gunn tove minde

Kva gjer ei dotter når den sjuke faren vil ha henne heim?

Gunn Tove Minde er ei høgt utdanna samisk kvinne. Far hennar ivra for at både ho og søstera skulle ta akademiske utdanning, til liks med sønene. Men då faren blei gamal og sjuk, ønskte han at Gunn Tove skulle komma heim og ta seg av han. Nett slik tanta til Gunn Tove hadde gjort på 50-talet, noko som gjorde at ho blei økonomisk avhengig av slekta resten av livet.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist

Gløymde det moderne

– Far ønskte at eg anten skulle slutta i jobben eller ta fri. Han som heile livet hadde levd etter moderne ideal, viste seg å ikkje vera så moderne i alderdommen. Eg kunne få permisjon utan lønn frå arbeidsstaden min, men det hadde eg ikkje råd til. Ei anna løysing var å bli sjukmeldt, men det ville vore juks, fortel Gunn Tove Minde som er førstelektor ved Institutt for vernepleie, ved Universitetet i Tromsø.

Ho drog ikkje heim og stelte for faren den siste tida før han flytte på sjukeheim, men ho var titt og ofte og besøkte han.

– Forholdet mellom oss blei ikkje øydelagt, far skjønte jo at det var nye tider, men hendinga blei ein tankevekkjar for meg og stadfesta noko eg visste, at spesielt jenter frå minoritetskulturar kan hamna i ein stor lojalitetskonflikt når foreldra bli gamle og forventar pårørandeomsorg, seier Minde som har forska på emnet i over 20 år.
 

 

Far ønskte at eg anten skulle slutta i jobben eller ta fri.
Han som heile livet hadde levd etter moderne ideal, viste
seg å ikkje vera så moderne i alderdommen.


Samar og innvandrarar

Førebels er det den samiske kulturen ho har konsentrert seg om, men nå vil ho saman med professor Ursula Småland Goth og førsteamanuensis Miroslava Tokovska ved VID vitenskapelige høgskole gå i gong med eit breiare forskingsprosjekt der det fleirkulturelle aspektet også vil handla om innvandrarar.

– Når eg reiser rundt og snakkar om dette, merkar eg at temaet vekkjer gjenklang spesielt hjå menneske på Sørlandet og Vestlandet. Det eg opplevde i mitt samiske miljø har mange fellestrekk med det som skjer i andre små og tradisjonelle samfunn der religion står sterkt. Verdisynet er i mange tilfelle nokså likt, har eg fått inntrykk av.

Gunn Tove Minde fortel at framleis står mange samiske jenter og kvinner i den same lojalitetskonflikten som ho gjorde for mange år sidan. Og mange flyttar heim til gamle foreldre.

Der opplever  mange at samspelet med heimetenestene kan bli konfliktfylt. Mange eldre frå den samiske kulturen er veldig tilbakehaldne og vil ikkje ha så mykje hjelp utanfrå, fortel ho.


Samane får mindre hjelp

Minde har funne ut at samiske innbyggarar får mindre hjelp frå det offentlege hjelpeapparatet. Dei eldre samane er ofte også skeptiske til å ta i mot hjelp og har ikkje lyst å flytta på sjukeheim.

Dermed blir det meir å gjere for dei pårørande, som ofte slit seg ut, påpeiker Gunn Tove Minde.

Og når den pårørande er utsliten skal det ikkje så mykje til før det kan skjera seg med dei tilsette i heimetenestene, som kanskje kjem med innspel den pårørande tek ille opp, fortel Minde.
 

Det eg opplevde i mitt samiske miljø har mange 
fellestrekk med det som skjer i andre små og 
tradisjonelle samfunn der religion står sterkt.


– Ei eldre samisk kvinne eg kjenner til døydde truleg fordi ho tok seg så nær av konflikten dottera hadde med dei tilsette i heimetenesta. Det seier ganske mykje om kor intenst dette er.

Gunn Tove Minde etterlyser ei meir personsentrert og  kultursensitiv omsorg frå hjelpeapparatet, slik at også menneske med minoritetsbakgrunn kan kjenne seg ivaretekne og føla at deira livshistorie er viktig.

Det bør vera eit mål uansett om det er aldrande innvandrarar eller menneske med annan minoritetsbakgrunn, fordi ei slik tilnærming vil gje betre omsorg til alle, understrekar Minde.


Kultursensitiv omsorg

Ho har sjølv jobba tett på fleire av desse gamle og sett korleis denne gruppa forfell veldig fort når dei kjem på sjukeheim. Men viss dei fekk komma heim til sitt eige kulturlandskap eller på besøk til ein eigen kulturinstitusjon tilpassa denne gruppa, så blomstra dei opp både fysisk og mentalt, har Minde dokumentert.

– Då gjekk dei ut av pasientrolla og byrja å fortelja om sin bakgrunn. Det viser meg kor viktig det er å tilpassa miljøet slik at folk med ulike bakgrunn kan føle seg heime.

Gunn Tove Minde har vore ein pioner i å fronta kulturtilpassa omsorg, og har på kroppen kjent på det å vera ein minoritet. Nå skal omsorg for urfolk inn som eit nytt kriterium i helse – og sosialutdanninga i Norge.

– Det er ikkje lett å ta inn ny kunnskap om minoritetar. Majoriteten har så lett for å gå i forsvarsposisjon, bli hårsåre og forsvara seg med at ein gjer så godt ein kan og alt i beste meining, seier ho.

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

CASEARKIVET

Her finner du varierte caser med glimt fra pårørendes møter med helse- og omsorgstjenesten. Casene avslutter med drøftingsoppgaver.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet