← Gå tilbake

Universell%20utforming

← Gå tilbake

Heidi%20(2)
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Publiseringsdato: 04.01.21

Pårørendesenteret skal bli betre på universell utforming digitalt

– I løpet av 2021 har me som mål å gjera nettsidene våre meir tilgjengeleg for framandspråklege og menneske med ulike funksjonsnedsettingar, seier dagleg leiar ved Pårørendesenteret, Unn Birkeland.
Senteret har mellom anna planar om å få oversett ein del av innhaldet på nettsida til andre språk, som engelsk, polsk, arabisk og somalisk. Det er også ønske om å få teksta fleire av filmane på nettsida, og å få lese inn lydfiler på nokre av dei faste tekstane som ligg ute, opplyser Birkeland.
 

– Dette er viktig for oss

Men dette kostar pengar, og Pårørendesenteret driv difor aktiv og søker støtte til ei slik tilrettelegging. Unn Birkeland ønsker nemleg i minst mogleg grad å ta pengar frå den alminnelege drifta til oppgradering av nettsida.

Å ha universelt utforma nettsider, er lovpålagt. Tilsynet for universell utforming av ikt kan påleggja endringar og gi dagbøter til både statlege og private organisasjonar som ikkje stettar krava til universell utforming på nettsidene sine. Nyleg kom Skatteetaten i Tilsynets søkelys fordi skattemeldinga ikkje var i tråd med regelverket for universell utforming.  Tilsynet fann feil som gjaldt skjema og koding, noko som gjorde skjemaet vanskeleg å bruke for blinde og svaksynte.
 

Dette er noko me verkeleg ønsker å få til, for me er klar over ansvaret vårt. Ei viktig nyvinning har me alt gjort, og det gjeld utskriving av artiklar. 


Det at det er forskriftsfesta gir Birkeland ei von om at søknadar til universell utforming kan bli prioriterte.

– Dette er noko me tek på alvor i Pårørendesenteret. Temaet har regelmessig vore drøfta både i styret og blant dei tilsette, i samband med strategiplan og fagdagar. Redaksjonen har også temaet på agendaen. Dette er noko me verkeleg ønsker å få til, for me er klar over ansvaret vårt. Ei viktig nyvinning har me alt gjort, og det gjeld utskriving av artiklar. Det kan no gjerast i ein lesevenleg pdf, som ein kan gi til  nokon som ikkje har pc, til dømes, fortel Unn Birkeland.
 

Mangle slurvar

Ein gjennomgang utført av tilsynet i 2018 viste at av 300 nettsider i offentleg og privat sektor, oppfylte 60 prosent krava til universell utforming på dei digitale flatene, mange verksemder og føretak har difor ein veg å gå, opplyser seniorrådgjevar Siv Bianca Kjosås i Tilsynet for universell utforming av ikt. 

– Er et dyrt å leggja til rette for universell utforming digitalt?
–Det er ei myte at universelt utforma ikt-løysingar er dyrt. Det er oftast ikkje slik. Det viktigaste verksemdene kan gjera, er å ta høgde for universell utforming frå starten av. Det kostar meir dersom verksemda må retta opp brot på krava i etterkant. Universell utforming vil bidra til at verksemdene når ut med informasjon og tenester til fleire innbyggarar og kundar, forklarer Siv Bianca Kjosås. 

Ifølge Kjosås er dei vanlegaste feila å ha for svak kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden, svikt i kodinga av innhaldet, mangelfull merking av obligatoriske skjemafelt, dårlege feilmeldingar i skjema, at video med lyd ikkje er teksta, eller at nettstaden ikkje er råd å bruke med berre tastatur.
 

Det handlar om menneskerettar

– Å ha nettsider som alle menneske kan bruka sjølv om dei  har kognitive utfordringar, svekka forståing som følgje av høg alder eller problem med syn og høyrsle, handlar om menneskerettar og at alle skal kunna delta i samfunnet på ein likeverdig måte, påpeiker professor Inger Marie Lid ved VID vitenskapelige høyskole i Oslo. 

I følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå har ein av fem personar ei varig eller mellombels funksjonsnedsetting. I eit slikt perspektiv blir det ei viktig samfunnsoppgåve å passe på at det ikkje oppstår eit misforhold mellom dei krava samfunnet stiller til digital deltaking, og kva den enkelte er i stand til å utføre.
 

Lettlesen tekst, teksting av filmar, teiknspråk og det å kunna få ein tekst opplesen er viktige element i ei universelt utforma nettside.


– Det er synd at universell utforming er så lite forankra i det offentlege Norge. Skatteetaten, dei høgare utdanningsinstitusjonane og dei politiske partia er blant dei som har oversett kor viktig dette er. Diskriminerings- og tilgjengelighetslova kom alt i 2009, så dei har hatt mange år på å tatt tak i dette, seier Inger Marie Lid.

Ho viser til at i USA har dette vore lovfesta heilt sidan 1991.
 

Få det inn i ryggmargen

Ifølge Lid er element som lettlesen tekst, teksting av filmar, teiknspråk og det å kunna få ein tekst opplesen viktige i ei universelt utforma nettside. I mange tilfelle blir opplesinga gjort av ein robotstemme, noko som kan vera utmattande å høyre på i lengda, legg ho til.
Lid råder alle nettstader til å leggje seg på dei internasjonale standardane for nett-tilgjenge.
 

Likeverdig tilgong til informasjon frå statlege nettsider og politiske parti, handlar om våre demokratiske rettar og våre moglegheiter til å delta som borgarar.


– Det krev ein del innsats og kunnskap å få dette til. Det viktigaste er at universell utforming blir ein overordna idé i heile organisasjonen, og at ein ikkje tek skippertak for så å falla tilbake. I staden må ein jobbe jamt og trutt med dette for å sikre ein stabil kvalitet. For dette er viktig. Likeverdig tilgong til informasjon frå statlege nettsider og politiske parti, handlar om våre demokratiske rettar og våre moglegheiter til å delta som borgarar, understrekar Lid.

Verdas Helseorganisasjon har funne ut at mellom 15 og 17 prosent har eller vil ein eller annan gong ha behov for universell utforming.

– Ein kan kanskje tenkja at eg treng ikkje det, men brått kan ein på grunn av sjukdom eller skade, finna seg i ein situasjon der ein ser at universell utforming, er også for slike som meg, minner Inger Marie Lid om.