I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
19. oktober 2023

– Det skal meir til enn ei fleirspråkleg nettside

Å få kontakt med pårørande med minoritetsbakgrunn er eit krevjande arbeid, som krev stort tålmod og mykje oppsøkande verksemd. Det slår fagkonsulent Sissel Reinertsen ved Pårørendesenteret fast.
DSC_1409%20copy
I eit år har ho og Hanan Koleib arbeida mot fleirkulturelle miljø i Stavanger. Dei to har oppsøkt mange forskjellige miljø. Johannes Læringssenter har vore ein viktig arena for dette arbeidet. Her har Pårørendesenteret sine to representantar både undervist og informert om pårørandeperspektivet, og opplyst om ulike tilbod ved senteret.
 

Oppsøker ulike miljø

Reinertsen og Koleib har også delteke i kyrkjelege dialoggrupper, og i aktivitetar i regi av Caritas. Kvinnegrupper i moskear er besøkte, og ein har knytta kontakt med Muslimsk Fellesråd og Flyktningtenesta. Slik har ein utvida det fleirkulturelle nettverket til Pårørendesenteret, og har gjennom dette kunna formidla stiftinga sin funksjon og posisjon.

 

– Til tross for stor innsats, ser me at det tek veldig lang tid å nå inn til dei pårørande me ønsker å nå. Språkbarrieren og kulturforskjellar kan vera ein grunn til dette, og det kan vere vanskeleg å vita om bodskapen når heilt fram, seier Sissel Reinertsen.

Ein del menneske som ho møter skjønar kanskje ikkje at dei har ei pårøranderolle eingong, eller så vil dei ikkje opna opp om det. Reinertsen viser til at spesielt i møte med ukrainske unge, er det mange som lukkar seg og ikkje vil snakka om ei eventuell uro for slekt som er igjen i det krigsramma heimlandet.

 

Tek tid å komma i posisjon å få tillit

Ho fortel vidare at mange flyktningar og andre innvandrarar kjem frå samfunn og kulturar der storfamilien står sterkt. Dei er ikkje nødvendigvis vande med å trekkja fram seg sjølv og venda blikket mot personlege behov i same grad, viser ho til. Det kan difor vera vanskeleg å få nokon til å snakka berre om seg sjølv og si eiga oppfatning.

For mange som kjem til Norge kan det nok kjennast krevjande å mista dette storfamilie-fellesskapet der fleire går saman om å ta vare på einannan. Når ein kjem åleine til Norge, kan det vera vanskeleg å forstå vårt perspektiv. Då kan det ta tid å sjå seg sjølv som pårørande til dei i heimlandet. Difor gjeld det å bruka tid og gjerne gjenta bodskapen fleire gonger, seier Sissel. 

 

– Ukrainsk ungdom med familie i krigssona er ofte ikkje så mottakelege for å snakka om si pårøranderolle. Dei er mest opptekne av å komma i gong med å læra språk og komma seg i utdanning og jobb. Dette er det på mange måtar lett å forstå, me prøver likevel å få til ein prat med flyktningar om det å vera pårørande, ein situasjon alle kjem i fleire gonger i løpet av livet, og i desse samtalane brukar eg gjerne erfaringar frå mitt eige liv, fortel Sissel Reinertsen.

 

Bruk tid, skap tillit

Ho har likevel erfart at når tida går, kan menneske som først ikkje ville snakka om pårøranderolla, likevel tø opp og snakka meir ope, når ein først har fått hol på byllen.

Greier ein å skapa ei avslappa ramme rundt møta, kan det om ein brukar tid, la seg gjera å komma i posisjon, slik at den enkelte tør å opna opp for sine tankar om det å vera pårørande, og tør å vera tydelege på kva han eller ho treng hjelp til. Av og til kan ein slik liten samtale der ein opnar opp om kva ein står i, vera nok å letta på børa. 

Ikkje alle som kjem til Norge har klart for seg kva det betyr å vera pårørande og kva Pårørendesentet kan tilby. Ein del håpar det kan bety pengar, noko Reinertsen godt kan forstå sidan mange av desse menneska ikkje har arbeid og dermed ofte dårleg råd.
 

Til tross for stor innsats, ser me at det tek veldig lang tid å nå inn til dei pårørande me ønsker å nå. Språkbarrieren og kulturforskjellar kan vera ein grunn til dette, og det kan vere vanskeleg å vita om bodskapen når heilt fram.


Sissel Reinertsen seier det er viktig å halde fram arbeidet med å få menneske med fleirkulturell bakgrunn til å setje ord på sine erfaringar som pårørande. Ho viser til at det blir stadig fleire menneske med minoritetsbakgrunn i Norge.

Ho ser at ein kanskje må justera innsatsen noko, slik at ein møter innvandrarane på rett tid, og ikkje berre på Johannes Læringssenter, like etter dei er komne til landet og har hovudet fullt av språkopplæring og integrering. Likevel meiner ho det er viktig at organisasjonar som Flyktningetjenesten veit om Pårørendesenteret sitt lågterskeltilbod som også er gratis.


Mykje skam rundt rus og psykisk uhelse
– Psykisk uhelse og rusmisbrukt blant mange menneske med minoritetsbakgrunn er ofte endå meir skamfullt enn blant etnisk norske. I Ukraina til dømes, går nesten ingen til psykolog. Då skal du i tilfelle vera svært sjuk, og ei slik haldning gjer nok at du har høg terskel for å ta opp psykiske vanskar, anten det gjeld deg sjølv eller nokon du er pårørande til, trur Sissel Reinertsen.

Det er ikkje så lett å få overblikk over kva utfordringane handlar om i desse miljøa. Sissel Reinertsen er på ein måte overraska over at det har vore ein så tung prosess å nå inn til menneske med minoritetsbakgrunn. Likevel er det ikkje anna å gjera enn å krumma ryggen, leggja stein på stein og byggja eit fundament, ein grunnmur, som ein kan stå på. Det er viktig å møta dei der dei er, og fleire møte skjer på ettermiddagen.

– Hanan har arbeidd lenge med dette, og ho seier at tålmod gjer at ein til slutt vil nå inn og komme i posisjon til å yte hjelp til pårørande. Og somme menneske frå fleirkulturelle miljø tek kontakt med Pårørendesenteret. Men me veit jo ikkje om det er på grunn av vår innsats, eller om dei ville tatt kontakt uansett, påpeiker Sissel Reinertsen.

 

Eit ansikt betre enn ei nettside

Ho er klar på at Pårørendesenteret enno er altfor lite kjent i desse miljøa, og at ein må halde fram den oppsøkande aktiviteten. 

Ifølge henne nyttar det ikkje å lene seg på nettsider på urdu, arabisk, russisk, polsk og ukrainsk.

– Dei må få sjå deg, så du må besøka dei der dei er. Og du må ofte forklara dei om ei rolle som er heilt ukjent for dei. Dessutan skal me ikkje gløyma at om ein ikkje brukar dei norske omgrepa, blir det alt drive mykje god pårørandeomsorg både i moskear og kyrkjer, til dømes. For oss er det viktig å ufarleggjere det å ha ein son eller dotter som rusar seg, ta vekk skamma med å stå fram som det, påpeiker ho.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut