I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
27. september 2023

Når pårørande slit med sjølvmordstankar, kan Livslosen gi støtte

Livslosen er eit lågterskeltilbod for menneske som slit med sjølvmordstankar. Også pårørande og etterlatte kan kjenna på sjølvmordstankar. Pårørande er difor også å finna blant gjestane på Livslosen sitt gjestehus, fortel Ingrid Nyhus.
Ingrid%20Nyhus%20(2)%20copy

Nyhus er prosjektleiar for Livslosen, som blir driven av Stiftelsen Diakonissehuset Lovisenberg i Oslo. Dette er ei ideell diakonal stifting med omfattande verksemd innanfor sjukehusdrift, helseutdanning, eldreomsorg, rehabilitering og barnehagedrift. Tilbodet ved Livslosen er religiøst nøytralt, opplyser ho.

Store tap kan gi mørke tankar

Felles for dei som blir tekne inn er at dei står i ei livskrise der dei slit med sjølvmordstankar. Årsaka til at ein person får tanker om å ta sitt eige liv er ofte samansette. Sjølvmordstankar kan komma som følge av sjukdom, økonomiske vanskar, dødsfall eller ved psykiske vanskar som depresjon.

Sjølvmordstankar kan også ramma pårørande. Dei kan veksa fram frå blant anna store livbelastningar og tap av ulike slag, frå sterk sorg som det å mista eit barn eller andre ein står svært nær. Då kan sjølvmordstankane komme. Og mistar eit menneske nokon til sjølvmord, aukar risikoen for at den pårørande også får tankar om å ta sitt eige liv.

Då kan Livslosen vera eit godt tilbud som kan hjelpa dei som slit med sjølvmordstankar å få auge på lysglimta som finst, slik at dei får nytt livsmot.

– Livslosen tilbyr ikkje behandling, me er eit kortvarig butibod, tufta på medmenneskeleg fellesskap, påpeiker Ingrid Nyhus.

Ifølge Nyhus finst det ulike grader av sjølvmordstankar. Ikkje alle er veldig konkrete og del av ein aktiv plan, der personen har bestemt tid og metode.

Isolasjon er ofte ein konsekvens av sjølvmordstankar. Vanlege rutinar blir brotne og personen isolerer seg meir og meir, og slit i tillegg ofte med skam.


Kven passar tilbodet for?

Ein treng ikkje gå via lege eller psykolog for å få kontakt med dette tilbodet. Den som slit må sjølv ta kontakt på telefon. Og Livslosen opererer ikkje med omgrep som brukar eller pasient. Dei som kjem hit, blir kalla gjester.

For å finna ut om Livslosen sitt tilbod passar, må alle gjennom to grundige telefonsamtalar. Det er ikkje uvanleg at pårørande ringer på vegne av eit menneske som slit med sjølvmordstankar, men då må me alltid få snakka med den det gjeld, for å kunna kartleggja om Livslosen er eit tilbod som passar denne personen, understrekar Ingrid Nyhus.

Livslosen tilbyr opphald på gjestehuset i inntil fem dagar. Mens gjestane er her får dei tilbod om et fellesskap, rutiner, måltider og samtalar med tilsette og andre gjester.

– For oss på Livslosen er det viktig å lytta til historien bak og hjelpa gjesten med å leita etter styrkar i livet.

Isolasjon er ofte ein konsekvens av sjølvmordstankar. Vanlege rutinar blir brotne og personen isolerer seg meir og meir, og slit i tillegg ofte med skam. På Livslosen får dei nokon å snakka med og blir sett. Her får dei hjelp til å retta blikk og tankar mot det som gjer livet verd å leva, fortel ho.

Gjester, ikkje pasientar

For pårørande til psykisk sjuke er livet ofte å gå på tå hev i ein nervepirrande angst for at den du er glad i skal ta livet sitt.

– Då bør ein snakke med personen og prøva og få han motivert til å ta imot hjelp. For personar som ikkje identifiserer seg med psykisk sjukdom eller har ein psykiatrisk diagnose, kan tilbud som vårt på Livslosen verka mindre «farleg», då me ikkje driv behandling eller omtalar dei som kjem til oss for pasientar, viser Nyhus til.

Livslosen tilbyr ingen medisinar og det blir ikkje skrive journal eller sett diagnosar.

Personar med sjølvmordstankar kan oppleve at alt verkar fastlåst, og at det ikkje finst nokon løysingar på situasjonen. Når nokon har sjølvmordstankar, kan dei bekymra seg for at dei er ei belasting for andre. Mange deler difor ikkje tankene sine med nokon, forklarer ho.

Gjestehuset Livslosen har halde ope sidan 1. oktober 2021. Det er elleve tilsette på Livslosen, av desse går ni tilsette i døgnturnus. I tillegg er det 30-40 frivillige som går inn i døgnturnusen.

Per nå har rundt 170 gjester vore gjennom systemet. 40 prosent er menn, men ein ønsker å nå ut til fleire menn, fordi dei er overrepresenterte i sjølvmordstatistikken i Norge.

Livslosen har gitt informasjon om tilbodet sitt til hjelpetelefonane til Kirkens SOS og Mental Helse, slik at dei kan tipsa innringarane sine.

Ingrid Nyhus gler seg over at Livslosen truleg alt har berga mange liv, og viser til at sjølvmordstala gjekk litt ned i 2022. På Livslosen får ein også fleire fine tilbakemeldingar frå gjestene om at måten Livslosen jobbar på gjer at dei føler seg sterkare etterpå. 

For pårørande til psykisk sjuke er livet ofte å gå på tå hev i ein nervepirrande angst for at den du er glad i skal ta livet sitt.

 

Bryt ut av isolasjon

Gjestane et saman og blir godt kjende under opphaldet. For mange kjennest det godt å møta andre som slit med det same.

Å bryta einsemda og isolasjonen er ofte nøkkelen til å bryta den negative spiralen som har ført til sjølvmordstankar. Ein sluttar å berre halda blikket vendt mot seg sjølv, og får bli ein del av eit fellesskap blant gjestene, tilsette og frivillige der ein bryr seg om andre.

– Dei som me tek imot her må ha ønske om å ta del i opplegget som Livslosen tilbyr, for ein må vera villig til å bryta ut av einsemda for å ha utbytte av opplegget me tilbyr, framheld ho.

– Tilbodet legg vekt på å gi den enkelte ei verktøykasse til bruk når livet slår krøll på seg, det kan vera ulike meistringsstrategiar og måtar å trygga seg sjølv på. Det er også nyttig å ha nokon ein kan ta kontakt med når sjølvmordstankane er ekstra påtrengande.

Det aller viktigaste for denne gruppa er å komma seg ut av isolasjon, og opna seg for andre om kva ein tenkjer på, seier Ingrid Nyhus.

Gjestene får ofte gode relasjonar til kvarandre medan dei er hjå Livslosen.
 

Det er viktig å minna om at sjølv om noko gjer fryktelig vondt nå, blir det ikkje slik resten av livet. Gode ting vil kunne skje seinare.

 

Stadig fleire gjester

Dei tilsette ved Livslosen har tverrfagleg bakgrunn. Her finn ein mellom anna sosionomar, barnevernspedagogar og jurist. Felles for alle er at dei er vande med å møte folk i krise. På Livslosen driv me ikkje med terapi, og dei tilsette blir kalla prosjektmedarbidarar, fortel Ingrid.

Livslosen får årleg støtte frå Helsedirektoratet, men Nyhus håpar at tilbodet på sikt vil bli permanent. Vi har åpnet opp tilbudet gradvis og, no når tilbodet er blitt betre kjent, aukar talet på gjester.

Det er aldri meir enn maks 3–4 gjester på huset samstundes. Etter heimreise får alle ein oppfølgingssamtale på telefon to veker etter. Deretter får den heimreiste gjesten to handkrivne brev. Dette er såkalla «caring letters», skrivne for å motivera og minna om opphaldet på Livslosen, og peika på det gode med livet og dei sterke sidene til personen. Det første brevet får gjesten 6 til 8 veker etter besøket. Det andre brevet kjem etter eit halvt år.

– Årsaka til at me skriv brev er at forsking viser at det å få eit brev har sjølvmordsførebyggande effekt. Dessutan er det å få noko i posten litt eksklusivt og det signaliserer at dette ikkje er noko me ventar svar på. Medan ein e-post ville ført til eit større ønske om å svara, markerer brevet ein slutt på noko, og ein ny start.
 

Livet kan endre seg

Sjølvmordtankar kan veksla, ein kan gå inn og ut av desse. Dermed er det ikkje alltid så enkelt for pårørande å fanga opp når ein tanke står i fare for å gå over til handling. Men er metode og tidspunkt bestemt, bør varsellampane blinka, understrekar Nyhus.

Pårørande kan ofte sjå signal, som tilbaketrekking, at ein person blir meir likeglad med å stelle seg, eller kjem med utsegner som gir ei dårleg magekjensle. Då skal du ikkje vera redd for å spørja rett ut om personen har sjølvmordstankar, er hennar klare råd.

– Det kan vera ubehageleg og vanskeleg å stilla det spørsmålet, men dette er eit spørsmål som kan redda liv. Det er viktig å minna om at sjølv om noko gjer fryktelig vondt nå, blir det ikkje slik resten av livet. Gode ting vil kunne skje seinare, understrekar Ingrid Nyhus.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut