← Gå tilbake

IMG_6427%20(1)_jpeg%5B3%5D%20copy

← Gå tilbake

Heidi%20(2)
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Publiseringsdato: 16.01.22

Pårørande har vore med og bestemt kva type tilsette som skal arbeida i bufellesskapet

Snart opnar det private bufellesskapet Solborg i Stavanger. Her skal det bu 11 menneske med psykisk utviklingshemming. Brukarane og foreldra deira har fått vera med og bestemma kva type tilsette kommunen skulle søke etter.
Bufellesskapet vil sysselsetta rundt 23 tilsette fordelte på 15 årsverk. Det fortel assisterande virksomhetsledar i Bo og aktivitet Nord, Ann-Elin Tingvik (avbilda) og virksomhetsleiar Stina Bøe.

Eit anna privat bufellesskap er også under bygging. I desse bufellesskapa eig alle brukarane sine eigne leilegheiter, mens kommunen tek seg av drifta.


Dei må kunna klesvask

Ann-Elin Tingvik meiner ei slik organisering gjer det enklare for pårørande og brukarar å påverke ramma rundt desse bufellesskapa i ein oppstartfase, enn i dei fellesskapa som kommunen både eig og driftar. Det er ei foreldregruppe som har tatt initiativ til og stått på for å få til denne buforma. Det blei deretter sett saman ei arbeidsgruppe med representantar frå foreldregruppa og kommunen for å realisera prosjektet.

Bufellesskapet blir drifta som eit bustadbyggelag med eige styre som har fast kontakt med dei som skal ha den daglege drifta av tenesta når den kjem i gong på nyåret.

– Brukarmedverknad er viktig for oss. Men sidan dette er menneske med ulike grader av utviklingshemming og kognitiv svikt, er naturlegvis også dei pårørande svært viktige, understrekar Tingvik.

Då ein skulle tilsetja folk til Solborg fekk pårørande og brukarar tilsendt eit skjema der kommunen mellom anna spurte kva spørsmål ein skulle stilla til arbeidssøkjarane under jobbintervjua. Ein ville også gjerne vita kva pårørande og brukarar tykte var viktig at dei tilsette på Solborg skulle kunna, og kva eigenskapar dei verdsette.


Fagfolk med litt husmorkompetanse

– Det som gjekk igjen i svara var at dei tilsette må ha evne til å sjå den enkelte brukar. I tillegg til god fagkunnskap om menneske med psykisk utviklingshemming, ønskte dei tilsette som kan trekka inn eigne interesser som motivasjon for å jobba her. Pårørande nemner også husmorkompetanse som viktig i eit bufellesskap. Det er til dømes viktig å kunna vaska klede, utan at desse blir øydelagde, påpeiker Ann-Elin Tingvik.

Det er frustrerande for pårørande å stadig få dyre klede øydelagte på grunn av feil vasking. Dette kan lett skje i eit bufellesskap der gjerne 20 tilsette er involverte rundt ein brukar. Feil som skjer i alle heimar, har ein tendens til å skje hyppigare der det er fleire menneske involvert. Difor er dette ein viktig kompetanse å ha, likeins det å kunna baka og laga mat saman med brukaren. Ein er også på jakt etter tilsette som kan motivera brukaren til å vera aktiv på ulike arenaer, fortel Tingvik og Stina Bøe.

Det kan vera slike ting som å spela Fortnite, trena eller synga. Å kunna følga opp brukarane sine interesser, vera engasjert og motivert, er med på å gjera butilbodet best mogleg, viser Tingvik til.

Tilsette som deler brukarane sine interesser og kan vera med dei på ulike aktivitetar, stod også høgt på ønskelista. Pårørande ønskte seg tilsette som har erfaring frå liknande jobbar, og ikkje berre unge uerfarne.

Stillingsannonsane blei viste til foreldregruppa før utlysing. For å arbeida fast i eit slikt bufellesskap bør ein ha utdanning som vernepleiar eller helsefagarbeidar. Sosionomar, barnevernspedagogar og miljøterapeutar kan også vera aktuelle. Det er også viktig at dei som går inn i slike jobbar, har litt av den gamle husmorkompetansen med seg.


Kva forventar me av kvarandre?

Grunnlaget for å etablera eit godt pårørandearbeid er betre der det er etablert eit styre som samhandlar om drifta av bufellesskapet for å skapa best mogleg tenester til bebuarane.

Grunnlaget for eit godt samarbeid er enklare når ein veit kven som har fått tildelt plassane i bufellesskapet, og ein kan setja i gong i god tid før innflytting. Slik kan alle partar delta meir i prosessane enn i allereie etablerte bufellesskap, men grunnlaget for godt samarbeid skal vera til stades uavhengig av korleis det er organisert, påpeiker Stina Bøe.

– Pårørande har sagt at tillit må liggja i botn skal samarbeidet bli godt. Dette er heilt naturleg så lenge våre tilsette skal overta ansvaret for det mest dyrebare dei har i livet sitt. Då er det heilt forståeleg at pårørande stiller ein del krav til oss, seier Bøe.

Pårørande bestemte seg i mellom kvar den enkelte bebuar skulle bu i bu fellesskapet.

– Vårt inntrykk er at pårørande til yngre brukarar er meir engasjerte i liva til barna sine, enn foreldra til dei vaksne brukarane våre. Dette kan kanskje skuldast eit generasjonsskifte, der dagens menneske er meir klar over kva rettar ein har, også som pårørande, men dette kan variera, seier Tingvik og Bøe.

Å ta brukarar og pårørande med på råd kan vera utfordrande og krevjande dersom det oppstår situasjonar der interessene er ulike. Brukarens ønske skal stå i sentrum, men somme gonger går dette på tvers av både pårørande og tilsette sine ønske. Kva gjer ein då?


Pårørande meir inne no

Å ha eit pårørandeperspektiv er ein naturleg del av å arbeida med menneske med psykisk utviklingshemming. Dei tilsette vil regelmessig ha kontakt med foreldra til brukarane. Framleis kan me nok bli endå betre på å involvera pårørande, men me er sikre på at me er på rett veg, seier Stina Bøe og Ann-Elin Tingvik.

Gjennom endra lovverk og veiledarar har pårørande no fått ei meir sentral rolle. Bøe og Tingvik likar å bli utfordra av pårørande, og meiner opne og gode diskusjonar er eit gode som alle partar kan læra noko av. Det er spesielt viktig i tilfelle der tilsette føler at pårørande er urimelege og altfor kravstore. Kvifor er det så mykje kritikk å få sjølv om eg prøver å gjera mitt beste? kan ein undra seg.

– Då er det viktig for oss å vita at pårørande har levd eit langt liv før me kom inn. Opplevingar og haldningar dei har møtt før, kan vera med og farga reaksjonsmønsteret deira. Difor må me snakka om kva forventningar me har, seier virksomhetsleiar Stina Bøe.

Bøe og Tingvik sitt inntrykk er at jamt over set pårørande stor pris på å bli involvert.