bergem-anne-kristine eivind-mo-andreassen

Både kreft og drap gjer barn til pårørande

Kven er barn som pårørande? Det kan vera eit barn som har ei mor med kreft, men det kan også vera eit barn med mor i fengsel.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Frilansjournalist
Barn som pårørande i vidaste forstand vil stå sentralt i psykiater Anne Kristine Bergem sitt føredrag under Pårørendekonferansen 2018 i Sandnes denne veka.

Bergem har via store delar av sitt yrkesaktive liv til å tala barn som pårørande si sak og har mellom anna skrive fleire bøker om temaet.


Dramatisk død

Barn som pårørande kan anten ha eit søsken eller ein forelder med psykisk eller fysisk sjukdom, rusproblem eller andre funksjonsnedsettingar. Men omgrepet gjeld ifølge Anne Kristine Bergem også barn som har foreldre i fengsel og barn som opplever død, anten døden er naturleg eller skuldast ei kriminell handling, som til dømes i saker der barnet opplever at far drep mor.

– Sistnemnte gruppe blir jo pårørande i dobbelt forstand sidan mor døyr og far hamnar i fengsel, påpeiker Bergem.

Det er også viktig å hugse på at barn kan vera pårørande til andre enn dei biologiske foreldra sine. Dei kan like gjerne vere pårørande til adoptiv, ste- eller fosterforeldre, minner ho om.


Finn barna

Lova som kom i 2010 krev at helsepersonell alltid finn ut om ein pasient eller brukar har mindreårige barn eller søsken.

– Spørsmålet helsepersonell må stille seg, er om det er nokon barn som er berørt av det som skjer nå? Dersom eit barn er berørt av sjukdom, død eller andre dramatiske omstende, har helsepersonell ei plikt til å syte for at barnet blir ivareteke, understrekar Anne Kristine Bergem.

Plikta til å ivareta barn som pårørande er nedfelte både i lova om helsepersonell, i lova om spesialisthelsetenesta og i forskrift om straffegjennomføring.

– Det betyr at både helsepersonell og tilsette i kriminalomsorga har plikt til å finne ut om det finst mindrårige barn rundt den enkelte pasient eller fange. Samstundes vil eg nemna det moralske ansvar me alle har for å bry oss om barn i vanskelege situasjonar, poengterer ho.

Spørsmålet helsepersonell må stille seg, er om det
er nokon barn som er berørt av det som skjer nå?


Ei kartlegging kalla Multisenterstudien frå 2015 med Torleif Ruud som redaktør, viste at det er 29 000 vaksne pasientar i psykisk helsevern som har omsorg for barn under 18 år.

5000 vaksne med barn er innafor tverrfagleg rusbehandling og heile 120 000 pasientar innafor somatiske helsetenester har omsorg for mindreårige barn, viser denne studien.

– Tala er truleg mykje høgare, og kvar forelder i studien kan også ha fleire enn eit barn, seier Bergem.


Fengsel og kreft

Kvart år opplever dessutan mellom 6–9000 barn at ein forelder hamnar i fengsel. Mellom 3500 og 4000 barn opplever kvart år at ein av foreldrene får kreft.

For Anne Kristine Bergem er det viktig at ein har fleire tankar i hovudet samstundes når ein yter omsorg overfor barn som pårørande.

– Det er spesielt tre felt som er viktige. For det første må ein syte for å få til ein bra omsorgssituasjon for barna ved akutt sjukdom. Samstundes må ein syte for at barna får tilrettelagt informasjon om det som har skjedd og syte for at foreldra får hjelp og støtte til tross for sjukdom eller andre ting som har hendt. Ofte tenkjer ein først på å støtta foreldra, men ein kan ikkje sjå bort frå barnas behov for informasjon her og nå, seier Anne Kristine Bergem.

Ved sjukdom må barna få vita kva sjukdom det dreier seg om og kva konsekvensane av dette kan bli.

– Dersom barn ikkje får vita blir dei overletne til eigen fantasi og spekulasjonar. Di yngre barna er, di meir konkret må informasjonen vera. Og alt du seier til barnet må vera sant, så må ein vurdera mengde og detaljnivå ut frå barnets alder, framheld ho.

Dersom ein femåring opplever at far tek livet sitt, er det ingen annan løysing enn å fortelja det vesle barnet sanninga, seier Bergem.


Gi barnet sanninga

– Sanninga skal ikkje endra seg, slik at femåringen får vita at far døydde av hjartestans, mens han ti år seinare får vita at faren døydde som følgje av sjølvmord. Me må vera ærlege og opne sjølv om det betyr at me må ut av komfortsona. Barn kan handtera mykje viss informasjonen kjem frå vaksne dei stolar på og kjenner seg trygge med, understrekar ho.

Ofte tenkjer ein først på å støtta foreldra, men ein kan
ikkje sjå bort frå barnas behov for informasjon her og nå.


Dersom vaksne «skåner» barna for sanninga, kan barnet seinare når det finn ut kva som eigentleg skjedde, kjenna på at den som «pynta på» det som skjedde, har svikta. Å mista ein forelder er ille nok om ein ikkje også skal mista tilliten til andre vaksne også, minner Bergem om.

I føredraget sitt vil ho dela historiar om det å snakke med barn. Ho vil trekkje fram både gode og dårlege eksempel.

– For meg er det viktig å fortelje historier som berører fordi dei gir folk lyst til å engasjere seg.Ho meiner alle kan vera med og gjera livet for barn som pårørande lettare. Du treng slett ikkje vera nokon ekspert.


Alle kan hjelpa

– Uansett kven du er kan alle vera med og gjera ein forskjell i eit barns liv. Å møta ein vaksen som spør korleis ein har det gjer at barnet føler seg sett, og dei treng å bli sett. Ofte kan det vera godt å snakka med nokon andre enn foreldra om det dei opplever. For barn er lojale mot foreldra, å snakka med nokon utanforståande kan kjennast friare.

Sjølv om dei er ei enormt stor gruppe går desse
barna ofte rundt med ei kjensle av å vere annleis.


Bergem seier det også er viktig for barn som er pårørande å treffa andre i same situasjon.

– Sjølv om dei er ei enormt stor gruppe går desse barna ofte rundt med ei kjensle av å vere annleis. Å møte andre som er pårørande kjennest då befriande. Barnet får stadfesta at det ikkje er åleine om å ha det slik.

Helsevesenet blir stadig flinkare til å ta vare på barn som pårørande, men Anne Kristine Bergem meiner ennå altfor mykje er basert på eldsjeler. Studiar viser også at det er stor variasjon i kva system helsepersonell har for å handtere barn som pårørande.

Helsepersonell manglar også tid og kompetanse viser kartleggingar.

– Å ta vare på barn som pårørande må bli ein ryggmargsrefleks, og då må arbeidet inn i eit system, slik at omsorga barnet får ikkje avheng av enkeltpersonar, seier ho.

Ei spesielt sårbar gruppe er barn som blir pårørande etter grov kriminalitet som til dømes drap og seksuelle lovbrot.

Dersom du er redd for å seie noko feil i møte
med barnet, så sei det. Sei at du er redd, men
at du ønsker å vera trygg og varm.

Akutthjelp, men kva så?

– I den første fasen får gjerne barnet mykje hjelp, anten frå det kommunale kriseteamet og barnevernet, men det finst ikkje noko system som følger opp desse barna over tid. Mange må kanskje flytte, bu på hemmeleg adresse, eller opplever å bli skilt frå søsken fordi få fosterheimar tek i mot søskenflokkar.

Bergem skulle ønske styresmaktene kunne ta eit spesielt oppfølgingsansvar for nettopp desse barna.

– Dei er ikkje så mange kvart år så kostnadene ville blitt overkommelege for staten, meiner ho.

Kriminalomsorga har plikt til å vurdera om dei innsette i fengsel har mindreårige barn, men mykje er samtykkebasert, så viss den fengsla ikkje ønsker det, kan kriminalomsorga ikkje ta kontakt med resten av familien.

Gjennom organisasjonen For fangers pårørende kan barn få hjelp via telefon. Interesseorganisasjonen tilbyr også ulike samlingar og fritidsaktivitetar. Det opplevest spesielt tøft for barn som har foreldre som har gjort seksuelle overgrep, ifølge Bergem.


Å teie hjelper ikke

– Men det betyr ikkje at situasjonen blir noko betre av at ingen snakkar om det med barnet. Nokon må hjelpe barnet med å finna ein samanheng og ei forteljing det kan leve med, påpeiker Anne Kristine Bergem.

Barn med ein forelder i fengsel har behov for å høyre at det er lov å vera glad i ein som har gjort noko gale.

Nokon må hjelpe barnet med å finna ein
samanheng og ei forteljing det kan leve med.


Desse barna treng ofte også å høyra at dei ikkje er foreldra sine, men sjølvstendige individ utan ansvar for det som har skjedd.

Ein del barn til innsette kan også bera på frykt for at dei vil gjera dei same lovbrota som vaksne.

– Nokon må snakka med barna om desse tinga sjølv om det slett ikkje er enkelt. Omsorgspersonar til barn med ein forelder i fengsel har ei tøff oppgåve, vedgår ho.

Ho oppmodar både helsepersonell og andre om å vera modigare i møte med barn som pårørande. Å gå ut av komforsona er ingen ting i mot barnet som resten av livet skal måtta leva med eit stort tap, minner ho om.


Våg å vere usikker

– Dersom du er redd for å seie noko feil i møte med barnet, så sei det. Sei at du er redd, men at du ønsker å vera trygg og varm. Slik tek du ansvar for di eiga usikkerhet. Det er betre enn å ikkje seie noko i det heile. Barn er ikkje så kritiske, det skal svært mykje til for å gjere vondt verre, viss du viser at du bryr deg og barnet forstår at du er til å stola på.

Det viktigaste for barna som opplever sjukdom og krise er å møta trygge vaksne som tør å strekka seg og snakka med barnet om kjensler og få det til å forstå at ingenting er farleg å snakka om, avsluttar ho.

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

CASEARKIVET

Her finner du varierte caser med glimt fra pårørendes møter med helse- og omsorgstjenesten. Casene avslutter med drøftingsoppgaver.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet