I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
11. februar 2018

- Sterkt å sjå unge reisa seg

Å sjå eit ungt menneske jobba målretta med livet sitt etter ein oppvekst med rusa foreldre, imponerer og inspirerer Håkon Hauge Johnsen. Han er avdelingsleiar og psykologspesialist ved Kompasset i Sandnes.
Håkon Hauge Johnsen, avdelingsleiar og psykologspesialist ved Kompasset i Sandnes.
Kompasset gir terapi og rådgjeving til ungdommar og unge vaksne som har vakse opp med foreldre med alkohol- og andre rusproblemer. Dei er ein organisasjon som blir drive av Blå Kors. Føremålet er å hjelpa unge menneske som er berørte av andre sitt rusmisbruk til å ta eit skritt til sides og sjå livet sitt utanfrå, og til å gi seg sjølv førsteprioritet i eiga liv og eiga framtid.
 

Den unge i sentrum

– Hjelpetiltaket navigerer rundt den berørte. Merksemda er eine og åleine retta mot dei unge og deira sjølvstendige behov. Hjå oss er det ikkje foreldra sine problem som skal diskuterast. Her opplever den unge kanskje for første gong å stå i første rekke, seier Johnsen.

For eit barn som har vakse opp i ein heim der ein eller kanskje begge foreldra er rusavhengige, er det ikkje enkelt å setja seg sjølv først. Dei treng å læra og ta eigne behov på alvor.

Mange av dei som kjem til Kompasset har levd lenge med store belastningar. Dei har levd i frykt og opplevd krenkingar, kanskje også fornekting av menneske som eigentleg skulle beskytta dei. Difor har ofte barna teke på seg ei omsorgsrolle både for foreldre og søsken, fortel Håkon Hauge Johnsen.

– Dei er blitt ekspertar på å ta vare på alle andre enn seg sjølv, og er difor ikkje så opptekne av eigne reaksjonar. Dette mønsteret tek dei gjerne med inn i vaksenlivet. Slik endar dei  opp med å slite seg ut.
 

Tek lang tid å forstå

Ofte tek det lang tid før ein ungdom tek mot til seg og kontaktar Kompasset, er psykologen si erfaring.

– Det tek gjerne også mange år før den unge skjønar at det han eller ho lever i ikkje er normalt. 

Men det er svært viktig at desse ungdommane får hjelp, for ifølge Johnsen, har desse det ofte langt verre enn den rusavhengige forelderen, sidan barna er prisgitt dei vaksne i familien.

Håkon Hauge Johnsen viser til at unge som pårørande i helsevesenet elles, lett hamnar som nummer to bak dei hjelpetrengande foreldra. Difor meiner han det er avgjerande at det også finst tilbod der unge blir tekne i mot, heilt frikopla frå foreldra sine hjelparar.

– Ved hjelp av oss greier mange heldegvis å fortsetja i skule og arbeidsliv, legg han til.

Det er ikkje uvanleg at dei unge søker hjelp når dei står på terskelen av eige vaksenliv, for med mange vanskelege opplevingar i ryggsekken, kan det vera godt å få råd om korleis ein kan å staka ut kursen for det framtidige livet sitt, framheld Johnsen.
 

Eg har fått ei større forståing av korleis langvarig belastningar pregar eit menneske.

Imponert og rørt

– Møta med desse ungdommane lærer meg enormt mykje. Eg har fått ei større forståing av korleis langvarig belastningar pregar eit menneske. Kor gjennomgripande og altoppslukande det kan bli. I helsevesenet er me opptekne av å isolera og behandla symptom. Arbeidet med rusberørte har lært meg å sjå større delar av dei unges liv, og ikkje redusera sosiale og familiære problem til individuelle problem. Symptoma må setjast inn i ein større samanheng. Då ser ein at desse er naturlege reaksjonar på unormale belastningar. Denne innsikta har forandra mi tilnærming til desse menneska, påpeiker Håkon Hauge Johnsen.

Ingenting har lært han meir som fagmenneske enn møta med ekte menneske med ekte opplevingar, som han uttrykker det.

Han har fleire gonger blitt forundra over kva vendingar eit liv kan ta. 

– Det har og gitt meg tru på at det er mogleg å gjere endringar sjølv med eit svært dårleg utgangspunkt.
 

Mot alle odds

– Gong på gong har eg sett menneske ta kraftfulle val og jobba med store tema på ein fantastisk måte. Det er inspirerande å vera vitne til menneske som jobbar med seg sjølv, som reiser seg. Det rører meg og gir meg tru på at det går an å få til store og gode endringar, sjølv med eit særs dårleg utgangspunkt.

– Dei som tek kontakt med Kompasset har ofte lært seg overlevingsstrategiar som får dei gjennom dagen, men desse strategiane er ikkje sunne i eit større perspektiv. Ein oppvekst med vald, fornekting og tagnad gjer at mange kjenner seg åleine om sine opplevingar. Då er det fort gjort å tenkje at det er ein sjølv det er noko gale med, minner Johnsen om. 

Hans inntrykk er også at dei unge kjenner seg til bry og kan ha vanskeleg med å knyte seg til andre.

Det er gjerne i samband med at den unge har funne ein kjærast og skal til med eige liv at han eller ho tek kontakt med Kompasset. Då har dei ofte ei heil stund forstått at det dei har vakse opp i ikkje er normalt. Dei har også sett at det går an å ha det annleis.

Hjå Kompasset får dei unge terapi og råd om korleis dei skal ta godt vare på seg sjølv og leggja strategiar for eit trygt og stabilt vaksenliv.

Perfekt-grøfta

– Men det kan ofte vera ein humpete veg. Fleire som har vakse opp i heimar med rusmisbruk, kan sjølv hamna i motsett grøft, der dei jagar det perfekte, og der knapt noko er godt nok for deira eigne barn, poengterer han.

Håkon Hauge Johnsen seier dei aller fleste som oppsøker Kompasset greier å endra liva sine til det betre. Sjølv om erfaringar og opplevingar ikkje forsvinn, opplever mange at dei greier å finna nye måtar å sjå på seg sjølv, familien og eige liv på.

– Vår jobb er å fortelja dei at dei må prøva å leva i verda slik ho er utan å forstrekka seg, seier han.

Kompasset har laga ei eiga brukarråd sett saman av ein del tidlegare brukarar. Denne gruppa har jamleg møte og gir organisasjonen råd om kva dei bør gjera meir av og kva dei kan droppa.

– Å få råd av dei som har skorne på er utruleg viktig. Av desse unge har me fått mange innspel me aldri ville komme på sjølv. Brukarrådet gjer at dei unges stemme viser godt igjen i korleis me utformar tilbodet vårt. Å ha kontakt med denne gruppa er både energigivande og meiningsfullt, understrekar Johnsen.
 

Ut av reiret

Kompasset er eit lågterskeltilbod med høg kompetanse. Her kan unge ta direkte kontakt utan å gå vegen om lege. Tilbodet er gratis. Tre tilsette arbeider her. To psykologspesialistar og ein familieterapeut.

Det er eit tilbod for for unge mellom 14 og 35 år.

– I gjennomsnitt brukar dei unge 8–9 samtalar. Nokre treng berre eit par samtalar medan andre treng ein del fleire, fortel Håkon Hauge Johnsen.

Tanken er at ingen skal få mindre hjelp enn dei treng, men heller ikkje meir. Låg terskel betyr både låg terskel inn, men og låg terskel ut, påpeiker han.

Målet med hjelpa er å gi dei unge hjelp til å skape meir sjølvstendige liv. For å få til det krevst det kanskje at somme velger å kutta kontakten med foreldra for å beskytta seg sjølv og eigen familie, eller kontakten må ta andre former.

Dei unge må læra og krevja aksept for at dei set gode grenser for eigne liv.

– Me gir dei ikkje konkrete råd, vala må dei ta sjølve. Mi erfaring er at mange oppdagar meir av seg sjølv i samtalane med oss. Det er lærerikt å ta eit skritt til sides og sjå eige liv utanfrå.

Og organisasjonar som Kompasset trengst. Johnsen viser til at 8,4 prosent av barn og unge veks opp i heimar der ein eller begge foreldra er rusavhengige. 

62 prosent av dei unge som kjem til Kompasset veks opp i heimar der foreldra aldri har søkt hjelp. Og der foreldra søker hjelp, er det berre 8 prosent prosent som opplever betring.
 
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut