Gro Heidi Øvstegård Skarstein, pårørende
Då sonen på 22 år blei alvorleg skada i ei T-bane ulukke i Oslo, danna mamma Gro Heidi og resten av familien eit pårørandelag rundt han. Foto: Privat

← Gå tilbake

Familien blei eit pårørandelag då Jørgen blei skada etter ulukke på T-banen

For snart to år sidan fall 22 år gamle Jørgen ned i skinnegangen mellom T-banen og perrongen i Oslo. På tur for å støtte fotballaget sitt.
Etter ulukka sto mor, far og storebror klare for å passa på at han fekk den oppfølginga, støtta og hjelpa han trong.

Jørgen måtte amputera den eine foten midt på leggen, i tillegg til at han hadde 20 beinbrot i overkroppen. Han var kritisk skadd og det var fare for at han kunne mista livet.

– Storebror og eg var dei første han såg då han vakna etter amputasjonen. Det blei avgjerande for heile prosessen etterpå at me var der med det same, for Jørgen kjende kva familien ville seie etter det som hadde hendt. Då forstod han at me var der for han, forklarer Gro Heidi  Øvstegård Skarstein.
 

Mediatrykket på familien

Å vera pårørande til alvorleg sjuke er krevjande nok, å vera pårørande til ein som er skadd i ei ulukke som mange får med seg, og som media skriv om, betyr at dei pårørande også får journalistar å forhalde seg til.

Gro Heidi fortel at mediatrykket var stort. Familien bestemte fort at Jørgen sjølv ikkje skulle svara på nokon spørsmål frå media. Pappa skulle handtera journalistane, mamma skulle ta seg av omsorga rundt Jørgen og storebror skulle prøve å halde humøret oppe, både hjå Jørgen og dei andre i familien.

–Jørgen var svært omtåka etter ulukka og hugsar knapt dei to første vekene på sjukehus. Både han og me blei fort samde om at Jørgen ikkje sjølv skulle seie noko til media i denne sårbare situasjonen. Pappa ville seie det som skulle seiast. Me bad også om at media ikkje skulle bruka det fulle namnet hans, sidan hendinga då lettare vil hefte ved han i framtida. Journalistane var pågåande, men profesjonelle, så me opplevde ingen overtramp. Dei respekterte avtalane mannen min gjorde med dei, og skjønte at om dei skulle få nokre uttalar frå oss i det heile, måtte dei følgje spelereglane me laga. I ettertid er me svært glade for at me greidde å halda oss til denne strategien, påpeiker Gro Heidi.
 

Las om ulukka på VG

Det var også gjennom media familien fekk kjennskap til at det hadde skjedd ei ulukke på T-banen i Oslo. Dei visste Jørgen skulle vera i hovudstaden denne helga og prøvde å ringe han for å sjekke at alt sto bra til. Dei fekk ikkje svar, men via ei venninne som var med Jørgen i Oslo fekk dei vite at det var sonen som hadde vore involvert i ulukka.

– Storebror og eg var dei første han såg då han vakna etter amputasjonen. Det blei avgjerande for heile prosessen etterpå at me var der med det same.

Med hjelp av henne fekk storebror snakka med ein sjukepleiar frå Ullevål. Det var han Jørgen hadde ført opp som næraste pårørande.

– Hadde han ikkje gjort det, kunne det gått ganske lenge før me hadde fått vita om ulukka, sidan han var myndig, seier mora.

Myndig eller ikkje, for foreldra var Jørgen barnet deira, og på grunn av sin unge alder, ikkje fullt ut vaksen. Han var i tillegg traumatisert av ei alvorleg ulukke, så dei trødde til for fullt for å hjelpe han. Gro Heidi og broren som er tre år eldre tok første fly til Oslo og kunne difor vere der då Jørgen vakna etter amputasjonen. Faren kom dagen etter. Foreldra leigde eit husvære i Oslo og blei her i fleire veker.

Dei bytte på å vera hjå Jørgen på sjukehuset.

– Innimellom gjekk me turar rundt i hovudstaden, me trong ein del tid til å få snakka oss gjennom, og bearbeida det som hadde skjedd, fortel Gro Heidi.
 

Dårleg pasientoppfølging

Oppfølginga av dei pårørande var fabelaktig på Ullevål. Dei tilsette var inkluderande og flinke på alle vis. Håpet om at det gode samarbeidet med dei sjukehustilsette skulle fortsetja då Jørgen blei flytta over til sjukehuset i heimbyen, var stort. Men her blei få håp innfridde blant dei pårørande. Det vart ein brå overgang for Jørgen, han blei engsteleg og usikker på behandlinga, og foreldra måtte heile tida passe på at sonen fekk den hjelpa han trong.

– Legen som handsama såret etter amputasjonen var fantastisk, men resten fungerte ikkje godt nok. Ein gong måtte eg stikke frå jobb for å snakka med ein lege. Under opphaldet fekk han lungebetennelse og vatn i eine lunga. Han ringde meg og var livredd etter å ha fått diagnosen. Legen som hadde fortald han om dette sa at dei var redde for at han hadde fått blodpropp i lunga. I tillegg brukte legen medisinske uttrykk som Jørgen ikkje forstod, og sonen vår trudde han var døyande. Eg drog til sjukehuset og fekk snakka med vedkomande lege og bad han for framtida om å snakka slik at Jørgen kunne forstå han.

– Ein annen gong måtte eg hiva meg i bilen og hjelpe sonen min på do. Han fekk nemleg ikkje kontakt med nokon på sjukehuset som kunne hjelpe han, dei måtte gå medisinrunden først.
 

Ei krevjande mor

Gro Heidi har heile tida stilt krav og spørsmål til dei som har behandla Jørgen.

–Og eg veit at somme har sett på meg som ei svært krevjande mor. Det har eg sett på ansiktsuttrykka deira. Eg blei flink på å seie; dette er ikkje godt nok og kvifor eg meinte at det ikkje var godt nok. Heile tida har eg vore klar og tydeleg på kva eg meiner, men aldri uhøfleg, hissig og sur. Det gagnar ingen, minst av alle Jørgen. Men mitt råd til andre pårørande er at ein raskt må komme i dialog med legar og sjukepleiarar og ikkje gi seg før ein får dei svara ein ar krav på, framheld ho.

– Mitt råd til andre pårørande er at ein raskt må komme i dialog med legar og sjukepleiarar og ikkje gi seg før ein får dei svara ein ar krav på.

Etter ei tid blei Jørgen sendt til ein rehabiliterings-institusjon. Her møtte Gro Heidi og familien igjen framifrå oppfølging som pårørande, og Jørgen fekk eit skreddarsydd opplegg som gjorde at han blomstra. Tenestene han trong var samkjørte og gjorde at han fekk godt utbytte av opptreninga.

Så kom tida då Jørgen skulle heim. Han budde heime hjå foreldra dei første månadane før han flytte heim til sin eigen bustad.
 

Stykkevis og delt

Gro Heidi opplevde her det stikk motsette av det som skjedde på opptreningssenteret. Der var alt samkøyrt, heime var hjelpetilbode mange, men fragmenterte. Dermed blei det mora sin jobb å hjelpa sonen å navigera gjennom denne jungelen av instansar han var i kontakt med.

– Ei tid hadde me heile fire par krykker i huset, det seier vel det meste om manglande koordinering, påpeiker Gro Heidi.

Nå har Jørgen for lengst flytta heim til seg sjølv. Han har kutta ut krykkene og er godt i gong med lærarstudiar. Han greier det meste sjølv, men syter ennå litt med å køyra bil.

Mamma har eit mål om å motivera han til å køyra bil igjen fordi det vil auke aksjonsradiusen hans.

– Jørgen har hatt sine opp- og nedturar i åra etter ulukka, men han er ein optimist som aldri klagar. Det har gjort jobben vår som pårørande mykje enklare. Han har ei fantastisk evne til å tenkje framover.

Gro Heidi har stort sett vore i arbeid heile tida etter ulukka. Ho rosar arbeidsgivaren sin for stor fleksibilitet i desse åra. Tobarnsmora har vore medviten på å ikkje gløyme eldstesonen oppi det heile.

– Eg føler ulukka har gjort familien endå meir samansveisa. Før var me alle meir travle på kvar vår kant. Nå et me til dømes oftare middagar saman. Og eg er takksam for at me var fleire slik at me kunne fordele arbeidsoppgåver mellom oss. Det ville vore svært krevjande å stått åleine som pårørande i dette.

Ei slik hending har lært meg å bli flinkare til å sortere mellom kva som er viktig og kva som ikkje er det, understrekar ho.

– Eg er takksam for at me var fleire slik at me kunne fordele arbeidsoppgåver mellom oss. Det ville vore svært krevjande å stått åleine som pårørande i dette.