3. og 4. mars 2025 er det tid for ny runde av kurset Pårørendearbeid og fagutvikling i praksis. Hva inspirerer deg og hvordan kan du ivareta deg selv som fagperson i møte med pårørende? – Bli med i felles læring og inspirasjon av hverandre.
Pårørendesenteret sterkt til stades på Arendalsuka
I år som i fjor er ein delegasjon frå Pårørendesenteret til stades under Arendalsuka som starta måndag 14. august. Senteret skal både ha eigen stand og vera med på to arrangement i løpet av veka.
Klare for Arendal.
Tekst:
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Dagleg leiar Unn Birkeland seier Pårørendesenteret vil halda fram å reisa på Arendalsuka i framtida, då dette er ein svært viktig plass med tanke på å få løfta fram pårørandeperspektivet for personar med stor påverknad i samfunnet. Dessutan er det ein god arena til å bygga nettverk, viser Birkeland til.
Eige arrangement
Pårørendesenteret sin stand er å finna på Kanalplassen 10 i Kirkegaten i Arendal. På standen vil det mellom anna bli delt ut informasjonsmateriell om årets Pårørendekonferanse.
Torsdag 17. august vil senteret saman med Kirkens bymisjon ha eit arrangement kalla «Pårørende barn og ungdom». Fredag har Pårørendesenteret eit eige arrangement under namnet «Ungdomspraten, vi er også pårørende».
Tidsaktuelt
– I fjor hadde Pårørendesenteret berre stand, men etterpå blei me kontakta av fleire aktørar som ønskte å ha oss med på arrangement i år. Pårørande er eit svært tidsaktuelt og viktig tema, i ei tid der fleire blir eldre og fleire må ta på seg pårørandeoppgåver på grunn av færre ressursar i det offentlege, seier Unn Birkeland.
Ho viser til at pårørande er eit felt som berører både helsevesen, kommunar og organisasjonar.
Viktig plass
Unn Birkeland ser fram til givande men travle dagar, for i tillegg til å stå på stand, skal senteret sin delegasjon også mingla mykje, knyta nye kontaktar og delta på fleire arrangement i regi av andre deltakarar på Arendalsuka.
– Ja, dette er ein viktig plass å visa seg fram, midt blant dei som tek avgjerder her i landet. Desse er det viktig også får med seg ein dose pårørandeperspektiv etter sitt besøk i Arendal, påpeiker Birkeland.