I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
11. april 2023

«Gjør din BIT» i skulen – nytt nettkurs

På initiativ frå og i samarbeid med Anne-Hilde Lystad i Livet&Sånn-prosjektet i Ålesund kommune, har Pårørendesenteret utvikla eit nettkurs til bruk i skulen. Målet er å inspirere og trygge lærarar i kontakt med barn som er pårørande.
BIT%20skole
Anne-Hilde Lystad er utdanna barnevernspedagog med vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge, og har ein master i helse– og sosialfag. Ho er prosjektleiar for Livet&Sånn i Ålesund kommune. Livet&Sånn starta som eit prosjekt i 2020, finansiert gjennom Program for folkehelsearbeid i kommunane, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Oppstarten skjedde samtidig som den nye læreplanen kom, og skulane skulle starte med folkehelse og livsmeistring.
 

Barnehage, barne- og ungdomstrinn

I Ålesund kommune såg Anne-Hilde og hennar kollegar at det var behov for konkret materiell som ville gjere det lettare for skulane å ha gode timar med elevane i dei aktuelle tema. Skulane i kommunen hadde tidlegare vore i kontakt for å få hjelp til å gi god undervisning om psykisk helse.
 
– Då førespurnaden kom, laga vi først timar til barnetrinnet, så til ungdomstrinnet og no har og barnehagane fått materiell dei kan bruke. I tillegg har vi laga ferdige temamøte for foreldre på alle trinn, og små personalkursbolkar til dei som jobbar med barn og unge. Alt ligg fritt tilgjengeleg på nett for alle som vil bruke det, fortel Anne-Hilde. 

I Livet&Sånn er det temamånadar, og i mars kvart år står «Vondt og vanskeleg» på planen. Her vel skulane om dei vil fokusere på seksuelle overgrep, vald i nære relasjonar eller barn som pårørande, men underviser om kvart av dei tre tema minst to gongar i løpet av dei sju åra.
 

Kompetanseheving 

– Vi fekk tilbakemeldingar frå skulane om at dei ønska støtte til å forstå og lære meir sjølv, før dei skulle bruke opplegget saman med elevane. Vi laga først eit personalkurs om vald og overgrep, og såg at det var svært nyttig. Då du, Anne Kristine, var i Ålesund og fortalte om «Gjør din BIT» i fjor, forstod eg at dette ville passe godt som personalkurs til vaksne i skulen, seier Anne-Hilde.  

Anne-Hilde fortel at skulane gjennom dei små personalkursa frå Livet&Sånn får fagleg påfyll om tema som kan vera nyttige for dei, utan at det krev at dei må dra på kurs, setje av mykje tid, eller få inn førelesarar utanfrå.
 

Tryggare vaksne

– Vi håpar kursa våre gjer det enklare å jobbe med kompetanseheving. Alle som jobbar i skule og barnehage vil jo møte elevar som er pårørande. Forhåpentleg vil dei vaksne som møter ungane vere litt tryggare på korleis dei kan hjelpe, etter å ha brukt ein liten halvtime på eit slikt kurs. Det er jo ikkje alltid det skal så mykje til for å utgjere ein skilnad. Ved å vere medviten kva ein kan gjere, blir ein tryggare - og då kan ein gi betre hjelp, seier ho. 

Anne-Hilde trur og at andre vaksne som møter barn i kvardagen kan ha nytte av både «Gjør din BIT» og dei andre små kursa som ligg på nettstaden deira Personalkurs - Livet og sånn.
 
Kurset «Gjør din BIT» i skulen er også gratis tilgjengeleg i Pårørendesenterets eigen kursportal.
 
Ellipse%2035
Anne%20Kristine
Tekst:

​Anne Kristine Bergem

Spesialist i psykiatri
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut