I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
03. februar 2020

Ein dag kan ambulansearbeidaren måtte rykke ut til sine eigne

Åsmund Kyllingstad frå Ålgård i Rogaland har vore ambulansearbeidar i over 20 år. I bakhovudet ligg tanken om at eit oppdrag brått kan handle om ein av hans aller næraste.
A%CC%8Asmund%20Kyllingstad
– Eg går ikkje og tenkjer på dette dagstøtt. Når eg er på jobb må eg gjere jobben som eg er opplært til. Eg trur eg er så profesjonell at det ville ha gått greitt. Føremona er at me alltid har litt tid å førebu oss på mens me er på veg til oppdraget som ventar. Me er alltid to på ambulansen, så om det skulle bli for tøft, kan makkeren min ta seg av behandlinga og eg køyringa, forklarer han.
 

Nevø med hjartestans

Ambulansearbeidar Kyllingstad legg til at leiinga gir dei tilsette høve til å gå av bilen om slike situasjonar skulle oppstå.

– Det tilbodet fekk eg ein gong då ein eg er onkel til måtte hentast av ambulansen. Berre tilfeldigheiter gjorde at det ikkje blei min ambulanse som henta han. Familien bad ambulansearbeidaren om å varsle meg om kva som hadde skjedd med nevøen min, fortel Kyllingstad.

Det har hendt han har rykka ut til vener og andre slektningar, men for å skåna seg sjølv, har Åsmund vald å knytta seg opp mot ein annan ambulansestasjon enn den dei fleste av venene og slekta hans soknar til. Men ved sjukdom og anna fråvær, hender det likevel at han må steppa inn ved andre ambulansestasjonar. Risikoen for å rykka ut til nær slekt er likevel til stades.
Når ein ambulanse får eit oppdrag kjem pasientens namn og adresse opp på ein skjerm i bilen.

– I dei tilfella eg er sjåfør ser eg ikkje så mykje på skjermen, og då er det ikkje alltid ein oppdagar at me skal til ein kjenning før me nesten er framme, fortel han.
 

Dobbeltrolle

Ambulansearbeidaren er pårørande til fleire familiemedlemmer privat og har også eit vake blikk for pårørande i jobben sin.

– Der det er ein pasient er det alltid ein eller fleire pårørande. Ofte har eg dårleg samvit for at me får så lite tid til pårørande – all vår merksemd må jo rettast mot pasienten, behandling på staden og deretter transport til sjukehuset. Men vanlegvis får ein av dei pårørande tilbod om å bli med i ambulansen, fortel han.

– I tilfelle der me avsluttar i heimen, altså når pasienten døyr, hender det at me kan stoppa ei stund saman med dei pårørande dersom me ikkje blir kalla ut på eit nytt oppdrag. Dei etterletne verkar å setje pris på dette. Det kjennest alltid vanskeleg dei gongene me må hasta av garde til eit nytt oppdrag og forlata pårørande, seier han.
 

Skuggesida av sosiale medium

Sosiale medier er til tider også med på å gjera livet unødvendig tøft for pårørande.

– Ofte går nyhendet om ei ulukke som eld i tørt gras via sosiale medier. Pårørande forstår at dei er involverte og kjem difor raskt til ein ulukkesstad som ofte gir dei synsinntrykk dei burde blitt sparte for, meiner Kyllingstad.

– Det er ikkje alt pårørande bør sjå, noko er det best dei blir fortalde i etterkant, men slik er verda blitt og det må me berre leve med. Ein annan ting er at nyfikne som stimlar saman rundt ein ulukkesstad for å filma, kan vera til hinder. Det har hendt eg har måtta be folk om å trekkja seg unna, men elles har me korkje tid eller mynde til å nekta dei å publisera noko, påpeiker han.
Kyllingstad vedgår at det ikkje alltid er enkelt å vita kva ein skal seie i ein heim der tragedie og sjukdom har råka.

– Alltid skal ein kanskje ikkje seia så mykje, men berre vera der. Og så må me aldri gi folk falske håp. Særleg barn kan spørja mykje. Me skal svara så ærleg me kan, men det er ikkje alt me kan svara på. Då må be berre innrømma at me ikkje veit korleis det vil gå med mor eller far.
 

Pasientar utan nettverk

Ikkje alle pasientar har pårørande, eller så bur dei pårørande langt unna. Mangel på pårørande kjem mest til syne for ambulansearbeidaren når han transporterer pasientar tilbake til heimen etter eit sjukehusopphald.

– Kva har du å komme heim til, tenkjer eg av og til under slike transportoppdrag. For desse pasientane har kanskje sjukehusopphaldet vore ein opptur med tanke på at dei har hatt mange menneske rundt seg. Å komme heim til eit tomt hus, kan då kjennast ekstra vanskeleg. Viss tida tillet det, plar me stoppa nokre minutt ekstra heime hjå einslege pasientar, seier han.

Kona til Åsmund er sjukepleiar. Helsekompetansen hjå ekteparet har ført til at det ofte er dei som er med gamle foreldre til lege.
 

Ein krevjande pårørande

– Eg trur me som helsepersonell kan vera ganske krevjande pårørande. Sidan eg kjenner helsevesenet veit eg kva eg kan krevja og kva eg skal spørje om. Me skjønar språket som blir brukt. For pårørande utan helseutdanning kan dette vera komplisert å forstå. Samstundes er behandlaren eg møter som pårørande ein kollega, men det må vera rom for at pårørande stiller kritiske spørsmål, framheld han.
Sidan Åsmund arbeider turnus som ambulansearbeidar har han lengre friperiodar kor han kan bli med  foreldre og svigerforeldre til lege.

Han er glad han har turnusarbeid med friperiodar. Dersom han alltid arbeidde dagtid, ville det nok blitt meir komplisert å kunna følgja opp pårørande, erkjenner han.

Hans helsefaglege kompetanse fekk også svigerinna nyta godt av då ho sklei ned ein skrent i Sirdal i påsken og blei kraftig forslått. Svoger Åsmund trudde ei stund han måtte få tak i helikopter, men etter han hadde undersøkt svigerinna, fann han ut at det var nok å få tak i ein scooter for å frakte henne ned frå fjellet.
 

Som mine eigne

– Vår filosofi i jobben er å behandla alle som om dei var våre eigne. Sjølv er eg glad for at eg ikkje begynte i denne jobben før eg hadde ein del livserfaring, for det kan komma godt med i mange samanhengar. Av den grunn prøver me også å skåna dei unge lærlingane og ambulansearbeidarane våre for dei tyngste oppdraga i starten, for å gi dei tid til å samle erfaring.
 
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut