Mange pårørande står dagleg i store frustrasjonar og vanskar fordi menneske med alvorleg sjukdom eller kognitiv svikt, som til dømes demens, mistar BankID-en sin. Pårørendesenteret blir regelmessig kontakta av pårørande som strevar med digital identifisering på vegner av andre.
Fleire av dei eldre i Norge har heller aldri hatt tilgang til BankID, korkje på app eller via kodebrikke, noko som gjer det tungvint å få innsyn i opplysningar om skatt, helse og banktenester med meir, både for den som treng hjelp og dei pårørande. BankID blir i stor grad brukt av det offentlege til legitimasjon, og det er i denne kryssbruken av identifisering det kan oppstå problem for pårørande.
Hanne B. Hjemgård har tatt på seg å vera bindeleddet mellom sine analoge foreldre og det offentlege, men det har vore ei tung løype å gå opp, for det finst ingen fasit, berre eit vell av ulike fullmakter å forhalda seg til, slår ho fast, ikkje utan så reint lite frustrasjon.
Ifølge Hjemgård var dei for seine med å laga til framtidsfullmakt, difor blir administreringa av foreldra sin kontakt med det offentlege ekstra strevsam. Noko får Hanne skrive ut på papir til dei, eller til eiga e-postadresse, med ingenting skjer utan mødesamt arbeid og mange telefonar.
– Ei slik nettside ville kunna forhindra at pårørande blir totalt utslitne, og føra til at dei eldre kan bu i eigen heim så lange som råd.
No er ho disponent på foreldra sine kontoar for å kunna betala rekningar. Då ligg kontoane deira i hennar nettbank, slik at ho brukar sin eigen BankID for å logga seg inn.
Hanne B. Hjemgård meiner det skulle vore lov for nære pårørande å bruka kodebrikke eller BankID til gamle foreldre etter fullmakt, og gjerne etter ei godkjenning blant søsken, for å forsikra seg om at den pårørande hadde gode og ærlege hensikter.
Ho beskriv kontakten med det offentlege som eit slags usynleg pårørandearbeid som likevel tek mange timar i løpet av ein månad. Kvar veke dukkar det stort sett om situasjonar som inneber telefonaktivitet om noko som inkluderer BankID og fullmakter kvar dag, påpeiker ho.
– Men me er heldigvis eit godt lag rundt foreldra mine, for dei to søstrene mine tek også sin tørn, og har ansvar for andre oppgåver, legg Hjemgård til.
Ei anna løysing er å kontakta Statsforvaltaren som administrerer verjemål. Dette er ei meir formell og for mange tungvint løysing, men denne kan vera aktuell spesielt i tilfelle der den sjuke ikkje har nære pårørande til å hjelpe seg.
Pårørendesenteret etterlyste intervjuobjekt til ei sak om temaet i ei demensgruppe på Facebook. Responsen var overveldande, og me kunne velja blant mange aktuelle kandidatar til intervju.
Mange meinte at selskapet som driftar BankID bør få til ei enklare løysing for å hjelpa pårørande til menneske som har mista sin elektroniske identitet.