive bøker om gamle drapssaker i von om å få ei oppklaring eller avdekka moglege justismord. Dette opplevast ofte tøft for pårørande, spesielt i saker der dei etterlatte meiner rett person er dømd. Men etter mitt syn er det viktigare å finne ut om feil person er dømd og avdekke systemsvikt hjå politiet sjølv om desse bøkene rippar opp i såra til pårørande, poengterer han.

Sjølv brukte han lang tid på prosessen med å forklare Tina Jørgensens mor kvifor han ville skrive bok om drapet. Men etter ei tid forstod ho nytten av arbeidet hans og er nå glad for at boka kom ut, fortel Erlend Frafjord.

Han dreiv nærast redaktørane sine til vanvit i arbeidet med boka.

– Eg ville nemleg at alle pårørande skulle lesa manus før boka blei trykt, slik at eg kunne gå på døra til kvar enkelt og gi dei boka i handa etterpå med godt samvit. For meg var det viktig å ta eventuelle utblåsingar på førehand og ikkje etter lanseringa. Om ikkje pårørande stod bak, ville boka mi miste mykje truverd etter lanseringa, påpeiker han.

Etter mitt syn er det viktigare å finne ut om feil person er dømd og avdekke systemsvikt hjå politiet sjølv om desse bøkene rippar opp i såra til pårørande.

– Er David kriminell???

Så vidt han hugsar har han aldri gjort nokre overtramp mot pårørande som han har angra på etterpå. Men han kan fortelja om ein episode som var nokså spesiell.

– Det var like etter Nokas-ranet i 2004. David Toska var akkurat blitt sikta i saka og me skulle finne ut meir om kven han var. Då begynte me å ringa alle som heitte Toska i telefonkatalogen. Eg enda i alle fall til slutt hjå bestemora til David Toska. Eg la fram ærendet mitt og fortalde som sant var at barnebarnet var sikta for Nokas-ranet.

Frafjord fortel at bestemora utbraut; – Er David kriminell? 

– David Toska var også før Nokas-ranet ein av Norges tyngste kriminelle med fleire dommar bak seg. Denne kunnskapen hadde tydelegvis Toska-familien skjult for bestemor. Var det då rett at ho fekk den informasjonen frå meg, har eg spurt meg i ettertid. Eller er det først og fremst familien som er å skulda her?

Erlend Frafjord meiner det kan vera lurt for familiar som hamnar i søkelyset i krimsaker eller ulykker å få tak i ein som kan hjelpa dei i kontakten med media.

– Pårørande i slike saker hamnar jo svært ufrivillig i medias søkelys. Då er det godt å ha ein person som kan ta støyten, men som også kjenner pressas rolle og kan balansere pårørande og pressa sine ønske.