Hva inspirerer deg og hvordan kan du ivareta deg selv som fagperson i møte med pårørende? Høsten 2024 tilbyr vi våre første undervisningsemner – bli med i felles læring og inspirasjon av hverandre.
Får mannlege pårørande framleis meir hjelp enn kvinnelege?
I 2014 kom ei undersøking som viste at kvinnelege pårørande fekk mindre kommunal hjelp til sin sjuke slektning, enn menn. Korleis er situasjonen i 2021?
Funna i undersøkinga som blei utført av Velferdsforskningsinstituttet (NOVA) viste at dei tilsette ved bestillarkontora, og ikkje minst dei kvinnelege pårørande sjølv, såg ut til vente meir av kvinner enn menn. Det verka som det låg grunnleggjande forventningar om at ei dotter skal yta meir pårørandehjelp enn ein son. Der sonen tek snøskuffa fatt, går gjerne dottera inn i dei meir tidkrevjande og kompliserte omsorgsoppgåvene.
Spesielt tyngande for kvinner
Fleire pårørandeundersøkingar dei siste åra har vist at pårørandeansvar er spesielt tyngande for kvinner, og fører til at somme må gå ned i stilling, eller forlata yrkeslivet. I januar i år kom resultata frå ei stor statleg pårørandeundersøking. Den viste at det framleis er kjønnsforskjellar i pårørandeomsorg. Både kvinnelege og mannlege pårørande gir i større grad støtte, hjelp og pleie til kvinner enn menn. Blant pårørande er det fleire kvinner enn menn som vurderer eiga helse som ganske eller svært dårleg. Det er også fleire kvinnelege pårørande som står utanfor arbeidslivet.
Tidlegare undersøkingar har vist at det er kjønnsforskjellar i utøvinga av uformell omsorg. Den statlege undersøkinga viser at det er nokså små forskjellar mellom kva slags type oppgåver ein utfører som pårørande.
Likevel utfører kvinner i større grad eit større spekter av oppgåver enn menn, dei gjer fleire oppgåver i snitt, og brukar meir tid på pårørandeinnsats enn menn. Kvinner opplever det å gi pårørandeomsorg som meir belastande enn menn. Samstundes har dei ei større oppleving av å vera til nytte, men uroar seg meir enn mannlege pårørande, kjem det fram i undersøkinga.
Kva seier bestillarkontora sjølv?
Pårørendesenteret har tatt kontakt med alle kommunane i Rogaland. Spørsmålet me stilte var om bestillarkontoret / tildelingskontoret for helse -og omsorgstenester er medvitne på kjønnsaspektet når hjelp blir innvilga? Ingen av dei som svarte fører statistikk over kor mykje hjelp tenestesøkarane får innvilga, basert på kjønnet til pårørande, men alle svarte at kjønnet til pårørande ikkje skal ha noko å seia for kor mykje eller lite hjelp den enkelte søkaren får.
Me fekk svar frå åtte kommunar:
RANDABERG:
Mona Georgsen har 30 års fartstid innan dette feltet. Ho er no leiar for teneste- og koordineringskontoret i Randaberg. Georgsen ser at haldningane til kva pårørande kan gjera og ikkje, har endra seg mykje gjennom dei tre tiåra. Før i tida var det nok meir murring blant menn som måtte ta vaskekosten fatt.
– For 30 år sidan blei me oftare møtte med omkvedet; «Men dette kan ikkje mannen min gjera. Han har aldri vaska golva før.» Det var like gjerne den kvinnelege tenestesøkaren som kom med slike utsegner, men me møtte også nokre menn som var negativt innstilte til å bidra med husarbeid då kona blei sjuk, fortel Georgsen.
Husarbeidet skal delast
Når ein person i eit parforhold treng hjelp i heimen frå kommunens side, skal bestillarkontoret etter beste evne prøve å gjera ei fordeling av dei praktiske oppgåvene som trengst. Den eine delen vil kommunen ta for den sjuke, medan den friske framleis skal ha sin del av oppgåvene i heimen. Dei kommunale tenestene skal ikkje fungera som hushjelp for den som er frisk, anten denne er mann eller kvinne, difor må reglane praktiserast strengt forklarer Georgsen.
– Dei stadene eg har arbeidd har me nemleg alltid, også for 30 år sidan, vore svært medvitne på kva pårørande må bidra med, utan tanke for kjønn. Samstundes gjer me naturlegvis individuelle tilpassingar, for å gjere situasjonen best mogleg. Me let dermed ingen gå svoltne, om det viser seg at den pårørande ikkje maktar å ta på seg ansvar for matlaging, til dømes, eksemplifiserer ho.
Vaskekurs for menn
– I Randaberg er behova til den enkelte det viktigaste, kjønn eller alder har ingenting å seia for kva hjelp kommunen ventar pårørande skal yta. I fleire tilfelle får mannlege pårørande kommunalt kurs i maskinvask av klede, for å kunna gjera sin del av husarbeidet, fortel Mona Georgsen.
– Me har få klager som går på rollefordeling. Menn i Randaberg klagar sjeldan over å måtta bidra meir til husarbeid, sjølv om rollefordelinga i mange heimar, både blant eldre og yngre hjelpetrengande, ofte framleis er ganske tradisjonell. Det er ikkje uvanleg at mannen har hatt ansvar for oppgåver ute, medan kvinnene har stelt inne. Men heldigvis er dei aller fleste svært lærevillige og har lyst til å gjera ein innsats for den dei er pårørande til. Menn i dag er generelt flinke både til å legge til rette og bidra, understrekar ho.
Mona Georgsen kjenner seg difor ikkje igjen i undersøkinga frå 2014 som viste at tildelingskontor i Norge jamt over gir meir hjelp til personar med menn som pårørande.
Menn flinkare med åra
– Me tilsette er medvitne på at haldningar umedvite kan påverka vedtaka våre, og me er jo alle menneske, så eg seier ikkje at det aldri har skjedd, men det er ikkje noko eg vil seia eg kjenner meg att i. Eg kan kjenna meg att i at kvinner, både før og nå, generelt tek på seg mykje ansvar som pårørande, men i vår tid gjer også menn det.
– Dersom ei sjuk kvinne på 70, har ein frisk 90-åring til mann, blir også han beden om å gjera husarbeid?
– Kvar situasjon blir vurdert for seg, og det er enormt stor forskjell på nittiåringar. Nokre køyrer bil og får gjort meir enn folk på 25 år, så i prinsippet skal ikkje alder bety noko for kva arbeidsoppgåver kommunen ventar den pårørande gjer. Statsforvaltaren i Rogaland har nyleg påpeikt at me ikkje slavisk skal dela praktiske oppgåver i heimen 50/50, der det er snakk om to i ei hushaldning.
Ifølge Statsforvaltaren er det ikkje urimeleg å venta at den pårørande kan ta minst sin halvdel.
– Eg er glad for denne presiseringa, for det er ikkje alltid praktisk mogleg å dela husarbeid heilt likt. Det fell ofte meir på pårørande når ein er sjuk, og kommunen kan ikkje kompensera 100 % for funksjonsbortfallet til den eine, forklarer ho.
– Dessutan er det grenser for kva tilbod kommunen kan gi. Folk forventar ofte meir enn me kan yta, og det er her dei fleste klagemåla kjem. Det er i dagens samfunn få som klagar over at ein mann må gjere husarbeid, forklarer Georgsen.
Gapet mellom det som kommunen kan gi og det som verkeleg trengst, blir ofte tetta av pårørande, besøkande eller barnebarn. Somme kjøper også velferdstenester frå private aktørar.
SULDAL:
– Eg kan kjenna meg igjen i noko av det som står i undersøkinga. Kvinner tek til dømes ofte på seg fleire oppgåver, eller dei kjenner på meir dårleg samvit, slik at dei strekker strikken lenger. Men eg meiner og trur at me i tildeling av tenester er kjønnsnøytrale. Me tek utgangspunkt i kvart enkelte individ, kartlegg bistandsbehov og tildeler tenester basert på det. Ei viktig oppgåve er då å gi informasjon om kva rettar både tenestemottakar og pårørande har, seier avdelingsleiar for bestillarkontoret i Suldal kommune, Anne Marie Torsteinbø.
– Me råder pårørande med særleg tyngande omsorgsarbeid til å ta imot avlastande hjelp, eller tilbyr støttesamtalar. Der kan der vera ulikt kor mykje ein mann og ei kvinne tek på seg og tek imot. Men helsepersonell forventar ikkje at kvinner skal ta på seg meir enn menn, fortel Torsteinbø.
HAUGESUND:
– I dialog med pårørande om kva som er aktuelt å gi av hjelp, får kvinnelege og mannlege pårørande den same beskrivinga. Me har inntrykk av at kvinnelege pårørande ofte ønsker å bidra meir for sine nære enn kva mannlege pårørande gjer, men me har ikkje tal på dette, det er berre ei oppleving me har. Vår erfaring er at den som treng hjelp også ventar meir av ei dotter enn av ein son, opplyser einingsleiar Anne Bjørnstad i Haugesund kommune.
GJESDAL:
– Me delar oppfatninga om at det i samfunnet blir venta meir av kvinnelege pårørande enn av mannlege. Men me har eigne retningslinjer for tenestetildeling som skal vera førande for kva type og kva omfang dei ulike tenestene skal ha, opplyser Stig Egeland, kommunalsjef Helse og velferd i Gjesdal kommune.
BOKN:
– Eg vil påstå at vår kommune ikkje gir ulike tilbod ut frå om det er kvinnelege eller mannlege pårørande som har behov for hjelp til sine. Det er grada av hjelpebehov som avgjer. Etter grundig kartlegging blir eit vedtak fatta med bakgrunn i kva som trengst, og tenesta blir sett i gong, uavhengig av om søkarens pårørande er mann eller kvinne.
Me har plikt til å gi helsetilbod til alle som treng det etter helse- og omsorgstenestelova, og ville ikkje kunna ha forsvart eit avslag basert på kjønn, det ville gitt oss vanskar i ei eventuell klagesak til Statsforvaltaren, opplyser Grethe E. Heimvik, kommunalsjef for helse og omsorg i Bokn kommune.
VINDAFJORD:
Ved tenestekontoret i Vindafjord har ein ikkje reflektert konkret kring dette, men deira erfaring er at både menn og kvinner bidreg.
– Avstand, relasjon og «tradisjon» speler nok inn på kor mykje den enkelte kan og vil bidra. Kva type ein er som person er også avgjerande i mange tilfelle, svarar Trine Sørensen, leiar for tenestekontoret i Vindafjord.
Ho peiker på at kjønnet og relasjonen til pasienten har like mykje å seie som den pårørande sitt kjønn, for kva som er pårekneleg eller forventa innsats. Forskjellane kan være store og familiestrukturar svært ulike, ifølge Sørensen.
KARMØY:
– Bestillarkontoret i Karmøy skil ikkje mellom kvinnelege og mannlege pårørande ved tenestevurdering og tildeling. Pårørande sin innsats blir lagt vekt på, men denne er ikkje basert på kjønn. Det er brukarane sitt hjelpebehov som avgjer kor mange og kva tenester brukaren får. Ein tek omsyn til kor mykje pårørande stiller opp, men dette heng ikkje saman med om det er kvinnelege eller mannlege pårørande, opplyser Torunn Ellingsen, leiar for bestillarkontoret i Karmøy kommune.
STAVANGER:
Erfaringane helse- og velferdskontora viser til er at kvinnelege pårørande ventar meir av seg sjølve og strekker seg difor lengre enn menn gjer. Mannlege pårørande har kanskje ein lågare terskel for å be det offentlege om hjelp, og stiller gjerne større krav enn dei kvinnelege pårørande.
Den næraste pårørande er ofte ei kvinne, sjølv om det også er mannlege pårørande tilgjengeleg.
– Helse- og velferdskontora opplever ikkje at dei ventar meir eller medvite forskjellsbehandlar kvinnelege pårørande, slik at dei får mindre hjelp enn mannlege pårørande, opplyser kommunalsjef velferd og sosiale tenester, Edith Kristin Nøkling i Stavanger kommune, i ein e-post.