I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
10. juli 2024

Suldal skreddarsyr tilbodet rundt brukaren

Kommunen har satsa på koordinatorar til personar som treng tenester frå fleire ulike aktørar, for å sikra at desse samarbeider godt. Dei siste fem åra har dette arbeidet gått inn i den statlege piloten for Strukturert og tverrfagleg oppfølgingsteam.
Suldal skreddarsyr tilbodet rundt brukaren
F.v.: Adriaan van Ruiven og Svanhild Løge Skålheim.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

Det er Helsedirektoratet og Sintef som har stått bak prøveprosjektet som også fem andre norske kommunar har vore med på, fortel einingsleiar og prosjektleiar Adriaan van Ruiven i Suldal kommune.
 

I evalueringsrapporten som blei offentleggjort i slutten av juni 2024 peikar Sintef på følgjande suksessfaktorar: 

  1. Sterk forankring av utviklingsarbeidet i ein kompetent, tverrfagleg koordinerande eining, som har eit tydeleg mandat.

  2. Involvering og tiltak frå toppleiinga.

  3. Involvering av alle relevante tenesteområde (ikkje berre helse)

  4. Leiarnettverk og workshops på tvers av tenesteområde.

  5. System for opplæring (leiarar, koordinatorar, andre tilsette) og system for koordinatorstøtte.

  6. Strukturert tverrfagleg oppfølgingsteam


– Men dette har Suldal altså drive med både før piloten, og dette arbeidet vil halda fram no når piloten er over, slår han fast.

Noko kollega og kreftkoordinator/barnekoordinator Svanhild Løge Skålheim i Suldal kommune nikkar stadfestande til.

 

Å tenke på tvers

Skålheim har 16 års erfaring i jobben som kreftkoordinator. Det siste året har også ein del av arbeidstida hennar gått med til å vera barnekoordinator, noko alle kommunar er pålagde å ha sidan 2022.

– Erfaringane frå kreftkoordinator sitt arbeid blei nytta som nyttig erfaringsbakgrunn i utviklingsmøte og diskusjonar i pilotarbeidet. Jobben min handlar om å få tenestene rundt pasienten til å samarbeida godt, og då må alle vita kva dei andre gjer, og dei må få vita det samstundes. Ofte er både arbeidsgivar, fastlege, sjukehus, Nav, heimesjukepleie og pårørande blant dei som treng samordna informasjon, ifølge Skålheim. 

Som barnekoordinator har ho mellom anna ansvar for å koordinera det samla tenestetilbodet til barnet/ungdommen og familien. Tilbodet er for barn og familiar med store og samansette behov. Barn/unge med alvorleg sjukdom eller nedsett funksjonsevne. Barn/unge med behov for både helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester. Barn/unge under 18 år, og gravide.

Kommunen har i 12 år hatt ei tverrfagleg koordinerande eining med ansvar for alle som er koordinatorar i delar av stillinga si. Per nå har kommunen rundt 20 koordinatorar i større eller mindre stillingar som tek seg av mellom 45 og 50 brukarar oppnemnde av denne eininga. Det blir koordinert langt meir av fleire tilsette, men dette er ikkje formalisert, fortel van Ruiven.

Skålheim og van Ruiven seier det viktigaste er å tenke på tvers, uansett om brukaren er ung eller gammal. Arbeidet er mangslunge og strekker seg frå barnehage til sjukeheim. Ofte har dei som får koordinerte tenester komplekse behov.

 

Alle må få vita ting på likt

– Så korleis får ein det til i praksis? Dette er ikkje noko enkel øving. Det er ofte langsamt og tidkrevjande arbeid, og krev ikkje så reint lite skreddarsaum. Noko eg tidleg fann ut var at saklister og referat til alle aktørane er særs viktig. Alle må få vita dei same tinga på likt. Og du som koordinator må tørre å ta plass på vegner av brukaren og pårørande.

 

Det er heller ikkje alltid pårørande og pasient orkar å vera til stades på samarbeidsmøta.

 

– Har du gode referat, er det lett å sjekka ut om dei ulike aktørane har gjort det ein blei samde om sidan sist møte. Og så må ein våga å stå i det ubehaget det er når ein må påpeika at noko ikkje er gjort som skulle vore gjort, erkjenner Svanhild Løge Skålheim.

 

Lite informasjon aukar risiko for feil

Ho seier det er viktig at brukaren og pårørande er på banen for å fortelje kva tenester ein treng. På slike møte kan det gjerne vera ti personar rundt bordet, då skal ho som koordinator vera ein støtte for den sjuke og dei næraste.

– Det er viktig at pårørande og brukar er klare i sine ønske, slik at me greier å gi rett hjelp til rett tid. Og ofte er det naudsynt at ein må få gjort fleire oppgåver rundt pasienten på likt. Det lettar arbeidet vårt om brukaren og dei pårørande tillèt at informasjon kan gå fritt mellom dei ulike tenestene, då aukar dynamikken rundt pasienten. Tenestene samhandlar betre då enn når brukaren ønsker at svært lite informasjon skal delast. Pasienten har naturlegvis rett til å vera restriktiv på dette, og har like stor rett på hjelp, men då minner me ofte brukaren på at risikoen for feil og misforståingar aukar når informasjonen er sparsam, forklarer Skålheim.
 

Pasient og pårørande har difor ei viktig rolle i det å spele oss i hjelpeapparatet gode, di meir me veit om det dei andre aktørane gir, di betre heilskapleg hjelp kan me gi brukaren.

 

Eige kartleggingsskjema

Det tverrfaglege oppfølgingsteamet brukar eit eige skjema der brukaren saman med pårørande fyller ut kva som er viktig for den enkelte. Skjema famnar mange aspekt ved kvardagslivet som søvn og kvile, arbeid og utdanning, nettverk, buforhold og økonomi.

Gjennom slike kartleggingar av liva til brukaren kan ein finna ut at det som starta som frustrasjon over fastlegen som ikkje får orden på eit vondt kne, kan botna i samansette utfordringar i livet.

– Det hjelper å leva i fred med naboen om du har vondt i kneet, spissformulerer Skålheim.

Adriaan van Ruiven meiner kommunen er flinkare til å fanga opp brukarar med trong for koordinerte tenester enn dei var før. 

Ikkje alle får, men jamt over har mellom 45 og 50 personar koordinator, i lengre eller kortare tid, opplyser han.

 

Kreftsjuke i særstilling

Kreftsjuke har låg terskel for å få koordinator. Elles får barnefamiliar gjerne koordinator dersom eit av barna har ADHD, autisme, eller andre diagnosar eller utfordringar av fysiske eller psykisk art. Barn, unge og vaksne med funksjonsnedsettingar har også rett på koordinator. Innan rus og psykiatri og blant eldre med demens, er det og ein del som får koordinator. Men brukaren kan også velja å seia nei denne koordineringstenesta, opplyser Skålheim og van Ruiven.

– Når eit barn slit må ein inn og hjelpe heile familien, for dei er alle ramma. Då er det viktig å setje seg ned med kvar enkelt og gå i takt med familien i opplegget framover. Det er avgjerande å skunda seg sakte, går ein for fort fram, er det lett å trø feil. Men går det for treigt, mistar ein tillit, så dette er heile tida ein knivsegg å balansera på, forklarer Skålheim.

Ho legg til at det er viktig å hugse på at medlemmer i ein familie kan væra svært ulike og ha heilt ulik oppfatning av det som skjer. Då må ho minna familien på at dette er heilt vanleg og heilt ufarleg, men at det er viktig å setje ord på.

 

Må få tid nok til å koordinera

I pilotprosjekt-perioden fekk Suldal kommune støtte frå staten. No må ein igjen finansiera alt åleine. 

– Det krev at ein må villa det og satsa medvite på det, minner Skålheim om.

Målet med piloten er at andre kommunar skal læra av gode løysingar som Suldal og dei fem andre prosjektkommunane har kome fram til sidan 2018. 

Ein har ikkje hatt noko undersøking på korleis pårørande har opplevd piloten, men både Skålheim og van Ruiven kan fortelja om pårørande som har vore takksame for jobben koordinatoren har gjort.

– Ja, somme pårørande viser takksemd, andre er så slitne at dei ikkje har krefter til å reflektera over kva dei skulle gjort utan koordinator, andre kjem ikkje på at det er noko dei kanskje ikkje ville hatt ein annan stad, seier Skålheim.

Ho minner om at det er viktig at kommunen viser vilje til å satsa vidare etter pilotperioden. Snublesteinar ho kan sjå er at dei tilsette får for lite tid til koordineringsdelen. 

– Den enkelte tilsette må få tilstrekkeleg spelerom for å gi god nok hjelp til brukar og pårørande, understrekar Adriaan van Ruiven og Svanhild Løge Skålheim.

Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut