Åshild Skogerbø, psykolog og spesialist i klinisk sexologi

- Pårørande til overgrepsoffer og overgriparar får ikkje nok hjelp

Påstanden kjem frå Åshild Skogerbø, psykolog og spesialist i klinisk sexologi med lang erfaring i å behandla både seksuelle overgriparar og menneske som er blitt utsette for denne type overgrep.
Sjølv har ho for det meste drive ein til ein behandling av vaksne menneske, på klinikk eller i fengsel. Dei pårørande har ho høyrt om meir indirekte. Og fleire av dei Skogerbø har møtt, har ho gitt råd om ta kontakt med Pårørendesenteret som ho er svært glad for å spele på lag med.


Systema er ikkje gode nok

– Me manglar gode system i helsevesenet for å fanga opp pårørande til både offer og overgriparar, slår ho fast.

Felles for pårørande til både offer og overgriparar er skam, skam om å snakka om det som har skjedd med mor då ho var lita jente, eller om det far har gjort.

Livskvaliteten til pårørande varierer ganske mykje, avhengig av kva miljø og kultur dei lever i. Pårørande til offer og overgriparar lever i absolutt alle samfunnslag i Norge, seier Åshild Skogerbø.


Noko skurrar

Mange av dei som er pårørande til menneske som har opplevd seksuelle overgrep veit ikkje ein gong kva mor eller far slit med. Likevel er alle i familien prega av den store og vonde løyndommen. Det er alt det usagte som etter kvart skaper ei kjensle av at noko ikkje stemmer, forklarer psykologen. Kanskje gjennom måten mor eller far stiller seg til kropp og nærkontakt.

Ein studie viser at det i gjennomsnitt går over 17 år før eit overgrepsoffer fortel nokon andre om det som har skjedd. På denne tida får mange offer eit utviklingstraume. Dei kan få mange psykiske og fysiske lidingar som på ulikt vis vil prega kvardagen til dei som lever nær.

Somme pårørande opplever også å få løyndommen servert brått og brutalt ved at den overgrepsutsette «sprekk» og ikkje greier halda alt det vonde for seg sjølv lenger.

Pårørande kan ifølge Åshild Skogerbø ofte oppleva ei hjelpeløyse om dei oppsøker fagfolk å snakka med.

– Me må hugse at det kan vera tøft å nærma seg seksuelle overgrep for fagfolk også. Ofte skortar det både på tid og kunnskap, fortel Skogerbø.

Mange fortrenger slike opplevingar i årevis, somme eit heilt liv. Forsking har vist at eit heilt konkret og direkte spørsmål vil få svært mange til å opna seg.

Me manglar språk
Korkje medisin- eller psykologistudiet har obligatoriske timar innan sexologi, dette er berre eit valfag for spesielt interesserte.

Dermed blir denne sida av pasientar og pårørande sitt liv ikkje alltid tilstrekkeleg i varetatt, meiner ho.

– Det seksuelle er noko me manglar eit tilgjengeleg språk for. Me har ikkje ord nok. Endåtil kvardagsseksualitet har dei fleste av oss lite språk for. Tenk deg då kor vanskeleg det blir når ein skal snakka om sex forbunde med overgrep og krise? Det er langt enklare for oss å finna ord om somatiske tilstandar, enn å snakka om overgrep av denne typen. Difor kan det bli ganske taust mellom pasient og behandlar og mellom familiemedlemmar om slike tema, forklarer ho.

Åshild Skogerbø fortel at forsking har vist at ein ikkje skal gå rundt grauten når det gjeld seksuelle overgrep.


Ikkje gå rundt grauten

– Det betyr at me som fagfolk skal spørja pasienten direkte om han eller ho har blitt utsett for seksuelle overgrep. Me skal også ha mot og kunnskap til å gå i djupna og be om detaljar om handlingar og omfang.  Det er viktig for behandlinga at ein er konkret og ikkje berre omtalar fenomenet seksuelle overgrep.

– Mange fortrenger slike opplevingar i årevis, somme eit heilt liv. Forsking har vist at eit heilt konkret og direkte spørsmål vil få svært mange til å opna seg. Eit slikt direkte spørsmål kan pårørande også veldig gjerne prøva seg på om dei har mistanke om at noko slikt kan ha skjedd med ein dei lever nær, er rådet frå Skogerbø.

Men ofte har pårørande ingen mistanke om kva som ligg bak utfordringane til den overgrepsutsette, legg ho til.

Mor og far sitt forhold til kropp og intimitet blir ofte ført vidare til barna.

Mange som har opplevd overgrep som barn må læra å kjenna sin eigen kropp på nytt som vaksne.

Overfører skam til barna

Foreldre som har opplevd seksuelle overgrep overfører ofte sitt trøblete forhold til seksualitet over på barna. Korleis ein snakkar om og stiller seg til seksualitet avheng av kva forhold den enkelte har til sin eigen seksualitet. Difor kan det bli rigid og tilknept og skamfullt om temaet i familiar der ein av foreldra har opplevd seksuelle overgrep, fortel Åshild Skogerbø.

– I behandlinga er det viktig å skilje mellom kva som er pasientens forhold til sex og kva som er andre si tilnærming til seksualitet. Mykje går på språk og haldningar til det me snakkar om, minner ho om.

Skogerbø er oppteken av å få folk tidleg til behandling. Det er viktig for dei utsette å få arbeida seg gjennom skamma og plassera ansvaret for det som skjedde der det høyrer heime, hjå overgriparen.

– Mange som har opplevd overgrep som barn må læra å kjenna sin eigen kropp på nytt som vaksne. Overgrepa gjer ofte at dei ikkje har noko naturleg forhold til sex og kropp. For dei er sex noko dei må, ikkje noko dei likar. I behandlinga arbeider me med å få den utsette til å skilja mellom korleis det var før og nå. Me er også opptekne av at dei ikkje skal overføra sine seksuelle sperrer til eigne barn, og slik hindra deira seksuelle utvikling og sjølvstimulering, forklarer Åshild Skogerbø.


Kvifor er mor slik?

Det er også viktig at pårørande kan forstå kvifor visse situasjonar er som det å bli tatt på, er vanskeleg for den overgrepsutsette.

For den overgrepsutsette forelderen er det viktig å gi ei alderstilpassa framstilling til barna av det han eller ho har opplevd.

Pårørande til seksuelle overgriparar opplever også store påkjenningar og skada familiestrukturar. Lovbrytarane får sitt behandlingsopplegg, barna som har far eller mor i fengsel har ikkje eit tilsvarande system som fangar dei opp, fortel Skogerbø.

– Korleis livet blir for desse pårørande avheng til ein viss grad av forbrytinga sin natur, om det er incest innan familien eller valdtekt utanfor familien, seier Skogerbø.

Men skam og fornekting er noko som ofte går igjen, både hjå overgripar og familiemedlemmar. Også her er livsvilkåra til overgriparane og deira pårørande veldig varierande, fordi seksuelle overgrep, i motsetnad til dei fleste andre forbrytingar som fører til fengsel, skjer i absolutt alle samfunnslag.

 

Dette livet kor dårleg det enn er, er den einaste form for tilvære dei kjenner.

Kvifor bli hjå ein overgripar?

Ein person som veit at ektefellen har forgripe seg mot barna og likevel blir i ekteskapet, har ofte vald å fornekta. Men dette vil av barna seinare bli oppfatta som eit svik av ein som eigentleg skulle vore beskyttar. Eit slikt svik kan det vera vanskeleg å reparera.

Skal ein komma vidare er det avgjerande at den som valde å bli, forstår mekanismane som gjorde at ein valde denne løysinga. Og barna på si side må forklarast korleis mor eller far tenkte, og kanskje prøva å forstå og akseptera, sjølv om dei ikkje greier tilgi. Men somme gonger kjem temaet opp når foreldra er svært gamle, og då er det ikkje alltid det har noko for seg å gå inn i djupna, seier ho.

– Ein del som er vaksne opp i miljø med mykje vald, rus eller overgrep, har ein tendens til å hamne i liknande familie-situasjonar sjølv. Dette livet kor dårleg det enn er, er den einaste form for tilvære dei kjenner. Dette er noko dei «kan», å bryte band ved å flytte ut kan for mange kjennast altfor utrygt, forklarer Skogerbø.


Ny jobb

Ho arbeider no som poliklinikkleiar ved BUP Madla. I denne jobben er ho mykje meir i direkte kontakt med pårørande, noko som er naturleg sidan pasientane er under 18 år.

– Då er det både naturleg og viktig å involvera dei næraste, seier ho.

I 2010 blei det gjort ei lovendring i Helsepersonellova og Spesialisthelsetenestelova som seier at barn og søsken av sjuke, det vera seg innafor rus, psykisk helse eller somatikk, skal få oppfølging om dei treng det.

Lova krev at helsepersonell identifiserer barna, gir informasjon til familiane og sikrar informasjon til kommunale tenester og oppfølging. Så hvis mor eller far er utsette for overgrep og er pasient innan rus, psykisk helsevern eller somatikk, så skal barnas situasjon bli vurdert.

– På dettet feltet meiner eg me som fagfolk må bli mykje betre. Denne lova eit viktig steg på vegen i så måte, seier Åshild Skogerbø.

 

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

CASEARKIVET

Her finner du varierte caser med glimt fra pårørendes møter med helse- og omsorgstjenesten. Casene avslutter med drøftingsoppgaver.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet