28. oktober 2022

Då Selma fekk anoreksi, kjende mora avmakt og skam

Kari Løvendahl Mogstad er fastlege og har arbeidd mykje med kroppspress, eteforstyrringar og psykisk helse i jobben. Likevel gjekk det fleire månadar før ho oppdaga at dottera hadde fått ei eteforstyrring.
Kari%20L%C3%B8vensdahl%20Mogstad%20-%20foto%20Kari-Anne%20Toth
Foto: Kari Anne Toth
I starten tykte ho det var veldig trist og flaut, at ho av alle ikkje hadde fanga inn symptoma til dottera, men etter ei tid kom ho fram til at å driva sjølvpisking ikkje hjelpte nokon, og aller minst dottera. Ho fekk hjelp til å skjøna at det å ikkje merka sjukdom hjå sine næraste, er noko svært mange fagfolk opplever. Difor la ho vekk sjølvklandringa, men det tok ganske lang tid å komma dit.
 

Aktuell med bok

Kari Løvendahl Mogstad har saman med den 19 år dottera Selma Mogstad Leraand skrive boka «Vår vei ut. En fortelling om spiseforstyrrelse, skam og håp». Dottera er no frisk og saman ønsker mor og dotter å hjelpa andre som står midt i det dei sjølv har levd i dei siste åra. 

– Eg har tatt delvis permisjon frå legejobben og reiser no rundt i heile landet og held føredrag for fagfolk, pasientar og pårørande, fortel Kari Løvendahl Mogstad.
 
Temaet er diverre meir aktuelt enn nokon gong i ei tid då eteforstyrringar blant unge aukar. Mogstad viser til ei fersk undersøking som viser at 1 av 10 jenter ved dei vidaregåande skulane i Oslo har diagnosen eteforstyrring, og at 1 av 3 jenter står i fare for å få det. Gutane merkar også eit usunt kroppspress og utviklar også i større grad enn før eteforstyrringar, viser ho til.
 

Kvart måltid blei ei krigssone. Og eg som alltid hadde vore så oppteken av at me skulle ha eit til to felles måltid per dag.

Kari Løvendahl Mogstad​

Legen frå Trondheim lærte på brutalt vis at sjukdom også kan ramma i hennar eigen flokk. Sjukdommen ho snakka mykje om på jobb, med unge jenter, foreldre og lærarar, hadde innteke hennar eigen familie, og teke bustad i Selma. Den friske, matglade og livlege dottera som kunne gå barføtt i snøen, blei gradvis til ei stille jente som sat under ei dyne med to par sokkar på føtene. Huden var gusten og håret pistrete.
 

Kan vera vanskeleg å oppdaga

Å oppdaga ei eteforstyrring hjå sine næraste kan ta tid, fordi den sjuke ofte er flink til å skjula at noko ikkje er som det skal vera.

– Dette kan verka som utspekulerte handlingar frå den sjuke, som ein kan oppleva som vondsinna og slemme. Men det er viktig å hugsa på at du må skilja barnet ditt frå sjukdommen, som sit som ei stemme i hovudet på den sjuke. Det er sjukdommen som står for det som du føler er slemt, ikkje barnet ditt. Ei eteforstyrring kan få ei enorm makt over eit menneske, det er viktig å hugsa på. Og du kan bli veldig sint på den sjuke som gjer alle slags krumspring for å unngå mat. Sjukdommen forvrenger tankane. Difor er det viktig å formidla at du vil spela på lag med den sjuke, mot sjukdommen, understrekar ho.
 
Ei eteforstyrring hjå eit barn pregar heile familien. Sjølv opplevde ho korleis Selmas anoreksi gjorde eigen familie til dels dysfunksjonell når det stod på som verst. Stress, avmakt og det at ein ikkje kan forstå handlingane til den sjuke, gjer at familielivet fort blir konfliktfylt. Det er fort gjort å enda opp i ein situasjon der alle hakkar på alle.

– Kvart måltid blei ei krigssone. Og eg som alltid hadde vore så oppteken av at me skulle ha eit til to felles måltid per dag, fortel fembarnsmora.
 

Måltida blei ei krigssone

No måtte ho sjå at dei tidlegare så hyggelege stundene rundt bordet, blei til nervepirrande seansar, der ho sat på nåler i frykt for kva som ville skje. Ville Selma laga scenar rundt eit par bitar poteter i dag, eller ville måltidet gå fredeleg for seg? Mora kunne aldri vita, for eit roleg måltid, kunne fort slå over i høglytt drama. 
 
Ho kjende det som om ho stod i ein uuthaldeleg spagat. For rundt bordet sat søskena til Selma. Mora ønskte å gi alle gode matopplevingar, no frykta ho at dotteras sjukdom skulle påverka søskena negativt. For med anoreksi i hus, blir merksemda på mat ofte altoppslukande, og ikkje alltid konstruktiv.
 
Kari Løvendahl Mogstad seier at både Selma og familien fekk god fagleg oppfølging på BUP. Her fekk dei delta i familiebasert terapi, medan Selma fekk individuell oppfølging i tillegg.
 
Mogstad ser det både som ein fordel og ei ulempe å vera lege og pårørande. 
 
– Fordelen er at du veit alt om kvar det er hjelp å få, samstundes blir det ekstra frustrerande når dotter di i starten nektar å innsjå at ho er sjuk og treng hjelp. Då har det ingenting å seia om mor og far er legar eller bussjåførar, for du kjem ingen veg så lenge barnet nektar behandling. Og Selma ville først ikkje innrømma at ho hadde ei eteforstyrring, noko som fekk meg til å kjenna meg svært makteslaus, til tross for utdanninga mi, erkjenner mora.
 

Familien med på behandlinga

Selma si eteforstyrring byrja då ho var 15 år. Det starta i det små med at ho starta å trena meir. Litt meir fysisk aktivitet tykte mora i utgangspunktet var bra, og hadde difor ingen mistankar om at dette prosjektet skulle bera galt av garde. Fleire månadar gjekk før Kari forstod at Selma hadde fått store problem.
 
Dottera ville ofte ikkje ete saman med resten av familien. Ho sa gjerne at ho alt hadde ete. Mora byrja sakte men sikkert å kjenna lusa på gangen. Så starta kampen om å få dottera med til ein lege. Omsider lukkast det og vegen tilbake til eit friskt liv kunne starta.

Å bli frisk frå ei eteforstyrring, er ikkje gjort i ei handvending. Det krev hard og målretta innsats både frå den sjuke, men også frå familien rundt, gjerne i månadar og år.
 
Pasienten får mellom ein til to timar samtaleterapi i veka, resten av behandlinga går føre seg i heimen. Det betydde at ein av foreldra sat saman med Selma kvar gong ho skulle eta. Av og til blei ein av søskena sette til å passa på at ho ikkje lurte vekk mat, dersom foreldra følte dei måtte ha seg ein tur ut for å lufta seg. 
 
Kari minnest ho ofte blei drittlei, fordi behandlinga kravde at ho hadde kontroll på alle detaljar rundt dotteras matinntak, alt frå å skjæra opp brødet og legge på tallerkenen, til å sitja ved Selma ved kvart einaste måltid. Det var ikkje uvanleg å senda opptil 30 SMSar dagleg, til dottera, til lærarar og kordirigent, for å passa på at ho åt som avtalt når ho var ute av heimen.

Mora kjende seg ofte redd og utsliten i denne fasen. Det tok lang tid før ho gradvis kunne seinka skuldrene etter kvart som ho såg dottera gjorde framskritt. Først etter dottera blei frisk, kjende ho kor mykje krefter dette har tappa henne for. Kari Løvendahl Mogstad har også vore delvis sjukemeld som følge av dottera si eteforstyrring.

– Mannen min og eg er bevis på at statistikken som viser at flest kvinner blir sjukemelde som følge av pårøranderolla, stemmer, påpeiker ho.
 

Det har ingenting å seia om mor og far er legar eller bussjåførar, for du kjem ingen veg så lenge barnet nektar behandling.

Kari Løvendahl Mogstad

Mange trur at ein ikkje kan bli frisk av ei eteforstyrring, men slik er det heldigvis ikkje, seier legen, men skal ein bli frisk er det viktig å få rask hjelp, og deretter må den sjuke og familien gjera den grundige og ofte langvarige jobben som trengst for å få sjukdommen til å vika. 
 
No greier Kari å vera 99,5 prosent avslappa med tanke på Selma si helse. Men det ligg alltid ein halv prosent uro djupt der inne, vedgår ho. Det hender ho sender dottera ei melding der ho minner henne om å eta, sjølv om for det meste prøver å unngå det. Ho vil jo ikkje verke masete, sjølv om mora inst inne veit at dottera veit ho meiner det godt.
 
Til andre foreldre som mistenker at barnet kan ha utvikla ei eteforstyrring, er rådet å følgja denne magekjensla. Snakk med barnet om uroa di, utan å vera fordømmande eller å kjefta. Spør barnet korleis det har det, og sei at du er uroleg fordi du ser at etemønsteret er endra.
 

Har matvanane endra seg? 

Orsakinga for å ikkje eta er gjerne at barnet har ete hjå venner. Eteforstyrringar gjer at ein blir meir rigid med tanke på mat og opererer ofte med ja og nei-mat. Blir barnet i tillegg ekstra oppteken av å trena hardt og mykje, bør varsellampane blinka.
 
Endring i vekt, som skjer raskt, anten det er opp eller ned, er ofte også eit signal på at det er sjukdom inne i bildet. Og det er viktig å hugsa på at somme eteforstyrringar, som til dømes overeting, kan føra til at barnet legg mykje på seg.
 
Eit barn som trekker seg stadig meir tilbake til rommet, er også eit signal om at det er noko gale, og mange blir meir inneslutta.

– Dersom du trur barnet ditt har fått ei eteforstyrring skal du ikkje gi deg, same kor hardnakka barnet protesterer i starten. Ring «Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS)» og ring fastlegen. Sjølv om barnet først nektar å bli med til legen, vil du mest sannsynleg få det på glid etter ei tid. For barn med eteforstyrringar har eit ambivalent forhold til det med hjelp. Ein del av dei vil gjerne ha hjelp, mens sjukdommen vil ikkje ha hjelp.
 
Etter fylte 16 år har føresette ikkje innsyn i helseopplysningar, men som lege råder alltid Kari Løvendahl Mogstad unge pasientar til å la foreldra få del i behandlinga, fordi sjansane for å lukkast då er mykje større. Det finst ingen eigen pårørandeorganisasjon for dei som lever tett på menneske med eteforstyrringar, men mellom anna ROS har eigne foreldrekveldar og rådgjeving, etter det ho kjenner til.
Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og familien​

Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Group%20947
Group%20947
Group%20947
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut