I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
01. desember 2024

– Ikkje vanskeleg å la mor feira jul på St. Johannes

St. Johannes sykehjem i Stavanger har godt omdømme blant pårørande. Ragnar Holm er blant dei nøgde pårørande. Han er veldig glad mora hans fekk plass på denne sjukeheimen for fem år sidan.
– Ikkje vanskeleg å la mor feira jul på St. Johannes
Dagleg leiar ved St. Johannes, Maria Rubbestad, saman med bebuar Signe Pedersen.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

No har mor og son nett vore på julebord saman i regi av sjukeheimen. 

– Mor mi som har ein demenssjukdom, kan ikkje lenger formidla så mykje direkte, men eg som kjenner henne, les på kroppsspråket hennar, at ho trivst og har det godt blant snille tilsette på St. Johannes. Og det at sjukeheimen lagar desse festane, gjer at me pårørande også får høve til å veksla nokre ord. 

Han tykkjer det er kjekt å få desse blikka inn i livet på heimen der mora hans lever livet sitt. Desse samankomstane gir han ei kjensle av å bli verdsett som pårørande.

Fordi omsorga mora får er så god, kan han som son slappa av, og han har ikkje dårleg samvit for at han ikkje lenger kan henta mora heim til julefeiring. Han er trygg på at mora får ei fin feiring på sjukeheimen, tilpassa sin helsetilstand.

 

– Me er som ein familie

Dagleg leiar Maria Rubbestad fortel at dei er svært opptekne av at pårørande skal føla seg sett og dei besøker sine kjære på heimen, både i jula og elles i året.

– Me føler oss som ein stor familie og gleder oss til våre faste julebord då kvar bebuar kan ha med seg to pårørande, seier ho.

Om våren har St. Johannes i tillegg ein grillfest som er for begge etasjane i sjukeheimen. Juleborda føregår etasjevis, på grunn av plassmangel. Om våren tek ein terrassen og sjukeheimshagen i bruk.

Rubbestad seier at til juleborda blir det dekka med duk, stettglas og nypussa sølv.

– Eg ser kva det gjer med bebuarane å bli bedne til fest, det er som dei blir rankare i ryggen og fleire kan sitja lenger til bords enn dei gjer vanlegvis. For pårørande er det også kjekt å møtast rundt eit bord, for det kan ofte vera tungt å halda ein samtale i gang med den eine på rommet, påpeiker Rubbestad.

 

Mykje kjærleik i duk og nypussa sølv

Julekvelden kan pårørande komma på besøk til sine fram til klokka 15, etter det vil ein ha ro på heimen for då startar julefeiringa for bebuarane. Nesten alle er for dårlege til å feira med sine, men Rubbestad forsikrar at dei lagar ein koseleg julekveld for dei på sjukeheimen, med god mat og gåver både til bebuarar og tilsette. Juleevangeliet og Ajax blir lese høgt.

Det hender pårørande kan få bli med på denne interne festen, dersom denne personen elles må feira kvelden åleine, legg ho til. Då lagar ein gjerne til ei eiga lite julefeiring for dei to på rommet til bebuaren.

Å pynta fint er å visa både bebuarar og pårørande kor viktige dei er. Det ligg mykje respekt i fint steintøy og nypussa sølv, seier Maria Rubbestad.

Ragnar Holms inntrykk er at St. Johannes skil seg ut i spesielt god pleie, basert på inntrykk han set igjen med etter å ha snakka med menneske som er pårørande til bebuarar på andre sjukeheimar.

 

– Mor har det godt her

Når han kjem på besøk til mora, blir han alltid møtt av ein tilsett, og som oftast finn han mora på daglegstova saman med andre. Han er glad for at dei tilsette legg vekt på å trekka bebuarane mest mogleg inn i fellesskapet, difor er det svært sjeldan han finn mora åleine på rommet sitt. 

Lurer han på noko, er det lett å finna tilsette å spørja. Det er sjeldan han ser tilsette i sving med kontoraktivitetar, dei er anten i fellesstova med bebuarane, eller så driv dei med pleie eller praktiske oppgåver i tilknyting til måltida.

Hovudgrunnen til at Holm er ein nøgd pårørande er at han opplever at mora har det bra på sjukeheimen. Ho får godt stell og sonen meiner dei tilsette har klart å skapa ein trygg og lun atmosfære som liknar mykje på ein vanleg heim, og langt mindre på ein institusjon. Vidare ser han at dei tilsette er flinke til å sjå og knyta seg til dei som bur på St. Johannes.

Han ser at dei brukar mykje tid saman med bebuarane og at tilsette opptrer som gode medmenneske.
 

Eg ser kva det gjer med bebuarane å bli bedne til fest, det er som dei blir rankare i ryggen og fleire kan sitja lenger til bords enn dei gjer vanlegvis. For pårørande er det også kjekt å møtast rundt eit bord, for det kan ofte vera tungt å halda ein samtale i gang med den eine på rommet.

Dagleg leiar Maria Rubbestad​
 

Alle får tilbod om kaffi 

– Og så har eg inntrykk av at maten er god. Ofte vankar det også kosemat som vaflar og lappar, legg han til.

Alle pårørande som ønsker får tilbod kaffi i fine koppar, med noko søtt til, servert inn på rommet. 

– På eit vis er våre fysiske rammer på lag med oss, for dette er ein liten sjukeheim med få bebuarar, samstundes er eg sikker på at også større sjukeheim kan få til godt pårørandearbeid og at mange får det til. Det handler om å ha tanke for pårørande, ha eit fokus på åpen dialog og samarbeid. Og om å setja dei små og store tinga i system, seier Maria Rubbestad

Dei små lokala skapar, ifølge Rubbestad, truleg eit ekstra nært fellesskap både mellom tilsette og bebuarar, men også til pårørande. På St. Johannes er det 15 bebuarar og 31 tilsette. Kvar dag er det fire på jobb, to i kvar etasje, og dessutan ein reinhaldar og ein husassistent.

Å ha få tilsette og bebuarar gjer vanlegvis kvardagen rolegare. Stress blant oss som jobbar her smittar over på dei som bur her, og det vil pårørande legga merke til.

 

Trur besøkande ser at me trivst på jobb

– Dessutan trur eg at pårørande merkar at me trivst på jobb og samarbeider godt med deira nære og kjære. Mange opplever at dei gamle fell til ro her, etter å ha vore på større institusjonar. Her er me få på jobb og arbeidsstokken er stabil. Og for å få jobb hjå oss, er det eit krav at du likar å jobba med gamle menneske og lika å vera saman med dei. Dette skal du ikkje gjera berre for å få lønn, understrekar styraren.

For at pårørande ikkje skal finna tilsette på eit personalrom, har ikkje St. Johannes ei dør med vaktrom eller personalrom. Dei har eit dokumentasjonsrom i kvar etasje kor ein og ein oppdaterer seg i journalsystemet og dokumenterer det som er nødvendig. Dei som jobbar her har stille rapport med kort overlapp mellom vaktskiftet, denne varer i 5 til 15 minutt. Dermed er det alltid lett å finna tilsette å snakka med på sjukeheimen.

– Å ha eit vaktrom med bord og stoler for tilsette kan vera triveleg, men ein kan vel alle tilstå at det kan vera litt freistande å bli sitjande litt vel lenge med kaffien og smådrøsa med kollegaer i tradisjonelle rapportmøte. Her tek me kaffien saman med dei som bur her. Me ønsker å bruke maksimalt av tida vår på bebuarane.
 

Det handler om å ha tanke for pårørande, ha eit fokus på åpen dialog og samarbeid. Og om å setja dei små og store tinga i system.

Dagleg leiar Maria Rubbestad​​


Legen tryggar pårørande

Og det er naturlegvis eit gullkort som pårørande legg merke til. Ho veit også at pårørande set pris på at tilsynslegen har lang erfaring med geriatrifeltet. Dei fleste som bur her har demens, og dette kan føra til uro, sinne eller utagering hjå enkelte.

– Då er det viktig me ser og rommar den enkelte. Kva kan me gjera for at ho eller han skal føla seg trygg, og bli med i fellesskapet? Ein måte kan vera å gi dei oppgåver som dei meistrar. Samstundes er det viktig å la dei få ro når dei treng det, men dei fleste responderer bra på å vera i lag med andre. Sjukeheimens grunnhaldning er at ein ikkje ønsker å bruka meir roande medisin enn heilt nødvendig. Ein prøver miljøtiltak først og kartlegg effekt av desse, forklarer Rubbestad.

 

– Me skal vera lette å få tak i

Pårørande må ringa på når dei kjem. Ytterdøra til sjukeheimen er låst fordi inngangen ligg i underetasjen, og der har ein ikkje bemanning. Føremonen er at pårørande alltid blir møtt av nokon.

– Det er viktig for oss at pårørande opplever dette som ein heim, sjølv om me truleg har vel mykje krims krams her, seier styraren leande.

Ho trur pårørande lett merkar grunnhaldninga blant dei tilsette. Det er viktig for henne at pårørande skal kjenna seg velkomne.

På denne sjukeheimen skal pårørande også sleppa å gå frå person til person for å få vita det dei treng, fordi heile personalet veit det grunnleggande om alle bebuarane. Dermed får pårørande vita det dei treng hjå den første dei møter.

Dei som bur her er veldig dårlege og dei fleste lever ikkje lenger enn eit par år. For Rubbestad er det viktig at pårørande raskt får varsel om endringar i helsetilstanden, som kan tyda på at det går mot slutten.

– Av og til kviknar pasienten til igjen, men det er betre å varsla ein gong for mykje enn for lite, for me fryktar jo at pårørande ikkje skal få tatt farvel, seier Maria Rubbestad.

Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut