I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
17. april 2023

Barn som pårørande er ikkje alltid små og søte, dei kan også vera hengslete, sinte tenåringar

– Alle bryr seg om og viser omtanke for det vesle, søte barnet på fem år som er pårørande. Sympatien er ikkje alltid like stor når barnet er blitt ein obsternasig tenåring, dønn sliten av å ha vore pårørande heile livet.
Marius%20Sj%C3%B8m%C3%A6ling

Orda kjem frå Marius Sjømæling. Han er generalsekretær i organisasjonen Barn av Rusmisbrukere (BAR) som mellom anna driv chattetenesta BARsnakk for barn og unge som veks opp i heimar der ein eller begge foreldra har utfordringar knytte til rus.

Sjømæling har sjølv kjent på kroppen kva mange av dei som chattar står i, for han blei fødd av ei mor som rusa seg og hadde ei bipolar liding. Han har såleis vore pårørande så lenge han har levd. Men det tok tid før han forstod at hans normal ikkje var som dei fleste andre sin.
 

Eit ustabilt liv

Mora rusa seg av og på heile oppveksten, livet var til tider ekstremt ustabilt, og han veksla mellom å bu hjå mora og besteforeldra.

– Når var første gong du forstod at du og mora di ikkje levde eit liv som dei fleste andre?

– Eg trur eg byrja å forstå at eg vaks opp på ein annleis måte då eg var 3-4 år. Det var alltid mykje folk heime hjå oss, og eg hugsar spesielt ein kjærast av mamma som kunne vera valdeleg. Stemninga kunne vera koseleg ei stund, for så å bli skummel og farleg. Eg strevde med desse svingingane mellom godt og vondt. Eg blei aldri utsett for fysisk vald, men såg mor mi bli utsett for alle typar vald, fortel han.

Marius forstod tidleg at heime var det annleis enn i barnehagen og hjå besteforeldra. Hjå mora sine foreldre stod alltid middagen på bordet og det var trygge og gode rutinar rundt guten på alle vis.

Sjølv om Marius ofte følte seg utrygg heime hjå mora, var det eit ubryteleg, tett og godt band mellom mor og son.

– Det var oss to mot verda, mor mi viste meg grenselaus kjærleik og ho var raus med kjærteikn. Difor var eg alltid skuffa dei dagane ho ikkje kom og henta meg i barnehagen, og det var bestefar som kom. Eg sensa noko i blikka til dei tilsette, for eg blei ekstremt var for kroppspråk. Bestefar kunne seie at mor var forsinka heim frå jobb, men då eg nokre dagar seinare spurte henne om kva som hadde skjedd den dagen ho ikkje henta i barnehagen, viste det seg at bestefar si forklaring ikkje stemte. Eg hadde stort behov for å vita kva som skjedde, og fann ut at alt vaksne sa, ikkje var sant.

Ho var ei kjærleg mor

Marius trur at all kjærleiken mora gav han, kombinert med alle den praktiske omsorga besteforeldra stod for, er grunnen til at han har klart seg så bra seinare i livet, til tross for den tøffe oppveksten. For han ber med seg mange minne om gode stunder mellom dei to oppi alt kaoset.

Då Marius var åtte år eskalerte mora sitt rusmisbruk og ho gjekk over på tyngre stoff. Livet var framleis ein runddans mellom rus og ikkje-rus, pengejakt og depresjon. Marius blei etter kvart tenåring og tok seg meir og meir av det praktiske rundt mora. Han forfalska reseptar slik at ho fekk meir medisinar. Som niåring brukte han lommepengar han fekk til snop, til å kjøpa kneipp og melk. Han ordna med legetimar og det første han gjorde etter å ha fått lappen, var å køyra mora til eit møte med Nav. Han laga mat, rydda, sjekka at mora levde, følgde opp seg sjølv og gjekk på skulen.

Mora hans døydde vel 40 år gamal, og etterlot seg ein son nøyaktig halvparten så gamal.

– Eg sleit mykje med skuldkjensle etter ho døydde. Eg hadde budd heimanfrå sidan eg var 16 år, og på det tidspunktet budde eg i Oslo, men eg hadde kontakt med henne på telefon nærast døgnet rundt. Ho døydde av eit illebefinnande, og ho hadde vore ganske dårleg i tida før ho døydde, men det var heilt urasjonelt av meg å føla skuld for det som skjedde. Men det er ikkje uvanleg at barn som pårørande har slike superhelttankar om seg sjølve, viser han til.
 

Barn som pårørande må bli lytta til

For Marius er det blitt ei fanesak at barn som pårørande ikkje berre er det søte barnet, men også tenåringen som står og dundrar og vil inn på avdelinga der mora ligg, og som ikkje forstår at det er noko som heiter besøkstid.

Sjømæling sitt inntrykk er at folk i helsevesenet er flinkare til å setja seg ned på kne til små barn som pårørande, men tenåringane blir meir overletne til seg sjølve. Dei er kanskje ikkje like lette å få sympati med fordi dei kan vera utagerande, men ein skal hugsa på kvifor dei oppfører seg slik, minner han om. 

Då eg var 17 år var eg dønn sliten etter å ha vore pårørande heile livet. I tillegg skulle eg fullføra skulen, ha ei fritid, vera med venner. I tillegg hadde eg lært meg Helselova for å sikra meg at mor fekk oppfylt rettane sine.

Sjømæling ønsker at 12-åringen helsepersonell møter på legevakta, hjå fastlegen eller ved ambulansen, blir snakka til, og ikkje berre sende vekk for å gå på rommet.

Kvifor ikkje heller bruka 12-åringen sin kunnskap om mamma til å prøva å finna ut kva stoff ho har tatt det siste døgnet? Barnet har ofte mykje verdifull informasjon som kan komma både pasienten og barnet til gode, så gi dei høve til å bidra. Berre tenk deg om ei 62 år gamal kvinne til ein eldre mann med tidlig demens og kreft, skulle fått beskjed om å setja seg i ein stol og strikka, medan helsepersonell tok seg av mannen hennar. 

 

Den eine som ser deg

Ein sint tenåring bør ikkje møtast med irritasjon, men heller med interesse. 

Eg ser du er glad i mor di, kan vera ein respons på frustrasjonen, seier han.

Marius fortel at han og mora fekk hjelp av fagfolk til å ha ein ærleg dialog der dei kunne gjera ein annan gjensidig ansvarlege for ting. Han gjekk også jamleg til psykolog i fleire år, noko som var ein viktig luftventil, seier han. 

Ein lærar han hadde i tre år ønskte han konsekvent velkommen då han kom for seint på skulen. Berre å agera litt utanfor boksen kan vera nok til å gjera ein stor forskjell, påpeiker han.

– Det er så lite som skal til ofte. Ho eller han som du møter i resepsjonen på legevakta. Det mennesket du føler ser deg, den som gir deg ei kjensle av likeverd og respekt. Ser at du er eit lite bekymra menneske.

Han er også opprørt over korleis barnevernet blir brukt. I barnefamiliar der det er rus og psykiatri inne i bilde, kjem alltid barnevernet inn. Det same skjer ikkje dersom mor eller far er alvorleg kreftsjuke.

 

Han har laga kanalen han kunne trengt

– Men eit barn kan lida vel så mykje under omsorgssvikt i heimar der det er krevjande somatisk sjukdom. Omsorgsevnen er ikkje alltid knytt til diagnose, minner han om. Også i familiar med kreft kan det oppstå grov omsorgssvikt. Alvorleg sjukdom kan få ein heil familie til å kollapsa. Difor er det viktig at alle barn som pårørande får tilbod om den hjelpa dei treng, uavhengig av kva foreldra eller søskena feilar. Dette kan vera kurs eller tilrettelegging på skulen.

Marius Sjømæling viser til at behandling av rus og psykiske lidingar no skal skje meir heime enn i langtids døgnbehandling. Det gjer det endå viktigare å involvera familien og gje dei verktøy til å stå i dette. Gode tenester til den som slit med rus er flott, men gode tenester som flettar inn heile familien, er endå betre, slår han fast.

Chattetenesta BARsnakk er open fem dagar i veka. Her chattar barna anonymt. Årleg har kanalen mellom 1500 og 1800 samtalar som i gjennomsnitt varer mellom 40 og 55 minutt.

– BARsnakk er den kanalen eg sjølv sakna som tiåring. Eg våga aldri ringa nokon hjelpetelefon fordi eg frykta eg ikkje kunne vera anonym. Eg har skapt noko eg gjerne skulle hatt den gong, slår han fast.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut