I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
02. januar 2024

Når sorg og uro i heimen forplantar seg inn i klasserommet

I dei fleste klasserom i Norge finst det barn som er pårørande til nokon der heime. Kanskje ligg oldefar på det siste eller bestemor har nettopp døydd. Og av og til er det mor, far eller søsken som er sjuke. Kva kan ein lærar gjera då?
Tone%20B%20Meltveit

Kunnskapen om at det å vera pårørande kan bety noko for korleis ein elev yter på skulen, er viktig å ta med seg i lærarrolla, meiner Tone Birgitte Meltveit.

Ho er lærar ved Bryne vidaregåande skule. Meltveit har gjennom åra i skulen møtt fleire barn som er pårørande, i større eller mindre grad, og då nyttar ho gjerne kunnskap frå den tida ho arbeidde innan barnevernet og psykiatrien.
 

Viktig at skulen blir informert

I følge hennar erfaring er det som oftast psykisk sjukdom, etterfulgt av kreft, i den næraste familien, som er dei vanlegaste årsakene til at elevar blir pårørande. Men om ein ikkje kan definerast som pårørande i klassisk forstand, vil også barn som slit i samband med samlivsbrot, ofte oppleva dei same utfordringane som elevar der det er sjukdom som forstyrrar skulekvardagen, forklarer Meltveit.

Ho seier at alt det som skjer utanfor klasserommet, har ein tendens til å påverka eleven på skulen.

– Er eleven under 18 år, er det dei føresette sitt ansvar å informera skulen. Nokre elevar informerer oss også sjølve. Det er berre ved større og akutte kriser skulen automatisk blir varsla, som til dømes i hendingar der kommunens kriseteam er involvert, påpeiker ho.

Tone Birgitte Meltveit seier at det også hender at nokon i hjelpeapparatet rundt familien tek kontakt med skulen for å gi gode råd i oppfølginga av eleven. Det set ho stor pris på når skjer, fordi det lettar skulen si tilrettelegging.

Me er heilt avhengige av informasjon for å vera gode støttespelarar for eleven. Eg arbeider på Vg2, då får eg ofte vita om elevar er pårørande av lærarar som hadde klassen året før.
 

Lærar og ikkje behandlar

Meltveit meiner det likevel er viktig å hugsa på kva rollefordelinga er. Hennar jobb som lærar er primært å undervisa og å legga best mogleg til rette for læring, både for klassen som heilskap og for den enkelte elev. Ho er ingen behandlar og skal difor ikkje opptre som psykolog for eleven som har ei vanskeleg pårøranderolle. Det betyr ikkje at ho ikkje kan visa omsorg, forståing og støtte, poengterer ho. Men krev eleven ekstra mykje, må det andre fagfolk inn.

Kva som er rett måte for læraren å møta eleven på, har heller ingen fasitsvar. Elevane er ulike, så det som passar den eine, er kanskje ikkje rett metode for den andre. Vanlegvis ønsker skulen at eleven er mest mogleg til stades i klasserommet, sjølv om det i periodar kan vera vanskeleg, ifølge Meltveit.

– Elevar som har menneske i nær familie som slit med alvorlege utfordringar får ofte vanskar med å konsentrera seg. Tanken på dei heime, gjer at det er krevande å få gjort skulearbeid. Eg som lærar kan då legga til rette for at eleven får rom for å ta fleire pausar, eller kan få gjera litt mindre i ein periode. I slike situasjonar er det alltid lettast om eleven godkjenner at klassen får vita litt om kva vedkomande slit med. Mi erfaring er at dei fleste elevar og foreldre ønsker å dela informasjon med klassen. Somme ønsker at eg seier det til dei andre elevane, utan at dei sjølv er til stades, men av og til vil også eleven vera med og informera klassen, seier Tone Birgitte Meltveit.
 

Kan skulen bli ein fristad?

For henne som lærar er det viktig og nyttig å vita kvar eleven er i ein sorgprosess. Har sjukdommen nyleg oppstått? Er personen i familien i ferd med å bli frisk, eller personen døyande? I dei alvorlegaste tilfella hender det at tilsette på skulen har møte med fagfolk frå helsevesenet for å sy saman eit godt opplegg rundt eleven, viser ho til.

Elevar med psykisk sjukdom i heimen står ofte i lange og seige pårørandeløp, medan akutt sjukdom gjer at eleven brått blir kasta ut i ei pårøranderolle. Likevel vil desse to typane pårøranderoller ofte føra med seg nokså like konsekvensar for skulekvardagen. Uro og konsentrasjonsvanskar. For eleven som har sorg å bearbeide, kan det å delta i vanlege skuleaktivitetar vera gode verktøy for å komma seg vidare. For dei med pågåande sjukdom og uavklarte forløp, er også skulearbeidet og det sosiale livet på skulen, gjerne ei nødvendig avleiing frå det dei står i heime, meiner Meltveit.

Elevar som har menneske i nær familie som slit med alvorlege utfordringar får ofte vanskar med å konsentrera seg. Tanken på dei heime, gjer at det er krevande å få gjort skulearbeid. 

Tone Birgitte Meltveit seier ho må balansera rolla som tilretteleggar og trøystar, og etter kvart byrja å motivera, eller øva eit mildt press på eleven om å auka innsatsen på skulen.

– Mine elevar på vidaregåande har jo fag som dei skal bestå, og eg må heile tida vekta omsynet til den enkelte elev mot klassen sine behov. Eg må kontinuerlig vurdera og justera kva eg kan krevja av den enkelte. Men om innsatsen på skulen blir låg over lang tid, må eg minna om konsekvensane. For meg er det alltid viktig å få elevar som er pårørande, til å sjå på skulen som ein fristad frå sjukdommen heime. Spesielt om eleven har vore pårørande lenge, er det ekstra viktig å få blikket over på andre ting i løpet av døgnet. Då kan både konsentrasjon om skulearbeid og det sosiale samværet med skulekameratar gjere godt, viser Meltveit til.

Læraren kan støtta og legga til rette

Av og til får også eleven dårleg samvit for å ha det kjekt på skulen, medan dei heime har det trist. Då er bodskapen frå Meltveit at eleven har lov til å kosa seg utan dårleg samvit på skulen, fordi det er viktig og rett for eleven å få ta pause frå det triste.

Sjølv legg Tone Birgitte Meltveit mykje vekt på å forstå og lytta til dei unge pårørande, men ho er svært medviten på at ho ikkje kan gå inn og behandla. Blir det veldig vanskeleg, tek Meltveit gjerne kontakt med rådgivaren på skulen eller kommunen, for at eleven skal få best mogleg hjelp og støtte. Sjølv kan ho hjelpa eleven med å finna ut kva som skal til for at han eller ho konsentrerer seg best. Og er det kanskje nokre tider på dagen det er enklast å setja seg til med skulearbeid?
 

Eit viktig tema i utdanninga

– Lærte du noko om korleis du skal møta barn som pårørande i di utdanning?
– ​Nei, det gjorde eg ikkje, men eg tok ikkje den vanlege grunnskulelærarutdanninga. Eg tok ei praktisk pedagogisk utdanning i tillegg til bachelorgrada mi for å bli lærar. Elevane eg underviser på Bryne vidaregåande som skal bli barne- og ungdomsarbeidarar, får derimot læra om korleis dei skal møta barn som har det vanskeleg. Dei fleste lærarar vil i løpet av livet møta eit stort tal elevar som er pårørande. Difor er det eit nyttig tema å ha med i undervisinga av alle som skal arbeida i skulen, understrekar Tone Birgitte Meltveit.

I grunnskulelærarutdanninga får studentane kunnskap om korleis skulen og lærarfellesskapet i samarbeid med aktuelle instansar kan møta barn som opplever vanskelege livssituasjonar, også sorg, krise og overgrep. Det opplyser Kari Vestbø, Universitetslektor i pedagogikk ved UiS.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut