I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
16. februar 2018

Samarbeid gjerne med nabokommunar

– Bruk god tid på planlegging. Samarbeid gjerne med nabokommunar om det er naturleg, skriv Magni Vildalen frå Vanylven på vegne av arbeidsgruppa for Ta Tak-kurs på Søre Sunnmøre.
dylan-gillis-KdeqA3aTnBY-unsplash%20(1)
Sju kommunar på Søre Sunnmøre har gått saman om å arrangere Ta Tak-kurs for pårørande til personar som slit med psykisk helse/rus. I haust har Vanylven kommune kurset.
 
– Kva satsingar og tiltak er de i gang med når det gjeld pårørande?
Vi er i gang med å arrangere Ta Tak kurs i Vanylven kommune. Dette er eit kurs for pårørande til personar som slit med psykisk helse/rus.  Kurset har vore arrangert  3 gangar tidlegare.  2 gangar i Ulstein kommune, 1 gang i Ørsta kommune.  Etter kvart i prosessen er det blitt einigheit på kommunalsjef nivå at dette skal vere eit satsingsområde for alle dei 7 kommunane på Søre Sunnmøre (Hareid, Ulstein, Herøy, Ørsta, Volda, Sande og Vanylven kommune).

Ein har då valt å lage ei arbeidsgruppe der i utgangspunktet alle dei 7 kommunane  skal sitje, men at ein har ein vertskommune som skal arrangere dette, som eigentleg skal gå på omgang. Kurset er 1 kveld i veka, over 6 kveldar. Først 3 gangar, så 1 veke pause, så 3 gonger til.

KoRus (KompetansesenterRus i Helse Midt- Norge) er også deltakar på arbeidsgruppemøta. Det er KoRus som har bygd og laga  kurset , med  ein omfattande brukarmanual. KoRus driv også med opplæring i forhold til kurskonseptet. I tillegg hospiterer komande vertskommune når kurset blir halde. Dette er eit konsept som har utvikla seg over tid.

På alle 6 kurskveldane er det ein erfaringsinnleiar og faginnleiar.
 
Kva er responsen de har fått frå pårørande – og erfaringar så langt med tiltaket?
Det har vore bra respons frå pårørande. I fjor hadde vi 20 påmelde (maks antal er 20) og i år er det også 20 stykker som deltek på kurset. Det verkar som dei som går på kursa, er godt fornøgde. Ein gjennomfører midtevaluering og sluttevaluering.

Økonomi kan vere ei utfordring, då det dreg med seg ein del utgifter til å arrangere Ta Tak. Alle tre gangane Ta Tak har vore arrangerte har vi vore heldige og fått midlar frå Helsedirektoratet.
 
– Kva utfordringar opplever de i dette tiltaket?
– Utfordringa er vel at det eit omfattande kurs, så det krev ganske mykje ressursar for å drive dette.  Vanylven er ein «liten kommune» med litt over 3000 innbyggjarar, så alt er muleg.

Også det å rekruttere nok påmelde (minimum 12 stk) kan vere ei utfordring, men det har eigentleg godt svært bra. Berre 1 av 4  gonger ser det ut til at vi måtte utsette kurset på grunn av for lite påmelde.

– Kva tips og råd har de til andre kommunar som vil starte eit liknande pårørandetiltak?
– Samarbeid gjerne med nabokommunar om det er naturleg, og med KoRus. Søk midlar då det er følgjer ein del utgifter med desse kursa. Bruk god tid på planlegging, skriv Magni Vildalen.
Ellipse%2035
Screenshot%202021-04-06%20at%2014_09_55
Tekst:

​Marie Rein Bore

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut