I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
31. januar 2022

– Alt eg hadde bygd opp, fall i grus

I 18 år gjorde mora alt ho kunne for å beskytta og verna sonen sin som har ein autismespekter-diagnose med tilleggsdiagnose. Då han blei myndig, sleppte hjelpeapparatet han. Den unge mannen utvikla dårlege vanar og enda opp i fengsel med ein dom for vald.
Sandslott
(Illustrasjonsfoto)
Mora, som av omsyn til sonen sin ønsker å vere anonym, fortel at det raskt begynte å gå utfor bakke med sonen etter han blei 18. Ho føler at innsatsen hennar som pårørande gjennom eit langt liv, raskt blei gjort til inkje.

– Eg er skeptisk til korleis desse sårbare menneska blir tatt vare på etter dei er vaksne. Korleis kan me betre gjera dei i stand til å ta gode val etter dei er myndige, spør ho.

– Eg uttrykte uro for sonen min som ung vaksen, men då kunne ingen gripa inn. Det gode me hadde bygt opp, smuldra bort. Sonen min var ein umogen 18-åring, inni seg var han kanskje ikkje meir enn 14 år, forklarer ho.


Fell mellom alle stolar

Etter hennar syn fell denne gruppa som ikkje har psykisk utviklingshemming, mellom alle stolar i hjelpeapparatet etter dei er blitt myndige. Det har ikkje vore beine vegen før heller. Ingen viste mora vegen å gå som pårørande. Det har vore som å vandra med lommelykt i mørket, seier ho. Mora har lagt ned mykje tid og energi for sonen, og vil ennå kjempa for han med nebb og klør, understrekar ho.

No sit han i fengsel. Mora fortel at han heile livet har vore grensesprengande, med åra gjekk den ytre uroa meir over til indre uro.  Då han blei vaksen forsvann alle tiltaka rundt han. Mora meiner menneske som sonen bør bli oppmuntra frå ung alder til å ta i mot hjelp også etter dei blir myndige, slik at dei kan få støtte til å ta vare på seg sjølv, og unngå katastrofar.

Mora trur at ein bør satsa på haldningsskapande arbeid slik at unge vaksne som sonen blir motiverte til å ta i mot hjelp. Dei bør frå ung alder bli innprenta at det er positivt å be om råd og rettleiing også som vaksne. I tillegg bør dei få vita kva dei kan be om hjelp til og korleis dei går fram for å få støtte. Desse personane bør få kjennskap om gode tilbod i kommunane som har låg terskel for å hjelpa desse på papiret høgtfungerande menneska, som likevel har større eller mindre utfordingar med å meistra liva sine.
– Eg skulle ønskt eg visste meir og kunne vore meir føre var i oppveksten hans, seier mora.

Ho tykkjer heller ikkje hjelpeapparatet prøvde nok. Etter hennar meining kunne ein ha pusha på litt meir for å overtyda sonen om at det ville vera lurt å seia ja til hjelp. Ho føler ho ropte og skreik utan at noko skjedde, fordi alt var så frivillig og fordi sonen var myndig og ikkje kunne tvingast til noko.

Sonen er rigid, det er noko som heng saman med diagnosen hans. Det meiner mora burde blitt tatt omsyn til. Ho veit at sonen takka nei til tilbod han følte han ikkje trong, fordi han meinte dei var for inngripande, men skjønar ikkje kvifor han ikkje i det miste kunne fått det tilbodet han ønskte seg, samtalar med psykolog.

Psykologønsket blei avvist fleire gonger, årsaka var at det fekk berre alvorleg sjuke, psykotiske og suicidale menneske. Dessutan hadde ikkje kommunen psykologar med kompetanse på diagnosen hans.

Eg har alltid opplevd at hjelpeapparatet har sett på meg som ein ressurs, men dei siste åra føler eg nesten dette blir brukt imot meg.

Menneske med sonens diagnosar har lett for å hamna i trøbbel. Den dagen sonen fekk bestemma sjølv, frykta mora at ting kunna komma ut av kontroll. Han flytta i eigen bustad. Det heile begynte bra. Sonen tok utdanning med gode karakterar. Så kom pandemien og han blei arbeidsledig og kom seg ikkje inn på arbeidsmarknaden igjen, samstundes som han fekk aukande psykiske plager.

Kampen for å få han inn i meiningsfull aktivitet mislukkast, og han blei arbeidsledig utan anna å ta seg til enn gaming. Det var ikkje noko støtte å henta hjå hjelpeapparatet. Sonen kjeda seg og byrja å drikka mykje. Det å ikkje ha noko å gjera førte han inn i eit dårleg miljø, og det enda med at han blei tiltalt og dømd i ei alvorleg straffesak.


Blei skremd av politiet

Mora er viss på at sonen hadde hatt fleire rettar som psykisk utviklingshemma i møte med rettsapparatet. Ho undrar seg over at ein med sonens diagnosar blir dømt til vanleg fengselsoning, i eit A4-fengsel.

Ifølge mora blei sonen påført posttraumatisk stress i samband med arrestasjonen. Ho meiner politiet handterte han svært dårleg og han fekk inga spesiell tilrettelegging under avhøyra. Guten blei henta om natta og sett på glattcelle i eit døgn, og ingen tok omsyn til diagnosane sine, seier mora.

Ho er heller ikkje imponert over advokaten si haldning. Då ho spurte kva erfaring og kunnskap han hadde om sonen sine diagnosar, var svaret at det fins mange menneske i fengsel med psykiske diagnosar. Han hadde altså ingen kompetanse som gagna sonen.

Mora såg alle åra der ho hadde ramma han inn, gå opp i ingenting. Heile oppveksten til sonen blei han sett etter av NAV og helse og sosialetaten. Også på skulen blei han sett. Hjelpetilboda var mange, og dei kom på plass etter iherdig innsats frå mora, som skildrar det å vera pårørande som ein fulltidsjobb. Men takka vera moras innsats, levde guten eit ganske godt liv. Ho følgde sonen kvar han var og passa på at han ikkje hamna i klammeri. Mora fekk også skrøyt frå PPT og BUP for si gode oppfølging av sonen.

– Sonen min er grunnleggjande snill, men han har eit anna reaksjonsmønster enn friske, og er dessutan ganske naiv og godtruande. Det er lett å påverke han. Drikk han, mistar han minnet, fortel ho.
 

Dei må få oppfølging som vaksne

Mora er no delvis ufør, ein del av årsaka til dette skuldast pårørandebelastningar. Ho har vore åleinemor til sonen heile tida, noko som har vore veldig krevjande. Håpet er at sonen etter soning skal få seg jobb og bu for seg sjølv, og ha eit liv med vener og meiningsfulle aktivitetar.

Skal sonen ha det godt, krev det at han har klare rammer i kvardagen. Det trong han som barn og det treng han som vaksen også. Mora trur ting kunne sett annleis ut om ikkje pandemien kom og tok frå han arbeidet. Då mista han struktur på dagane og alt sklei ut.

I fengselet er det struktur og der fungerer han no ganske bra. Her får han også snakka med psykolog. Likevel meiner mora at menneske med sonens diagnosar bør sona andre stader enn i eit ordinært fengsel. Alle ville vore betre tente med at dei får behandling, i staden for fengsel. Ho meiner mange innsettingar også kunne vore unngått dersom hjelpeapparatet etter 18-årsdagen ikkje berre slepp taket i dei.

– Denne gruppa bør få oppfølging gjennom tilrettelagte jobbar eller dagtilbod for å redusera risikoen for å få dårlege vanar og dårlege venner.

Mora håpar sonen vil flytta heim til henne etter soning. For henne er det ei enorm sorg at han hamna i fengsel. Men ho er klar for å kjempa for at han får eit godt liv igjen når han blir sluppen fri. Sonen fekk ikkje innvilga søknad om omsorgsbustad fordi han var for ung og hadde for liten uføregrad, men mora håpar at dette kan ha endra seg når han slepp ut frå fengsel.

Han kan nok også få ein kommunal bustad, men ifølge mora er problemet med desse at dei ofte samlar mange menneske i utfordrande livssituasjonar. Dermed oppstår det lett usunne og utrygge miljø med mykje uro der ein lett kan bli dregen inn i rus og kriminalitet. I tillegg opplever ein eit visst stempel av å bu slik og ein kan få dårlegare sjølvtillit som fører til at ein lever deretter, fordi alle lever på same vis, og ein har ingen å sjå opp til.

Moras ønske er difor at han flyttar heim etter soninga og får orden på kvardagen og jobb. Målet er å hjelpa han inn på bustadmarknaden og få kjøpt eit lite husvære til han. Ho håpar at sonen vil vera meir motivert til å ta imot hjelp i kvardagen.

Brannsløkking i staden for førebygging

– Det er ei skam at samfunnet ikkje tek betre vare på dei svakaste, og det er eit under at det ikkje skjer endå fleire valdshandlingar i eit system som har så store veikskapar. Guten min fekk til dømes aldri gå til psykolog før han hamna i fengsel, svaret var at han ikkje var sjuk nok, forklarer mora.

– Først når ein må sløkka brannen, er det litt meir hjelp å få. Kvifor ikkje heller førebygga? Kampen for barnet ditt er ikkje over når han fyller 18, det er då kampen byrjar, erkjenner ho.

– Alt eg bygd opp er rasert på eit lite augneblikk og det er ingen å halda til ansvar.

Når han kjem ut vil ho forsøka å skjerma han, rettleia og støtta han. For hennar oppdrag som mor er at han skal få mest mogleg ut av livet sitt.

– Eg har alltid opplevd at hjelpeapparatet har sett på meg som ein ressurs, men dei siste åra føler eg nesten dette blir brukt i mot meg, for då blir ansvaret for å ordna ting lagt på meg. Det er også ei stor pårørandebelasting å stå nær eit menneske som treng hjelp til å fungera i kvardagen, men som ikkje forstår det sjølv. Det er veldig tungt og utfordrande.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut