Søskenparet arbeider no begge ved Huset Bergen. Morten Sommerbakk arbeider som erfaringsformidlar. Huset Bergen er eit brukarstyrt hus for personar i aktiv rus og under behandling. Staden er eit alternativ til asfalt og gater.
Morten Sommerbakk starta med rus som 19-åring og rusa seg tett til han var 48 år. Som vaksen fekk han diagnosane bipolar og ADHD. Han beskriv store delar av det vaksne livet sitt som ein miks av psykosar, psykisk sjukdom, ADHD og anna elende, ein fæl kombinasjon som gjorde at han berre rusa seg endå meir.
– Eg hadde ofte vrangførestillingar og trudde folk var ute etter å drepe meg. Ein gong stakk eg ut i berre underbuksa og gjekk gatelangs i Bergen, heldigvis kom det eit miskunnsamt menneske og tok seg av meg.
Beate stadfester at broren var flink til å halda avtalane, og dermed fekk barna hennar eit fint forhold til onkelen sin i dei periodane han heldt seg rusfri heime hjå henne. Dagane hjå søstera blei fredelege lommar i livet då Morten kunne føla seg normal ei lita stund.
Då Beate var liten var det storebroren som tok seg av henne og gav henne tryggleik i livet, men så skulle veslesøster bli beskyttaren for storebroren gjennom fleire tiår.
– Eg elskar bror min, men eg kunne likevel bli sint og irritert på han. Eg var dessutan livredd at han skulle påverke mine barn til å hamne i rusmiljøet, men det den uroa kunne eg spart meg. Det eine barnet mitt kom også inn i rusmiljøet, men det hadde ingenting med bror min å gjere, han tok tvert imot vare på han då det skjedde, forklarer Beate.
– Eg har lært meg til å leva med humørsvingingane utan rus. Når depresjonen kjem, så tillèt eg meg å ha ein mørk dag. Før pøste eg på med alle slags greier fordi eg ikkje forstod kva som skjedde med kjenslene mine, og ville rømma frå depresjonen. Livet er no ganske godt, påpeiker Morten.
I løpet av sitt lange liv med rus prøvde han ei rekke behandlingsmetodar, men ingenting fungerte. Det var musikkterapi som til slutt blei løysinga. Her opplevde Morten meistring, ingen kravde at han skulle slutta å rusa seg, nedtrappinga fekk han ta i sitt eige tempo. Her fekk han eit livsprosjekt i staden for ei rekke reglar og gjeremål han ikkje likte. Han blei oppslukt av musikken og i øvingsrommet var det forbode å snakka om problema, og dermed blei musikken ei frisone kor ein berre hadde det moro saman.
– Eg sa til henne kor skuffa eg var over henne som bestemor. Då spurte ho meg om eg ikkje var glad i min vesle babygut? Jo, sa eg. Trur du at du er mindre glad i guten din når han er vaksen? Nei, sa eg, og eg forstod brått poenget, og kvifor ho ikkje greidde gi slepp.
Slik som heller ikkje ho som søster greidde. Sjølv om Beate var redd dei gongene han var aggressiv mot henne på grunn av abstinensar, greidde ho å henta fram ei indre styrke til å stå i det. Beate visste heile tida at det var rusen sin feil, for den ekte Morten oppførte seg aldri slik.
For Beate og Morten er arbeidet på Huset Bergen meir enn ein jobb, fordi dei har vore der sjølv, som rusmisbrukar og pårørande.
– Eg veit godt kva som hjelper og kva som ikkje gjer det, me har også tilsett ein person med pårørandeerfaring for å rettleia dei som lever tett på personar med ruslidingar, seier Morten.
Filosofien er at ein ved Huset Bergen skal sjå heile mennesket og ikkje berre rusen, ein skal også ha omsut for familien til rusmisbrukaren.
– Huset skal være ein god stad både for den som slit med rus og dei pårørande, slår han fast.
Når pårørenderollen krever alle fysiske og psykiske ressurser, er det ikke uvanlig å kjenne på tomhet. I slike situasjoner kan en føle på nedsatt evne til å glede seg over ting, som tidligere har gitt glede.
– Som rusavhengig er du veldig egoistisk. Alt handla om meg, meg, meg, meg, meg og så kanskje litt søster mi. Men det meste var meg og mitt. Då eg rusa meg mindre, begynte det å siva inn kor hardt Beate må ha hatt det i desse åra. Og mange pårørande orkar ikkje stå løpet ut, dei blir så slitne, og det kan gå ut over jobb og anna familie. Eg er så glad for at søster mi aldri gav opp, for då hadde eg ikkje klart å bli rusfri, difor er mi bøn til andre pårørande også at dei bør prøva å halda ut.
Han fortel at søstera alltid var ei han kunne søke til og ringe til. Beate fortel at ho aldri var inne på tanken om å gi slepp på broren, men det kosta mykje og ho fekk ein tung depresjon som følge av alle belastningane. Men no har ho det godt og har funne glede i å springa i fjellet. Helsa har likevel fått ein knekk, og ho har vore mykje sjukmeldt.
– For oss er det viktig å hjelpe pårørande å setje grenser for seg sjølv og rusmisbrukaren, elles kan ein bli heilt utbrend. Gi gjerne mat og klede, men aldri pengar.
Ingen trudde Morten skulle greie å komma seg ut av rusen då han gjorde det, fordi han hadde rusa seg så mykje så lenge og var sjuk både fysisk og psykisk.
– Pårørande er viktig når du er sliten og rusa, men dei er endå viktigare når du prøver å komma deg ut av det, understrekar han.
– Så ikkje gi opp, for utan søster mi hadde eg vore død for lenge sidan, er Morten si klare oppfordring.