I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
28. februar 2018

- Håpet og kjærleiken til dei pårørande inspirerer meg

Møte med pårørande stadfester at størst av alt er kjærleiken. Få slepp taket i den dei er glade i, fortel Per Arne Tengesdal fast.
Institusjonsprest ved Rogaland A-senter, Per Arne Tengesdal
Tengesdal har dei siste par åra vore institusjonsprest ved Rogaland A-senter. Her arbeider han dagleg med menneske som slit med rusmisbruk. Også frå sitt arbeid som gateprest i Stavanger gjennom 15 år kjenner han rusavhengige godt.

Ingen er åleine om å vera avhengig av rusmiddel. Problemet set relasjonar på prøve, både til pårørande, men også til lokalmiljø og samfunnet elles, påpeiker presten.

– Difor har eg også stor respekt for dei pårørande som må gi slepp, fordi dei ikkje har fleire krefter, understrekar han.
 

Sluttar aldri å bry seg

– Vi kan aldri seia til pårørande at dei skal slutta å bry seg, men vi må vere til støtte, hjelp og avlastning for dei. Visa dei at her er eit tilbod som tek vare på den rusavhengige, seier presten.

Han fortel at behandling som involverer pårørande ofte gir betre resultat enn der den rusavhengige stenger pårørande ute.

– Utan at pårørande er involvert kjem ein ikkje inn i alt det usagte, det vonde, kompliserte og tøffe mellom menneske. Er den næraste med, får ein rom for å konfrontere og snakke ut om det vanskelege, og ta nokre skritt på vegen saman. Slik kan ein bli kjent på nytt. Dersom dei næraste ikkje er med, er det mykje som kan møta deg i døra heime når du skal prøva å takla verda utan bedøving, seier Tengesdal.

I behandlingsrommet får både pårørande og rusavhengig tid til å reflektera rundt kva som har skjedd. Kvifor tok rusen overhand? Somme gonger må også pårørande gå i seg sjølve og kanskje erkjenna at dei også har hatt ei rolle i det som har skjedd. I slike prosessar er det viktig å finna måtar å leggja vonde ting bak seg, finna haldepunkt som kan vera til hjelp på vegen vidare, fortel Tengesdal.

Som gateprest møtte han dei pårørande først i samband med dødsfall og gravferd.
 

Ei ny livshistorie

– Desse møta gav meg eit heilt nytt innblikk i avdøde som eg jo berre kjende frå rusmiljøet. Gjennom dei pårørande blei eg kjend med personen på nytt og fekk ei påminning om at han eller ho var så mykje meir enn rusen. Dette har vore verdifullt for meg, seier han.

For presten er det viktig at ein snakkar sant, men respektfullt om den som skal gravleggjast, difor oppmuntrar han alltid dei næraste til å fortelja om både gode og vonde stunder. Dette trur han også kan hjelpa dei pårørande i tida etterpå.

– Me kan vel alle stundom kjenna kor feil det blir om det berre kjem fram positive ting om ein avdød i gravferda. Ingen er berre gode. På den andre sida er det ingen det ikkje kan seiast noko godt om. Rusmisbruk er tøft for dei som står rundt. Det blir difor feil å ikkje ta med negative aspekt ved livet til ein rusavhengig, for dei pårørande sit ofte att med ei ganske komplisert sorg, seier han.

Tengesdal meiner det er viktig at pårørande til ein rusavhengig som er død finn ut kva som er viktig å ta med seg vidare. Han minner dei også om at det er lov å kjenna seg letta over dødsfallet.

Mange pårørande til rusavhengige ønsker ei gravferd i det stille.
 
– Pårørande kan slita med skam eller skuldkjensle og ha behov for å verna om seg sjølv utan at det kjem menneske frå rusmiljøet, som jo var den staden som tok livet av deira kjære. Då kan trongen til å få ha avdøde for seg sjølv ein siste gong, vera sterk, fortel presten.

Men han ser at pårørande også kan få fine opplevingar med opne gravferder der dei får møta mange av vennene til avdøde i rusmiljøet.

For mange nærståande til rusavhengige er det ei stor sorg å erkjenna at livet til ei dotter eller son ikkje blei slik dei hadde håpa.
 

Skal dei våga å håpa meir?

I behandlingssituasjonen vekslar mange pårørande mellom håp og avmakt.

– Det er sterkt for meg og sjå alt håp pårørande kan greie å mobilisere. Dei håpar til tross for mange nederlag. Andre pårørande blir meir reserverte dersom dei har fått håpa knuste gong på gong, fortel Tengesdal.

Somme gonger opplever Tengesdal at rusavhengige som verkeleg jobbar med seg sjølv, klagar over manglande anerkjenning frå dei pårørande.

– Ho tek meg for den eg var og ser ikkje den eg er blitt nå, kan enkelte seia.

A-Senteret rettar stor merksemd mot pårørande i behandlinga. Senteret har eigne familieterapeutar som også arbeider med barn. Ofte blir barn inviterte til å sjå kor mor eller far er. Regelmessig arrangerer senteret også eigne pårørandekveldar.

Alle som får behandling, må tidleg ut i permisjon. Det er viktig å øve på heimesituasjonar, å kjenne på korleis ting er saman med pårørande, fortel Tengesdal.

Dilemmaet med ei behandling som er så orientert mot pårørande, er at ho også legg ein del ansvar på dei næraste. Difor er det viktig for Tengesdal å vise dei kva senteret tilbyr i von om at det skal få dei til å slappe meir av.

Somme pårørande må lære å gi slepp. Dette gjeld spesielt foreldre til vaksne rusavhengige. Dei må la barnet få være vaksen. Somme gonger er det ting i familielivet som bidreg til å vedlikehalda rusutfordringa. Ein del har også «overteke» rusproblema frå eigne foreldre. Somme gongar er det den pårørande som har påført den rusavhengige smerte. I desse tilfella kan dette vera noko som lettar børa for den rusavhengige og som gir større forståing for kvifor ting har gått gale. Og at det handlar om meir enn dårlege val.
 

Begge partar må gå i seg sjølve

For pårørande kan ei slik erkjenning kjennast vanskeleg og ofte har begge partar ein lang veg å gå, fortel Per Arne Tengesdal.

– Å forsona seg med det som har skjedd er viktig, men å krevja tilgjeving anten av den rusavhengige eller pårørande, kan me ikkje gjera. Det ville vore eit nytt overgrep, understrekar han.

For han er det like fullt viktig at pårørande lærer å sjå den rusavhengige som eit menneske som først og fremst har ansvar for sitt eige liv og sine eigne val, men han meiner det er naudsynt at pårørande også reflekterer over eiga påverknad i situasjonen.

Tengesdal seier pårørande heilet tida gjer han ny innsikt. Sjølv har han lite erfaring med rusmisbruk i eigen familie.

– Arbeidet mitt gjer meg ekstra takksam for min eigen oppvekst og trygge familieliv. Dette er ikkje noko eg kan ta som ein selvfølge. Gjennom arbeidet mitt har eg lært kor enorme kontrastane i livet er. Eg veit ein del om kor gale det kan gå, men eg har og sett kor lite som skal til før livet kan bli bra igjen, er dei håpefulle avslutningsorda frå Per Arne Tengesdal.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut