I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
27. august 2018

Steforeldre som pårørande: - Eg blei ikkje rekna med då stesonen min døydde

Korleis møter ein ei stemor si sorg? Vel, der er det ennå ein del vankunne i hjelpeapparat og blant folk flest, meiner «Turid».
chris-hardy-NEW_U9lp3Hw-unsplash
Av omsyn til resten av familien ønsker ho og mannen å fortelja historia si anonymt.
 

Blindsone

Begge meiner steforeldre og stesøsken ofte hamnar i ei blindsone i hjelpeapparatet. Dei blir ikkje rekna som fullverdige pårørande, til tross for at dei har teke aktivt del i livet til den som er død eller sjuk.

For ein del år sidan opplevde Turid og ektemannen Kåre sitt livs mørkaste dag. Tenåringsguten Otto tok livet av seg. Ein ung gut med livet framføre seg orka ikkje meir.

Ektemannen Kåre fekk hendene fulle, både med si eiga sorg, og med å hjelpa og støtta si tidlegare kone og deira andre felles barn gjennom tragedien. Hans største frykt der og då var at han skulle mista fleire familiemedlemmar.

Sjølv var Turid så vidt innom heimen til ektemannens ekskone (der guten døydde) like etter dødsfallet, elles blei ho halden utanfor. I ettertid ser både Turid og Kåre at dette gjorde han fordi han ønskte å skåna kona.

Få eller ingen spurde korleis Turid hadde det, sjølv om ho hadde teke del i livet til Otto heilt frå han var ein liten gut.
 

Eg var like trist som dei andre

– Eg var like trist og sjokkert som dei andre for eg hadde fått sterke band til han. Men eg våga ikkje seie noko om sorga mi til mannen min. Trur eg tenkte at eg måtte skåna han. Eg såg jo at han hadde veldig mykje å ta seg av og at han hadde det forferdeleg vondt sjølv.

Heller ingen andre tenkte så mykje på meg, fekk eg inntrykk av. Det einaste eg fekk høyra av ein, var at eg nå måtte vera sterk for dei andre, fortel ho.

Ektemannen såg ho knapt dei næraste dagane for han var mykje hjå si tidlegare kone. Her møtte dei presten og førebudde gravferd. Heime gjekk Turid og kjende på vanskelege kjensler, samt mangel på involvering.

På sidelinja

– Eg skjøna jo at han måtte vera saman med gutens mor i desse dagane, det er ikkje det, likevel kjendest det sårt å bli sett på sidelinja, for eg hadde også forslag og ønske rundt gravferda sidan eg jo kjende guten godt, forklarer ho.

Det var ein psykiatrisk sjukepleiar som fekk stemora inn på radaren. Kåre fekk nemleg tilbod om samtalar hjå denne sjukepleiaren. Ein gong han var hjå henne spurde ho: – Korleis går det med kona di?

Kåre svara at han trudde det gjekk greitt med henne. Sjukepleiaren insisterte likevel på å få snakke med henne, sjølv om han inst inne ikkje kunne skjøna at det var nødvendig.

Kåre fortel at då kona kom heim etter samtalen hadde ho fått ei lekse. Dei to skulle snakke skikkeleg saman om alt som var hendt.
 

Ekteskapet i krise

– Først då skjøna eg kor langt unna kvarandre me hadde hamna. Eg forstod at Turid vurderte å gå i frå meg, fordi eg ikkje såg henne oppi mi eiga sorg. Det blei ein skikkeleg vekkjar for meg, påpeiker han.

I ettertid ser han at han gjorde ein stor feil ved å ikkje gi kona ei rolle i det som skjedde, på lik linje med dei andre familiemedlemmene.

Turid meiner samtalen med sjukepleiaren redda ekteskapet deira og gav henne mot til å setje ord på kva ho tenkte og kva ho trong midt oppi det heile. Kåre innser at han burde ha bede presten om å også komma til hans heim, som jo var guten sin andre heim, slik at stemora også fekk komma med sine tankar rundt det som var skjedd.
 

Eg trong å bli tatt på alvor

Turid seier det var viktig for henne at også hennar sorg blei tatt på alvor. Hennar råd til andre steforeldre er å våga å seia kva du føler og søk hjelp hjå fagfolk for å sortera tankar.

Sjølv har ho og ektemannen etterpå hatt stort utbytte av å engasjera seg i Leve som er Landsforeningen for etterlatte etter sjølvmord.

Her har dei også spelt inn utfordringane rundt stefamilie som pårørande, fortel Kåre. Han og kona er overraska over at stefamilie framleis er så lite synlege som pårørande i ei tid då svært mange familiar består av langt fleire medlemmer enn dei biologiske slektningane.

Den moderne familien
– Steforeldre, stesøsken, stetanter, steonklar og stebesteforeldre er ei gruppe pårørande som bør inkluderast i sirkelen av nærståande, desse bør få same status som biologisk familie, påpeiker ekteparet.
 
Turid og Kåre lever i dag eit godt liv. Begge har dagar då sorga luggar litt ekstra, men dei fleste dagane er gode. Otto er i tankane deira ofte og han er eit naturleg samtaleemne både i familien og når dei er saman med vener.

– Vårt råd til andre er å vera open etter eit sjølvmord. Fortel om det som har hendt både på arbeidsplass og til vener. Då er det lettare å få hjelp, seier dei.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut