I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
25. januar 2024

Korleis skal du hjelpa ein person utan BankID?

Hanne B. Hjemgård, busett på Austlandet står kvar veke i plunder og heft som handlar om BankID. Hjemgård er 62 år og pårørande til to gamle foreldre som ikkje har BankID eller digital tilgang på noko vis. Ho er for tida sjukmeldt frå jobben, delvis på grunn av pårørandetrøkket.
Ingen%20BankID

Mange pårørande står dagleg i store frustrasjonar og vanskar fordi menneske med alvorleg sjukdom eller kognitiv svikt, som til dømes demens, mistar BankID-en sin. Pårørendesenteret blir regelmessig kontakta av pårørande som strevar med digital identifisering på vegner av andre.

 

Ingen app på Doro-telefonar

– Foreldra mine har ikkje smarttelefonar, dermed kan dei ikkje ha appar for BankID. Kodebrikker har dei ikkje heller lenger. Fordi dei ikkje lenger er digitale går dei glipp av viktig informasjon frå det offentlege. Kontakt med helsevesen, forsikringsselskap, straumleverandør, bytte av fastlege og søknad om TT-kort, blir også meir tungvint utan BankID, fortel Hjemgård.

Fleire av dei eldre i Norge har heller aldri hatt tilgang til BankID, korkje på app eller via kodebrikke, noko som gjer det tungvint å få innsyn i opplysningar om skatt, helse og banktenester med meir, både for den som treng hjelp og dei pårørande. BankID blir i stor grad brukt av det offentlege til legitimasjon, og det er i denne kryssbruken av identifisering det kan oppstå problem for pårørande.
 

Foreldra mine har ikkje smarttelefonar, dermed kan dei ikkje ha appar for BankID. Kodebrikker har dei ikkje heller lenger.

 

Eit villnis å leita i

4,6 millionar innbyggjarar brukar elektronisk ID for å logga inn til tenester via ID-porten. ID-porten gir tilgang til meir enn 4000 digitale tenester frå meir enn 1000 offentlege verksemder, ifølge Norge.no, vegvisaren til offentlege tenester på nett.

Hanne B. Hjemgård har tatt på seg å vera bindeleddet mellom sine analoge foreldre og det offentlege, men det har vore ei tung løype å gå opp, for det finst ingen fasit, berre eit vell av ulike fullmakter å forhalda seg til, slår ho fast, ikkje utan så reint lite frustrasjon.

Ifølge Hjemgård var dei for seine med å laga til framtidsfullmakt, difor blir administreringa av foreldra sin kontakt med det offentlege ekstra strevsam. Noko får Hanne skrive ut på papir til dei, eller til eiga e-postadresse, med ingenting skjer utan mødesamt arbeid og mange telefonar.

 

Usynleg pårørandearbeid

62-åringen drøymer om ei side der ei samling av alle type fullmakter ein treng som pårørande til menneske utan BankID, i møte med dei ulike aktørane i det offentlege. 

– Ei slik nettside ville kunna forhindra at pårørande blir totalt utslitne, og føra til at dei eldre kan bu i eigen heim så lange som råd.

No er ho disponent på foreldra sine kontoar for å kunna betala rekningar. Då ligg kontoane deira i hennar nettbank, slik at ho brukar sin eigen BankID for å logga seg inn.

Hanne B. Hjemgård meiner det skulle vore lov for nære pårørande å bruka kodebrikke eller BankID til gamle foreldre etter fullmakt, og gjerne etter ei godkjenning blant søsken, for å forsikra seg om at den pårørande hadde gode og ærlege hensikter.
 

For at mor mi skal kjenne seg litt involvert i eige liv, får eg henne til å lesa opp KID-nummer og kontonummer når eg betalar rekningar for henne, forklarer Hanne.


Ho beskriv kontakten med det offentlege som eit slags usynleg pårørandearbeid som likevel tek mange timar i løpet av ein månad. Kvar veke dukkar det stort sett om situasjonar som inneber telefonaktivitet om noko som inkluderer BankID og fullmakter kvar dag, påpeiker ho.

– Men me er heldigvis eit godt lag rundt foreldra mine, for dei to søstrene mine tek også sin tørn, og har ansvar for andre oppgåver, legg Hjemgård til.

 

Få viktig info i papirpost

BankID blir administrert av BankID BankAxept, som er eit selskap eigd av bankane i fellesskap. Pårørande får presentert nokre vegar rundt deler av problema. Ei løysing er å tasta seg inn på nettsida Norge.no – og gå inn på Digital borgar og deretter klikka seg vidare til reservasjon. Slik kan ein på vegne av den sjuke eller gamle reservera seg mot digital post og få tilsendt informasjon på papir. Alt du treng er fødselsnummeret til den du er pårørande for.

Ei anna løysing er å kontakta Statsforvaltaren som administrerer verjemål. Dette er ei meir formell og for mange tungvint løysing, men denne kan vera aktuell spesielt i tilfelle der den sjuke ikkje har nære pårørande til å hjelpe seg.

Pårørendesenteret etterlyste intervjuobjekt til ei sak om temaet i ei demensgruppe på Facebook. Responsen var overveldande, og me kunne velja blant mange aktuelle kandidatar til intervju.

Mange meinte at selskapet som driftar BankID bør få til ei enklare løysing for å hjelpa pårørande til menneske som har mista sin elektroniske identitet.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut