shk full kopi

Våg å bry deg om barna

Stortingsrepresentant Solveig Horne (Frp) meiner mange, både helsepersonell og privatpersonar, har altfor lett å skugga unna barn i krise.
heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Frilansjournalist
– Me er usikre på kor nært me kan gå, kor mykje me kan bry oss. Kva kan me gjera og seia? Det er også fort gjort å tenkje at andre tek hand om barnet. Men tenkjer alle slik, blir jo ingenting gjort, seier ho.

Horne ble bedt om å helde føredrag om familiar i krise og barn som pårørande under Pårørendekonferansen i Sandnes denne veka, men måtte melde avbud. Føredrag med samme tema vil i staden haldast av Jon Aarsland.


Korleis går det?

– Eg trur det er vanskelegare å trø inn i folks private sfære enn før. I dag har folk i nabolaget nok med seg sjølv, me har travle liv og har få naturlege møtepunkt. Eit «hei» til naboen ved bosspannet gjer ikkje at du veit korleis han har det heime i familien, påpeiker ho.

Solveig Horne er opptekne av at alle, både tilsette i helsevesen, barnehage/skule og «vanlege» menneske blir flinkare til å sjå barna når ei krise rammar ein familie.

I føredraget vil ho snakka litt om kva tiltak som finst for familiar i krise og trekkjer spesielt fram familievernkontora som ei skattkiste i så måte.

Horne seier det kan gå veldig gale med barn som ikkje blir sett når krisa rammar. På konferansen vil ho fortelje om barn som opplevde at begge foreldra blei alvorleg sjuke samstundes. Alle rundt var først og fremst opptekne av å passa på foreldra, konsekvensen var at barna sine behov ikkje blei sett.

– Barn i krise har ofte svært ulike måtar å uttrykka seg på. Det er ikkje alltid så lett å få auge på kor tøft eit barn har det ved første augnekast, for det er ikkje sikkert barnet seier så mykje, minner Solveig Horne om.

Det er også fort gjort å tenkje at andre tek hand
om barnet. Men tenkjer alle slik, blir jo ingenting gjort.

– Stortingsrepresentant Solveig Horne


Våg å spørja

Ho viser til at det kan vera tøft å våga og stilla barna vanskelege spørsmål. Du kan også vera redd for svaret du får. For kva gjer du med svaret?

Horne meiner det er eit leiaransvar i skule og barnehagar å gje alle tilsette – frå vikarar, assistentar til pedagogiske leiarar og lærarar – tryggleik på at om dei får vita at eit barn er i krise, så skal dei få hjelp av kollegaer til å handtera det som skjer og få visse om at det barnet har fortald, vil bli følgt opp.

– Det er også viktig å minne om at dersom eit barn til dømes fortel ein barnehagetilsett om seksuelle overgrep, så har den tilsette ei plikt til å melde frå, denne plikta trumfar teieplikta, understrekar Horne.

Sjølv har ho ikkje vore pårørande som barn i alvorleg grad.

– Men eg hugsar då mor mi spontanaborterte. Eg og søskena mine hadde gleda oss til å få eit søsken og me lurte fælt på kva som skjedde. Eg hugsar ennå den kjensla av å ikkje få vita kva som eigentleg skjedde, seier ho.


Forklar og ro ned

For barn er ofte ordet sjukdom synonymt med noko veldig alvorleg. Det treng ikkje alltid vera slik. Det er då viktig at nokon har tid til å roe ned situasjonen og gi barna skikkeleg informasjon. Barn tåler å få vita, det er verre å ikkje vita, understrekar Horne som er medlem av Stortingets justiskomité.

– Mange barn kunne fått ein betre barndom om dei hadde fått hjelp gjennom krisa. I verste fall kan barn som ikkje får oppfølging hamna opp i kriminalitet. Fleire av dei eg har møtt har ein tung historie bak seg, fortel ho.

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

CASEARKIVET

Her finner du varierte caser med glimt fra pårørendes møter med helse- og omsorgstjenesten. Casene avslutter med drøftingsoppgaver.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet