Det seier Ursula Småland Goth. Ho skal snakka om pårørandearbeid i eit fleirkulturelt perspektiv under Pårørendekonferansen 2018 i Sandnes i haust.
Goth jobbar i dag som professor ved VID vitenskapelige høgskole og ved NLA Høgskolen.
Ulik sjukdomsoppleving
For å kunna hjelpa pasientar og pårørande med innvandrarbakgrunn må me vera medvitne på korleis sjukdom og plager blir oppfatta og snakka om. Eller ikkje snakka om. Demens og depresjon er døme på sjukdommar ikkje alle kan snakka ope om.
– Vi veit i dag at eldre innvandrarar med demens ofte kjem seint i kontakt med hjelpeapparatet. Då bør hjelpa vera tilpassa den enkelte sitt språk og tradisjonar. Manglande forståing mellom helsetilsette og pasient vil kunna auka presset på pårørande, innvender Ursula Småland Goth.
Når til dømes ein somalisk pasient fortel at han er besett
av ånder, vil den norske legen vurdera å leggja vedkomande
inn på psykiatrisk sjukehus.
– Ursula Småland Goth
Legen forstår ikkje
Goth fortel at ein frå tidlegare studiar veit at mange pasientar og pårørande med minoritetsspråkleg bakgrunn føler at norske legar ikkje har forståing for deira sykdomsoppleving. Det er særskilt forteljingar om «mentale smerter» som blir opplevde annleis.
– Når til dømes ein somalisk pasient fortel at han er besett av ånder, vil den norske legen vurdera å leggja vedkomande inn på psykiatrisk sjukehus. Fordi fleire innvandrarpasientar ikkje føler seg forstått av legen i Norge, reiser fleire av desse til fødelandet sitt for å få helsehjelp, fortel Ursula Småland Goth.
Oppofrande pårørande
Pårørande til innvandrarpasientar strekker seg ofte veldig langt for å hjelpa, kanskje meir enn det er vanleg i norsk samanheng.
Den yngre generasjon innvandrarar har likevel ikkje eit ubegrensa omsorgspotensial. Barn av innvandrarar som kom på 70- og 80-talet er i dag integrerte i Norge. Omsorgsbehov tærer difor på kreftene når pårørande er yrkesaktive og i tillegg har forpliktingar overfor eigen familie, påpeiker Goth.
– Det auka pårørandeansvaret blir ofte aksla av innvandrarkvinner. Men det er vanskeleg å seie noko absolutt om dei fleirkulturelle pårørande, sidan dei ulike innvandrargruppene har ei rekke ulike forventningar, omsorgsformer og ulik praksis, seier ho.
Vegrar seg
Fleire pasientar og pårørande med innvandrarbakgrunn vegrar seg mot å nytta offentlege tenester. Mange opplever tilboda om hjelp som lite tilrettelagte og i strid med eigne tradisjonar.
– Slik får pårørande ofte eit ekstra press på seg til å ta vare på pasienten sine interesse, seier Goth.