← Gå tilbake

Sorg%20Vidarega%CC%8Aande%20skule%20voksne

← Gå tilbake

Heidi%20(2)
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Publiseringsdato: 25.05.21

Når ein elev døyr, rammar det heile skulen

For rektor Erik Danielsen ved Strand vidaregåande skule er den store skrekken at elevar døyr, eller blir ramma av andre dramatiske omstende. Skulen har difor grundige prosedyrar for korleis slike hendingar skal handterast.
BILDET: Rektor Erik Danielsen (i midten) stod saman med kontaktlærar Mallin Bjørheim Gjesdal og skulediakon Michael Zülov sentralt i krisehandteringa då ein elev mista livet i ei ulukke i fjor.

– Men du kan aldri vera skikkeleg budd på at ein elev døyr. Det finst eigentleg ikkje noko skjema for å mista eit menneske i sin ungdoms vår, slår rektoren fast.

– Når du får det tragiske nært på, finn du ikkje alle svar i eit skjema, for alt kan ikkje stå i planen. Kvar situasjon krev si eiga tilnærming, minner Erik Danielsen om. Det er heller ikkje berre elevane som kjenner smerte når ei tragedie rammar, også me som arbeider på skulen blir knytta til elevane, så slike ulukker går inn på alle på skulen.
 

Ein må sjå meir enn planen

– Og det nyttar ikkje med fine planar om ikkje hjarta våre er med i det me driv med, legg han til.

I juleferien i fjor skjedde det utenkjelege. Andreklassingen Knut Øygard Dale frå Hjelmeland, døydde i ei trefellingsulukke i heimkommunen. Rektor blei varsla av beredskapsteamet i Hjelmeland. Eigentleg hadde han alt visst det ei stund, på grunn av sosiale media, men han kunne ikkje gå ut med informasjon til dei andre tilsette, før beskjeden kom frå offisielt hald.
 

Å ha faste prosedyrar på kva me skal gjere i slike krisesituasjonar, gir oss ein tryggleik i botn, og sikrar at me ikkje gløymer noko.


Danielsen samla raskt kontaktlærar, avdelingsleiar, sosiallærar og skulediakon til eit møte for å leggje ein plan for  korleis ein skulle formidla bodskapen til elevane og resten av dei tilsette på skulen.

– Me fungerer som ei sorggruppe og har eit spesielt ansvar i situasjonar som dette. Å ha faste prosedyrar på kva me skal gjere i slike krisesituasjonar, gir oss ein tryggleik i botn, og sikrar at me ikkje gløymer noko. I slike sårbare stunder, må me nemleg gjere alt me kan for å unngå å handle feil, forklarer rektor Erik Danielsen.

Planane blir også jamleg reviderte ut frå nye erfaringar skulen gjer seg i dei ulike situasjonane som oppstår. Krisehandtering og sorgarbeid er også regelmessig tema i samtalane mellom alle dei vidaregåande skulane i fylket, fortel han.
 

Viktig å få rask kontakt

Leiargruppa bestemte raskt at Strand vidaregåande skulle laga til ei minnesamling på skulen alt i juleferien.

– Det er viktig å raskt kome i dialog med elevane etter slike hendingar, og på grunn av smittevernreglane visste me at elevane ikkje kunne møtast privat. Me følte difor det var særs viktig å opne skulen for eit minnesamvær for alle elevane på same trinn som Knut Øygard Dale. Her kunne elevane også få svar på ein del spørsmål kring det som hadde skjedd då han døydde. For rektor Danielsen handlar eit slikt samvær om å få sett elevane i gong med å setje ord på det dei ber på, gjerne ved å tenne eit lys. Samværet blei leia av skulediakon Michael Zülov.
 

Skulen er oppteken av å sjå alle elevane, og ikkje berre dei næraste venene. Dessutan veit ein ikkje alltid heilt kven som var nære og ikkje, fordi venskap også går på kryss og tvers av klassar.


Kontaktlærar Mallin Bjørheim Gjesdal og rektor Erik Danielsen fortel om eit samvær som i starten var mest prega av sjokk og stille, men etter kvart som timane gjekk, fekk ungdommane i gong gode samtalar seg i mellom, der dei kunne dele både sorga og fine minne om han som hadde døydd frå dei så altfor tidleg.
 

Kan trigga gamal sorg

– Skulen er oppteken av å sjå alle elevane, og ikkje berre dei næraste venene. Dessutan veit ein ikkje alltid heilt kven som var nære og ikkje, fordi venskap også går på kryss og tvers av klassar, forklarer Gjesdal.

Men sjølv om elevane ikkje høyrde til den inste kretsen. vil det for alle elevane opplevast svært dramatisk å mista ein jamgammal klassekamerat, påpeiker kontaktlæraren og rektoren.

– For somme av elevane var dette kanskje det første nære møtet med døden. Ei slik hending kan bli eit avgjerande skilje i mange sitt liv, og rive opp eiga sorg. Spesielt for dei mest sårbare elevane kan dette vera svært krevjande, uavhengig av kva band dei hadde til han som døydde, forklarer Erik Danielsen.
 

For somme av elevane var dette kanskje det første nære møtet med døden. Ei slik hending kan bli eit avgjerande skilje i mange sitt liv.


Minnestunda på skulen varte i mange timar. Erik Danielsen og Mallin Bjørheim Gjesdal såg at det gjorde elevane godt å samlast og få vere saman i sjokket, sorga og saknet, sjølv om det måtte skje med munnbind. Samlinga blei avslutta med at deltakarane gjekk inn i klasserommet og sette blomar i ein vase på den tomme pulten til Knut Øygard Dale. Det blei også hengt opp lyslenker for å heidra minnet om den avhaldne klassekameraten.
 

Læraren sørger også

Det er ikkje berre elevane i klassen som kjenner på tap og sorg. Også læraren er prega av å ha mista ein elev.

– Knut Øygard Dale var ein svært godt likt gut. Han var flink å skulen og hadde alltid eit lunt glimt i auga. Han var dessutan svært aktiv i diskusjonane i klassen, så det er klart at me alle merkar godt at han ikkje er her lenger, seier Bjørheim Gjesdal.

Pulten hans er no tatt bort, men det var mest av praktiske omsyn, sidan dette var ein dobbelpult. Knut Øygard Dale er på ingen måte gløymt. I klasserommet er det to bilde av han, og desse skal følgja klassen ut tredje året, fortel læraren.

Knut blir ofte snakka om, spesielt hvis det dukkar opp ein situasjon der han ville hatt ein eller annan slåande kommentar, eller om klassen har fag han likte spesielt godt.

Elevar har lurt på når det er greitt å le igjen og når ein kan ta tilbake kvardagen.
– Me vaksne må forklare at alle kjensler er lov, og at ein difor kan le, sjølv om ein også er trist, og at det er greitt å komma tilbake til det vanlege livet att, seier kontaktlæraren.

– Skulekvardagen var prega av ulukka dei første vekene etter nyttår. Det blei gitt færre prøvar dei to første vekene, og vurderinga blei utsett ei tid, men deretter har me prøvd å køyra skule som vanleg. Elevane har fått beskjed om å ta kontakt med meg, om dei kjenner det røyner på, seier Mallin Bjørheim Gjesdal.
 

Godt å ha skulediakon

Rektor Erik Danielsen er glad skulen har fått sin eigen skulediakon. Han trur at ungdom på denne alderen kan føla det lettare å snakka med ein utanforståande enn med foreldre og vener, om noko røyner på.

– Dette tilbodet er komme i stand takka vere eit spleiselag mellom kyrkja i Strand, Strand kommune og bispedømmet. Det er svært godt for oss tilsette å ha ein diakon med i dette arbeidet, som er vand med å møta menneske i sorg, som kan lytta, vise omsorg og stilla dei gode spørsmåla,  seier Erik Danielsen.
 

Så sant dei pårørande ønsker det, vil me gjerne møta familien til den som er død.


Diakonen fortalde elevane kva kjensler og tankar som var vanlege i samband med slike ulukker, og kvar dag året rundt er han ein dag på skulen for elevar som ønsker å snakka med han. Erik Danielsen lærte ein del om krisehandtering på lærarskulen. Mallin Bjørheim Gjesdal, derimot, fortel at ho ikkje lærte noko om å handtera kriser på lektorstudiet, men ho har arbeidd litt innan psykiatrien, og denne erfaringa følte ho kom godt med i denne situasjonen.
 

Du må sjå den enkelte

Det er viktig å ha evna til å sjå kven som treng noko ekstra. Du må vera til stades med heile deg i sorgarbeidet, er bodskapen frå rektor. I tillegg må ein prøva å få til ein god dialog med foreldra.

Skulen tok også initiativ til eit mindre minnesamvær med familien til Knut Øygard Dale i Hjelmeland. Der deltok berre nokre få tilsette og dei beste skulekompisane hans.

– Så sant dei pårørande ønsker det, vil me gjerne møta familien til den som er død, forklarer rektor Danielsen.

Første skuledag etter juleferien  blei det også laga til ei minnesamling og gravferda blei streama i auditoriet. Før overføringa forklarte diakonen litt om kva som skulle skje i gravferda, spesielt med tanke på dei elevane som aldri hadde sett ein slike seremoni før.

For dei tilsette blei det også viktig å vise at det er lov å vise kjensler, og at ein ikkje må frykte gråten. Elevane må difor også tåla å sjå at me tilsette er berørte, seier Danielsen.

Ikkje så lenge etter dødsfallet, fekk dei som ville tilbod om å vere med å lage ei minnebok frå klassen, med både tekstar og bilde. Denne blei gitt til foreldra nokre veker etter gravferda.

Under det andre minnesamværet på skulen heldt tre av dei næraste kameratane hans minnetale, og det blei også då tent lys for å minnast den døde klassekameraten. Skulens tilbaud også eit eige stillerom for dei som måtte trengja det.
 

Viktig å føla seg fram

Erik Danielsen seier at til tross for  at skulen har gode prosedyrar, må ein alltid føle seg fram når ei krise oppstår, for alle klassane er ulike og taklar slike hendingar ulikt.

– Det er viktig for skulen å ha ein plan, fordi ein då har eit utgangspunkt for å diskutere det me gjer, og dersom erfaringar tilseier det, kan me justera praksisen vår.
– Å ha faste prosedyrar, gjer at det blir mindre personavhengig korleis skulen opptrer i slike kriser, legg diakon Michael Zülov til.

Rektoren trur at for enkelte vil livet bli definert som eit før og etter ei slik dramatisk hending som å mista ein klassekamerat. Det kan gi unge menneske eit fundamentalt nytt syn på tilværet og prega korleis ein taklar livet etterpå. Så sterk kan ei slik oppleving vera, minner han om.
 

Skulen tok vare på oss

Han trur at klassen vil bera med seg tapet så lenge dei går på skulen, men at  sorga og saknet vil gå i bølgjer.
 

Å mista ein klassekamerat, førte til både sjokk og fornekting den første tida.


– Spesielt unge menneske kan gå inn og ut av sorg på ein annan måte enn me eldre gjer. Men brått er sorga der igjen, utløyst ved eit minne eller ei hending som minner om han som er død. Livsrytmen både på skule og fritid blir råka for dei næraste venene, understrekar Erik Danielsen om.

Harald Aakre Hansen, Jostein Hetlesæter og Henrik Bakke var blant dei beste venene til Knut. Dei tre tykte det var godt å få samlast på skulen kort tid etter venen deira døydde. Alle tre føler skulen har gjort ein god jobb med å ta vare på elevane i etterkant av ulukka.

– Å mista ein klassekamerat, førte til både sjokk og fornekting den første tida, fortel dei tre.

Firkløveret hang mykje i lag, både på skulen og på fritida. Tida etter meldinga om dødsfallet kom ut i media var krevjande for gutane, for dei fekk raskt ei uro over at det kunne vera venen deira  som var død, men dei prøvde i starten å bortforklare dette for seg sjølve.

Dei har gode minne om ein kompis som likte å vera litt motstraums. Medan dei driv aktivt med idrett, likte Knut best å sitja og fordjupa seg i fag, medan dei trente. Han hadde ofte ein godmodig, men oppgitt kommentar til venene sine då dei kom tilbake til skulen våte i håret etter treningsøkta.
 

Glade for å bli valde ut

Kameratane saknar hans humoristiske kverulering, og hans glede over ein god diskusjon og hans kjærleik til salmar og nynorsk.

Dei tre venene er takksame for at dei blei valde ut til å vera med i gravferda til Knut, og der fekk høve til å fortelja familien for ein fin fyr han var. Henrik Bakke skildrar sorga si som ein sirkel. Ei stund trur han på at Knut er død, så fornektar han det, så gløyme han det ut, før den triste sanninga igjen på nytt går opp for han, og alt det vonde kjem tilbake, forklarer han.

– Det går ikkje heilt opp for deg. Den tyngste tida var like etter gravferda då situasjonen byrja å normalisera seg, då kom saknet, seier Harald Aakre Hansen.

Dei var fire gutar som sat på rekke i matte- og fysikktimane, no er det ein i rekka som manglar.

– Alle la merke til Knut, han skilde seg ut på ein god måte og var lett å snakke med, seier Jostein Hetlesæter.  

Gutane seier at sjølv om dei må gå inn i den skulefaglege bobla, så er han i tankane deira kvar dag. Det er så mange settingar der dei blir mindre om han her på skulen. Difor snakkar dei titt og ofte om kompisen sin.
 

Eit nytt syn på livet

Alle føler dei har fått eit anna perspektiv på tilværet etter Knuts død. Dei skil meir mellom bagatellar og viktige ting, fortel dei.

– Knut var nøktern og ekte. Det å vera seg sjølv er ein verdi dei vil ta vidare med seg i eigne liv. Dei har lært kor skjørt livet er og at ein ikkje alltid veit heilt kva ein har, før ein mistar det.

Dei tre gutane saknar også glupingen som hjalp dei med skulearbeidet og alltid hadde ein optimistisk kommentar på lur.

Kameratane har sett kor viktig det er å våga å vera seg sjølv og gjera det du meiner er rett. Snart fyller dei 18, og alle har planar om sertifikat. Når den tida kjem, vil dei køyre og besøke grava til bestevenen sin i Hjelmeland.