I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
26. april 2023

Fleirkulturelle pårørande kan vera vanskelege å nå

Pårørendesenteret ønsker å nå ut til pårørande frå andre land. Som eit ledd i dette, har Hanan Koleib eit engasjement som fagkonsulent. Ho har erfaring frå ei stilling som minoritetsrådgiver i Stavanger barneverntjeneste, og har mellom anna forska på rusavhengige.
Hanan%20Koleib

Om ein familie har eit familiemedlem som misbrukar rusmiddel, kan det i verste fall føre til at ei jente ikkje blir gift, eller må gifta seg med ein mindre bra mann frå ein familie med færre ressursar. Rusmisbruk er endå meir skamfullt blant minoritetar, seier Hanan Koleib.

Å ha ein rusmisbrukar i familien, gjer at heile familien mistar status. Slekta får lida på ein annan måte for det eit familiemedlem gjer, enn blant etnisk norske.

 

Skamma råkar heile familien

– Det er ei stor skam. Ja, ein skandale om slikt råkar ein familie. Dette blir hysj hysj, noko som skal teiast i hel. Saka blir lagt lokk på, i staden for at personen som slit får hjelp til å komma ut av det vedkomande er avhengig av, påpeiker ho.

For å komma inn i desse tabubelagte områda, må ein finna kanalar ut til dei pårørande, slik at dei kan få kunnskap om kva som finst av tilbod og få hjelp til å forstå at det ikkje er noko dei skal skamma seg over. Mange innvandrarar veit ikkje kor dei skal få hjelp, eller kva det å få hjelp inneber, innvender Koleib. Samstundes manglar hjelpeapparatet kunnskap om korleis ein møter pårørande frå andre land, fordi ein ikkje har god nok kjennskap til kulturen, tilføyer ho.

 

Ei viktig gruppe å nå

For å nå ut til flest mogleg pårørande med minoritetsbakgrunn samarbeider Pårørendesenteret med Flyktningseksjonen i Stavanger og Johannes Læringssenter for å etablera kontakt med dei menneska ein ønsker å nå ut til. Pårørendesenteret har også ein fast bolk med informasjon i introduksjonsprogrammet.

Pårørande frå til dømes Ukraina og frå arabiske og afrikanske land, står gjerne ganske åleine i Noreg. Resten av familien er i utlandet, dei har gjerne ikkje naboar og slekt som kan hjelpa. Det er ein viktig grunn til at arbeidet med å nå desse pårørande er ekstra viktig, minner ho om.

– Denne gruppa har, til no, ikkje fått eit godt nok tilbud, og me veit at dei treng hjelp, forklarer Koleib.

Saka blir lagt lokk på, i staden for at personen som slit får hjelp til å komma ut av det vedkomande er avhengig av.

Hanan Koleib, fagkonsulent på Pårørendesenteret

Rusmisbruk går på æra laus for heile familien. Forbodet mot alkolhol blant muslimar gjer ikkje stigmaet mindre, viser Hanan Koleib til. Det er difor ei ekstra stor skam blant muslimar om nokon drikk alkohol.

Blant menneske med minoritetsbakgrunn er problemstillinga rundt rusmisbruk og skam spesielt aktuell blant menneske frå Midtausten og Somalia. Det er i all hovudsak menn som blir rusavhengige. Men blir ei kvinne avhengig av rusmiddel er skamma tredobbel, ho vil bli stempla som dårleg mor, seier Koleib.

Blant somaliske menn er det khat som er kjelda til dei fleste rusproblema. Blant folk frå Midtausten er hasj den største utfordringa, alkohol kjem først på fjerde eller femte plass blant rusavhengige med minoritetsbakgrunn.

 

Rusen kan vera ei flukt frå krigstraume

Ungdom som har foreldre med innvandrarbakgrunn drikk ofte mykje alkohol.

– Når desse er med etnisk norske vener vil dei visa kor godt integrerte dei er, gjennom å drikka like mykje, eller meir enn dei etnisk norske ungdommane, seier Hanan Koleib.

Kvinner som har ektemenn som misbrukar rusmiddel tør ofte ikkje seie frå, i frykt for å miste barna. Grunnen til at menn frå minoritetar er meir utsette for å bli rusmisbrukarar, er at dei i mange kulturar har større fridom enn kvinner til å treffast ute for å vera sosiale. Kvinner er i større grad bundne til heimen saman med barna, og er underlagt større sosial kontroll. Det gir dei færre høve til å oppsøke hjelp, forklarer Koleib. 

Mange som kjem til Noreg som flyktinger har fleire barn og utdanningsnivået er lågare enn ellers i befolkninga, fleire er også analfabetar. Desse menneska er det spesielt viktig å nå, og då må me oppsøka dei der dei er, fordi dei har vanskeleg for dei å finna informasjon om hjelpetilboda sjølve, viser Koleib til.

Pårørendesenteret ønsker, ifølge Hanan Koleib, å skapa lågterskel møteplasser mellom hjelparane og pårørande frå andre land. Senteret skal vera oppsøkande og gi denne gruppa ei innføring i kva tilbod som finst. Det er viktig å forenkla kontakten – visa at hjelpa finst. På sikt er det også planen å ha informasjon på Pårørendeprogrammet.no til fagpersonar som møter pårørande med fleirkulturell bakgrunn.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut