I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
17. november 2019

– Ta tidleg grep ved teikn på skulevegring

Foreldre som merkar at barnet deira byrjar å kvi seg for å gå på skulen, bør straks ta kontakt med læraren og høyre om noko har endra seg i barnets skulekvardag. Ein lukkast langt betre i å få bukt med skulevegring, dersom tiltak blir sett inn tidleg.
– Ta tidleg grep ved teikn på skulevegring
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Dei påpeiker Trude Havik, førsteamanuensis ved Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger (UiS). Ho har skrive doktorgrad om skulevegring.
 

Eit mildt press

Som Tor Brunvær, tidlegare medlem i Stavanger kommune sitt skulevegringsteam, tek også ho til orde for at foreldre ikkje bør gjera det for attraktivt for barnet å stoppe heime.

– Eit mildt press frå foreldra er naudsynt, men samstundes må skulen gjera sitt til at det blir meir attraktivt å komma dit. Når det er sagt har eg ingen problem med å forstå at foreldre til barn som har vore borte frå skulen i lang tid, ønsker å gjera det koseleg heime. Det ville me nok alle gjort. Utfordringa er berre at dette kan forsterka fråværet, seier ho.
 

Det beste er å ha ei gradvis opptrapping av skulegongen. For å få til det er det viktig at foreldra kjenner seg sikre på at skulen gjer sitt til at eleven er trygg.


Samarbeidet mellom foreldre og skule/hjelpeapparat kan ofte bli dårleg, særleg om skulevegringa har vart lenge. Havik meiner difor det kan vera lurt å få ein person frå hjelpeapparatet til å hjelpe foreldra med samarbeidet med skulen.
 

Alle må delta

Det er svært vanleg at foreldre legg skulda på skulen og skulen legg skulda på foreldra når skulevegring oppstår. Det er vanlegvis ikkje så enkelt å plassera skulda berre ein plass. I staden bør alle forhold rundt barnet, både på skulen, heime, hjå  barnet og i fritida, kartleggjast for å finna årsaka til skulevegringa, slik at ein gir rett hjelp. For å få til det, må barnet bli lytta til og tatt på alvor. Alle instansar rundt barnet bør saman arbeida mot eit felles mål. Det betyr at alle partar må gjera sitt til at delmål og mål kan nås, understrekar ho.

Trude Havik meiner det er viktig å setje realistiske mål. Måla vil også variere avhengig av elevens alder og kor lenge fråværet har vart.

– Det beste er å ha ei gradvis opptrapping av skulegongen. For å få til det er det viktig at foreldra kjenner seg sikre på at skulen gjer sitt til at eleven er trygg, seier ho.For å lukkast med den gradvise opptrappinga, kan det vera fruktbart å ta utgangspunkt i eit fag eleven likar, eller ein lærar han eller ho kjenner seg trygg på.

Havik råder også skulen til å ha nokon til å møta eleven utanfor skuleporten, anten før dei andre elevane kjem, eller etter at dei andre er gått inn.
 

Ta små steg

Dersom eleven har utvikla vært sterk angst for skulen kan ein gå endå forsiktigare til verks.

– Ein dag kan målet vera å berre sjå skulen, neste dag kan ein gå inn i skulegarden, den tredje dagen opp trappa.Trude Havik meiner det også er nyttig at eleven får ein eigen kontaktperson på skulen som i starten av veka saman med eleven kan gå gjennom planane for dei komande dagane. Fredagen kan denne personen saman med eleven evaluera kva ein har oppnådd gjennom veka.
 

For å lukkast, er det viktig å finne ut kva som er det verkelege problemet og ikkje låse seg fast i ein teori. Skulen og hjelpeapparatet må dessutan vera profesjonelle i sin kommunikasjon med foreldra.


Skulevegring kan starta med mindre utfordringar som etter kvart veks seg store, men det kan også vera ein konsekvens av alvorlege hendingar.

– Det er viktig at foreldra er ekstra obs dersom eleven byrjar å klaga på vondt i magen eller hovudet før han eller ho skal på skulen. Foreldra bør då straks ta kontakt med læraren.Ho viser til at opplæringslova krev at skulen ved mobbing straks set i gong tiltak.
 

Angst og Asbergers

Mobbing er ikkje einaste årsak til at somme barn utviklar skulevegring. Undersøkingar viser at 65 prosent av skulevegrarane slit med sosial angst. For nokre av desse er det ofte naudsynt med behandling frå helseapparatet parallelt med at skulen gjer tiltak, påpeiker ho.

Diagnosar som til dømes Asbergers, kan også føra til at elevar held seg borte frå skulen. I slike tilfelle kan det somme gonger vera utfordrande for skulen å tilrettelegge, og det kan samstundes vera vanskeleg for dei andre elevane å vera i lag med det det aktuelle barnet.

Havik meiner skulevegrarar generelt har behov for ein føreseieleg skulekvardag, både fagleg og sosialt. For å få eleven tilbakeført til skulen, er det viktig å få til ein god relasjon mellom eleven og læraren, understrekar ho.
 

Eit symptom, ingen diagnose

– Skulevegring er ingen diagnose, berre eit symptom, ifølge Havik.
– For å lukkast, er det viktig å finne ut kva som er det verkelege problemet og ikkje låse seg fast i ein teori. Skulen og hjelpeapparatet må dessutan vera profesjonelle i sin kommunikasjon med foreldra. Det er viktig at foreldra får ei forståing for at dei er viktige å ha med på laget for at tiltaka skal lukkast, poengterer ho.
 

Barnevernet er den einaste instansen som har høve til å gå inn i heimane. Det er viktig at barnevernet også blir kopla til ei hjelperolle, og ikkje berre blir forbunde med omsorgssvikt og omsorgsovertaking.


Foreldra kan gjera sitt til å få eleven tilbake til skulen ved å gjera dagen heime så normal som mogleg. Det betyr mellom anna å stå opp til vanleg tid og følgja skulens vekeplan heime.

– Eit slikt mildt press frå foreldra er lettare å få til dersom eleven ikkje har vore for lenger borte frå skulen, seier ho.

I arbeidet sitt med doktorgraden intervjua Trude Havik mange foreldre til skulevegrarar, og mange opplevde skuld og skam og som strevde i samarbeidet med skule og hjelpeapparat. Desse foreldra kan trenge å få hjelp  og rettleiing med å få tilbake kontrollen. Praktisk hjelp treng dei ofte også.

– Barnevernet er den einaste instansen som har høve til å gå inn i heimane. Det er viktig at barnevernet også blir kopla til ei hjelperolle, og ikkje berre blir forbunde med omsorgssvikt og omsorgsovertaking. Ei mor fortalde meg at for henne var det godt å ha ein fagperson å ringe til etter ho hadde sendt sitt gråtande barn til skulen. Denne fagpersonen trygga mora på at ho gjorde det rette. Fleire foreldre bør få hjelp, rettleiing  og praktisk hjelp til å stå i denne situasjonen som pårørande til skulevegrarar, avsluttar Havik.
 

Ti råd mot skulevegring

Her er lenke til ti generelle råd mot skulevegring. Trude Havik presiserer at råda fungerer best når skulevegringa ikkje har vart for lenge.
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut