j%c3%a6ren dps

← Gå tilbake

- Jæren DPS ønsker å bli betre på pårørandearbeid

Det er både direktør Nina Bolme Steinsholt og senterets pårørandekoordinator, Bjarne Lemvik, samde om.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Dagleg leiar ved Pårørendesenteret, Unn Birkeland (t.v) hjalp nyleg tilsette ved Jæren dps å tenkja høgt om pårørandearbeidet sitt. Her står ho saman med pårørandekoordinator Bjarne Lemvik og direktør Nina Bolme Steinsholt.

Visjonen til Jæren DPS er at pårørande skal kjenne seg som ein verdsett samarbeidspartner for føretaket.

– Ordet partner signaliserer likeverd, forklarer Lemvik.

For å få hjelp til å bli betre å møta pårørande, har dei leigt inn Pårørendesenteret for å stilla dei viktige spørsmåla som får dei tilsette til å reflektera rundt eigen praksis og gir idear til forbetringar. Også dagleg leiar Unn Birkeland ved Pårørendesenteret lanserte ein del innspel for framtida under dagsseminaret med dei tilsette ved Jæren distriktspsykiatriske senter.


Kva gjer de og kvifor?

Dagen blei brukt til å gå gjennom pårørandearbeidet ved senteret, punkt for punkt.

Kva gjer de? Kvifor gjer de akkurat dette?

Er arbeidet i tråd med lovverk og pårørandeveiledar?

Dette er det første helseføretaket innen spesialisthelsetenesta Pårørendesenteret yter hjelp til. Frå før har Pårørendesenteret ytt hjelp til fleire kommunar rundt om i Norge, og vil også i tida framover reisa rundt og hjelpa ulike aktørar med å meisla ut ein pårørandestrategi.

Pårørandekoordinator Bjarne Lemvik seier Jæren DPS har som mål å bli betre på alt pårørandearbeidet sitt.

– Målet er å bli endå meir offensive i høve til pårørande. Me meiner sjølv me har gode rutinar og system for arbeidet med barn som pårørande. Me ønskjer å samordne arbeidet til dei ulike pårørandegruppene, slik at alt pårørandearbeid er retta mot same mål og byggjer på same verdiar.
 

Eg trur framleis det er enklare å seie at du har ei
dotter på kreftavdelinga, enn det er å fortelje at
dotter di er på Jæren DPS.

– Bjarne Lemvik, pårørandekoordinator

– Me må kunna dra vekslar på barnearbeidet vårt slik at me blir betre i samarbeidet med alle pårørande. Målet er å vera gode på å møta alle pårørande og å få alt me gjer sett i system, slik at pårørandearbeidet ved Jæren DPS heng saman. Det handlar om spesifisering og synleggjering, å setja ord på arbeidet som blir gjort, fortel Lemvik.


Den moderne storfamilien

For å kunna hjelpa pårørande må ein først finna ut kven dei pårørande er. Det er ikkje alltid innlysande kven som har denne rolla, minner Unn Birkeland om.

– Og de må ikkje gløyma stebarn eller fosterbarn. Alle som er med i ein moderne familiesetting må med, presiserer ho.

Ektefelle eller foreldre treng ikkje vera den som er viktigast for den sjuke. Det kan i somme tilfelle like gjerne vera sjefen, naboen over hekken eller treningskompisen.

Både Nina Bolme Steinsholt og Bjarne Lemvik seier pårørandearbeid er særs viktig innan psykiatrien.

– Både fordi pårørande til psykisk sjuke ofte må stå i rolla over lang tid. Dei pårørande er ofte dei som kjenner pasienten best og som ønskjer å halde ut påkjenningane saman med den som lid. Det er viktig for oss å hjelpe pårørande til å halde ut å vere pårørande. Helsepersonell kan ikkje erstatte den rolla.
 
Begge erkjenner også at det for mange kan vera ekstra tøft å vera pårørande til nokon som er psykisk sjuk.

– Eg trur framleis det er enklare å seie at du har ei dotter på kreftavdelinga, enn det er å fortelje at dotter di er på Jæren DPS, påpeiker Lemvik.


Etiske dilemma og teieplikt

Tilsette ved Jæren DPS møter mange pårørande som har stått i pårøranderolla over land tid. Det er viktig å møta desse med omtanke og gi dei kunnskap både om sjukdommen til pasienten, men også om korleis dei sjølve best mogleg skal kunna ta vare på seg sjølv oppi det heile.

Etiske dilemma knytta til pårørande og teieplikt, tvang og samtykke var eit sentralt tema under seminaret.

Kva informasjon kan de gi til pårørande til ein pasient som ikkje har samtykkekompetanse?

Korleis går dei tilsette ved Jæren DPS inn i slike saker utan å bryte dei etiske retningslinjene?

Steinsholt fortel at etiske dilemma blir tatt opp på tverrfaglege behandlingsmøte. Er det behov for ytterlegare rådgjeving, kan ein kontakte sjefpsykolog, sjeflege eller tilsynsstyresmakter.

– Problemstillingane kan vera store, men på senteret har me kort avstand mellom dei tilsette. Me veit kven me skal snakka med når ei sak oppstår. Me ser at det kan vera lurt å skriva ned ein prosedyremal som alle kjenner til, erkjenner Lemvik. 


Å dra inn pårørande

Under fagdagen kom det fram at dei ulike avdelingane har litt ulik praksis for deler av pårørandekontakten. Somme har sjekkliste for pårørande, andre har ikkje,

Det varierer også litt kva type informasjonsmateriell dei pårørande får. Somme stader får dei ei mappe, medan andre gir ut ein brosjyre. Akutteamet gir pårørande eit visittkort som er enkelt å stappa i lommen med den aller viktigaste informasjonen.

Her kan praksis samordnast, og gode tiltak overførast til andre avdelingar, blei det tatt til orde for.
 

De må ikkje gløyma stebarn eller fosterbarn.
Alle som er med i ein moderne familiesetting må med.

– Unn Birkeland, dagleg leiar på Pårørendesenteret

Jæren DPS har vurdert å ha ei eiga pårørandeundersøking. Unn Birkeland utfordrar føretaket på å fatta ei endeleg avgjerd på dette i løpet av året.

Ho lurer også på om nettsidene til Jæren DPS er gode å finna fram i for pårørande?

Kan noko av arbeidet ved Jæren DPS bli meir synleggjort?

Finn pårørande nyttige lenker til andre relevante organisasjonar?

Kva med å lage ein eigen film til nettsida, mynta på pårørande, føreslo ho.

Eit anna tema var korleis dei tilsette møter pårørande på telefon og i samarbeidsmøte?

Det blei notert at Jæren DPS kan bli flinkare til å dokumentera kva tema som blir tekne opp under desse telefonsamtalane og møta.

For ambulante tenester kan det av og til vera naturleg å kontakta pårørande ved heimebesøk, men det er ikkje automatikk i dette. Nokre gonger er det naturleg å ta pårørande med i samtale med pasient.

I ein diskusjon kom det fram at det ikkje kjennest naturleg å gripa tak i pårørande som kanskje berre er innom på sengeposten for å levera noko til pasienten. Somme tilsette meiner også det er viktigare å snakka med pårørande saman med pasientens behandlar, enn under eit besøk.


Kven ser barna?

Barn som pårørande blei eit sentralt tema.

Unn Birkeland lurte på korleis dei barneansvarlege ved senteret blir oppdaterte og kva dei er opptekne av?

Det kom fram at ved ein sengepost går dei tilsette kvar veke gjennom lista over pasientar og ser kven som har barn og sjekkar kva hjelp det enkelte barn får.

Samstundes kom det fram at kartlegging av barn blant pasientane ikkje er like høgt prioritert blant alle tilsette.

– Somme gjer det alltid, andre aldri, sa ein.

Unn Birkeland minna om at sjølv om senteret har barneansvarlege skal alle som arbeider her kunna ha samtalar med barn, for det er jo ikkje alltid barneansvarleg er på jobb.
 

Er det brød i skuffa?
Kven vaskar gymtøyet?
Kven køyrer på trening?

– Unn Birkeland, dagleg leiar på Pårørendesenteret

Også Bjarne Lemvik åtvarar mot at det å ha barneansvarlege ikkje må bli noko sovepute for resten av staben.

– Dei barneansvarlege skal gjere alle tilsette betre til å sjå barna og å snakka med dei, seier han.


Kven vaskar gymtøyet?

Det blei også nemnt at ei sjekkliste eller intervjuguide bør brukast i samtalar med barn, til dømes rettleiaren frå organisasjonen Barns Beste.

Unn Birkeland seier at barn ofte har heilt handfaste bekymringar når mor eller far er sjuke.

– Er det brød i skuffa? Kven vaskar gymtøyet? Kven køyrer på trening?

– Korleis sikrar Jæren DPS at barna sine behov blir ivaretekne? For barn er det viktig å vite at ein vaksen veit om situasjonen deira.

Jæren DPS har tett samarbeid både med helsesøster og skule. Men samarbeidet kan bli vanskeleg dersom pasienten ikkje samtykker i at helsesøster blir kontakta, seier direktør Steinsholt.

Ho legg til at Jæren DPS har låg terskel for å melde barnevernet om barns behov ikkje blir oppfylte. Det er og viktig å snakke med pasienten om kor viktig det er at barn får informasjon og eventuelt hjelp frå andre.

– Barn til psykisk sjuke kan ofte ha problem med å forstå kva sjukdom mor eller far har, fordi dei ikkje ser noko sår på magen eller ein brekt fot, difor er informasjon ekstra viktig for denne gruppa, legg direktøren til.