I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
18. november 2022

Barn som pårørande kan gleppa for skulehelsetenesta

Barn som pårørande er noko helsesjukepleiar Ingrid Hindal i skulehelsetenesta i Stavanger kommune er veldig oppteken av, men ho saknar betre rutinar for å fanga opp denne gruppa.
Ingrid%20Hindal
– Me er barnas bedriftshelseteneste, men det finst ikkje noko sikkert system for at me får fanga opp barn som strevar fordi dei er pårørande, seier ho.
 
– Det er eit tankekors, for om mor, far eller eit søsken er innlagd på sjukehus, vil barnet bli fanga opp, men denne informasjonen går ikkje automatisk over frå spesialisthelsetenesta til oss i primærhelsetenesta, seier Ingrid Hindal.
 

Litt tilfeldig 

No er ho avhengig av at barnet, skulen eller foreldra tek direkte kontakt, eller at slike utfordringar blir avdekka når ho møter barnet i samband med vaksinering, testing av høyrsel og syn, veging og målingar, eller under helsesamtalane i 1. og 8. klasse.
 
Det er dermed ganske tilfeldig korleis helsesjukepleiarane kjem i kontakt med desse barna, for til tross for instruksen om å ha oversikt over helsetilstanden til alle barna i ein grunnskule, og dermed også vita om barnet har sjukdom blant familiemedlemmane, er dette utopisk i den verkelege verda. Dermed hender det nok at mykje ein skulle visst om livssituasjonen til mange barn, går under radaren, forklarer Ingrid Hindal.
 
Journalane til alle elevane blir førte over frå helsestasjonen til skulen når barnet tek til i 1. klasse. Her står helseopplysningar frå barnet var nyfødd. Journalane blir deretter sendt til vidaregåande, dersom eleven ønsker det.
 
Ein samtale med helsesjukepleiar kan komma i stand fordi eleven har noko på hjartet, eller fordi skulen og eller foreldra er uroa over ein elev som kanskje har endra åtferd og viser teikn på å ikkje trivast. Men å samtala med helsesjukepleiar er heilt frivillig, eleven må sjølv vilja det, presiserer Ingrid Hindal.
 

Ei underliggjande årsak

Ho trur at dei fleste barn og unge ikkje reflekterer over at dei er pårørande, sjølv om dei er det, og sjølv om somme av utfordringane dei har på skulen indirekte eller direkte heng saman med denne pårøranderolla.

– Samtalane kan gjerne handla om problem med å få vener, eller vantrivnad i skulemiljøet, svevnmangel, uro og angst. Det kan også vera vanskar i heimen. Vanlegvis er det mange og samansette årsaker til at ein elev slit, og livet heime, på fritida og på skulen, påverkar ofte einannan, forklarer helsesjukepleiaren.
 
Ho viser til at det å ha ein forelder som er kronisk sjuk, er utmatta eller som har funksjonsnedsettingar er informasjon som kan gleppa for skulen og helsesjukepleiaren. Ein er kanskje heller ikkje alltid merksame nok på kor stor belastning ein slik heimesituasjon kan vera for eit barn.

Hennar inntrykk er at skulen lettare set inn tiltak når det er snakk om akutte kriser i familien til ein elev, som ved alvorlege kreftdiagnosar eller død. Livssituasjonen til mange barn med andre typar familie-utfordringar som kanskje ikkje er så synlege og presserande, kan fort hamna meir i skuggen.
 

Det er verd å merka seg at barn kan vera i utakt med andre i familien i sorgprosessar. 

Ingrid Hindal
Elevar med meir langvarig eller kronisk sjukdom i heimen, slit ofte med uro for den som er sjuk, samstundes krev det å ha eit sjukt søsken mykje tilrettelegging, noko som kan gjera at det friske barnet prøver å minimera eigne behov, for å skåna foreldra.
 
For at helsesjukepleiaren skal få vita noko om barnet si pårøranderolle, er ho avhengig av at nokon tek kontakt. Etterpå er det avgjerande at barnet får tillit til henne. For somme kan det vera lettare å snakka med ein som ein ikkje har kjenslemessige band til og der mindre står på spel. Andre elevar vil trengja tid på å opna seg, og kan slita med å få tillit til andre basert på vanskelege opplevingar tidlegare. Barn som er pårørande kan også bli viste til barne- og familiesenteret i Stavanger. Der kan barna få møta andre likesinna og vera med i kjekke aktivitetar som kan gi dei kjærkommen avkobling, opplyser Hindal.
 

Mange greier seg fint

Av og til får helsesjukepleiarane vita noko som utløyser opplysingsplikta. Då skal barnet få beskjed om kva som vil bli formidla vidare og til kven.

Utfordringa er at barnet då kan komma til å trekkja ei forteljing i frykt for kva reaksjonar dette vil få frå foreldre.
 
– Men som hovudregel har helsesjukepleiaren teieplikt, det er berre ved informasjon av svært alvorleg art, at opplysingsplikta trer i kraft, presiserer Hindal.
 
Ingrid Hindal understrekar at mange barn som pårørande greier seg heilt fint. Sjansane for at det går bra med barnet aukar om foreldra er ressurssterke, eller om nærmiljøet til barnet og familien er godt og støttande. Det er viktig at ein difor ikkje sjukeleggjer det å vera pårørande, legg ho til.

– På den andre sida er det svært viktig å nå fram til barn som lever i familiar der sjukdom og vanskar blir sett på som tabu og vakta som familieløyndommar. Ein slik oppvekst gir liten plass til barnets kjensler, og kan fort bli ein trussel mot barn og unges helse, seier ho.

Hindal kan ikkje seia at ho har sett noko fellestrekk ved barn som pårørande, kvar einaste elev er forskjellig, det er også heimane dei veks opp i. Men barn som lever i opne, varme og kjærlege familiar, der alle kjensler får komma til syne, toler langt meir motgang enn der barnet må gå på tå hev, og lever i konstant frykt for at foreldra ikkje har plass til det og kan tåla det, midt oppi alt det andre dei står oppi.


– Fattigdom er også noko som kan påverke barn negativt. Sjølv om foreldra i utgangspunktet er gode omsorgspersonar, kan stresset rundt det å ha dårleg økonomi føra til at ein ikkje har nok kapasitet til å følga barnet tilstrekkeleg opp, forklarer Hindal.
 
Ho seier at det ikkje er realistisk at helsesjukepleiarane kan fanga opp alle dei ulike pårørandeutfordringane barn og unge står i. Då måtte ein vore langt meir til stades på skulane.

 

– Me går tettare på no

Likevel har mykje blitt betre i skulehelsetenesta, viser ho til. Kunnskapen om barns utvikling er større enn for ti år sidan. Hindal seier ein er blitt langt flinkare til å sjå barns psykiske helse dei seinare år. Ein er difor også blitt betre til å hjelpa barna og forstå eige reaksjonsmønster. Barna får vita at alle kjensler kan vera normale og at det er naturleg å bli påverka av det som skjer med nokon dei er glade i.

Vanlegvis er det mange og samansette årsaker til at ein elev slit. 


Arbeid knytta til livsmeistring og psykisk helse tek om lag 90 prosent av arbeidstida til helsesjukepleiaren. Hindal er usikker på om ein er betre på å møta barn som pårørande i skulehelsetenesta, sidan ein sjeldan nyttar dette spesifikke omgrepet. Likevel trur ho sjansen for å oppdaga utfordringar rundt dette er gode, når eleven først kjem til samtale, fordi ein er oppteken av korleis elevane har det inni seg og i familien. Hindal seier at ein no i større grad enn før tør gå inn krevjande tema som rus og økonomi. Ein er også meir oppteken av psykisk helse i undervisinga av elevane.

– Det er også verd å merka seg at barn kan vera i utakt med andre i familien i sorgprosessar. Barnet kan verka til å ha det ganske greitt like etter eit nært familiemedlem er borte, for deretter å få ein forseinka reaksjon lenge etter dødsfallet, minner Hindal om.
 
Barn går også meir enn vaksne inn og ut av sorg, legg ho til.
 

– Me må vera til stades

For at barn og unge skal bruka skulehelsetenesta, er det viktig at helsesjukepleiaren er synleg og tilgjengeleg, og at elevane kan bli kjent med han eller henne som eit vanleg menneske, og gjennom det få tillit til at dette er ein person ein kan stola på.
 
Utfordringa er at det er ofte er vanskeleg å få den naudsynte tilliten og kjennskapen til elevane, når ein berre er ein til to dagar på ein skule. Men Hindal veit at elevane har ønske om å sjå helsesjukepleiaren oftare enn under vaksinering og temadagar.
 
Målet er at ein barneskule med 300 elevar skal ha helsesjukepleiar i 100 prosent stilling. Full stilling er målet også på ein ungdomsskule med 550 elevar, og på ein vidaregåande skule med 800 elevar. Hindal seier at ein ennå er langt unna dette målet på mange skular, sjølv om talet er på veg opp. 
 
– Men sjølv om ein oppfyller norma på ein liten skule, er helsesjukepleiar likevel berre til stades på skulen ein dag i veka.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut