Linda Fagralon møtte barnekoordinator Julie Wick første gong på kontoret. For ørtande gong skulle Linda fortelja historia til dottera og seg sjølv. Det er ofte eit tiltak, men ho kjende raskt at det var annleis denne gongen. Kjemien stemte, Linda merka fort at barnekoordinator Julie hadde ein god aura, ho lytta og gjorde det trygt for henne å opna seg.
– Det er ikkje alltid eg opnar meg like mykje for hjelparane. Det handlar om kjemi og korleis eg blir møtt, men med Julie kjendest det straks rett og godt å opna opp, utan å halda noko tilbake.
– Ho hadde sett av ein heilt time til meg, eg snakka tre minutt meir enn det, før Julie måtte i eit nytt møte, seier ho leande.
Dette var noko heilt anna enn dei samlebands-samtalane ho så ofte opplevde elles i møte med hjelpeapparatet.
– Etterpå har Julie ringt meg, og det tok ikkje lang tid før eg forstod at Julie er ei som tek oppgåva si som barnekoordinator alvorleg. Ho ser kva dotter mi og eg treng, og hjelper meg gjennom systemet. Men like viktig er at ho er ein god lyttar som tek seg tid.
Ifølge Linda får barnekoordinator Julie kontakt med dei instansane familien treng bistand frå, og ho søker på ulike tenester for henne. Gjennom Julie får mora hjelp til å få formidla familien sine behov til hjelpeapparatet, og ikkje minst får ho hjelp til å grunngi kvifor ho treng akkurat denne type hjelp til seg og dottera.
– Lenge var eg min eigen koordinator, og det blei altfor mykje for meg. Det var nærast ved eit tilfelle eg fekk høyra om ordninga barnekoordinator. Eg hadde aldri høyrt om det før, men konkluderte raskt med at det vil eg også ha. Ikkje så lenge etter fekk eg kontakt med Julie Wick og ting kom raskt på stell, fortel ho.
Det er nesten så Linda knapt kan tru det, ei tung bør er fjerna frå ryggen hennar, skuldrene er på veg nedover og ho pustar med heile seg.
– Tenk å få eit menneske som har som jobb å vera til stades for barnet mitt og meg, det er jo ei Guds gåve, seier ho gledestrålande.
For Julie veit å brøyta veg i det som for mora til tider har verka som eit ugjennomtrengjeleg villnis av tenester, der ho ofte også opplevde at dottera fall mellom alle stolar. Etter den nye diagnosen kom, opplevde dei at etatar der dottera fekk hjelp før, no ikkje passa for hennar behov. Linda kjende også at mykje skjedde utan at ho forstod kvifor. No har ho og dottera ein stad å gå med alle spørsmåla og undringa.
Ho var veldig sliten etter mange år med stort pårørandeansvar, då barnekoordinatoren kom inn i livet hennar. Dottera har hatt fleire typar utfordringar både på skulen og i heimen. Det har vore mobbing og enormt mange møte med skulen. Til slutt visste ikkje mora kva bein ho skulle stå på.
Ho legg til at ho også før har hatt ein koordinator, men det var først då ho og dottera fekk ein eigen barnekoordinator, ho opplevde store framskritt.
Dotter hennar har ADHD og i nyare tid fekk ho også diagnosen lettare psykisk utviklingshemming. Dette gjorde at mora fekk endå fleire folk frå hjelpeapparatet å forhalda seg til, i tillegg til ei ny sorg, som delvis slo henne ut.
Mange pårørende synes det er krevende å ha fokus på hva de selv trenger for å håndtere situasjonen. Egne behov kjennes uvesentlige når hverdagen preges av søknadsskjema, telefoner, møter, koordinering og oppfølging. Bekymringer for økonomi og evnen til å prestere på jobb, er for mange en stor tilleggsbelastning.
Ho skulle ønske barnekoordinatoren hadde kome inn i livet hennar for fleire år sidan, men veit likevel å gleda seg over alt det gode som skjer no.
Livet er ikkje berre ein dans på roser no heller, påpeiker ho, men det er himmelsk mot kva det var i kaostida like før barnekoordinatoren kom inn. No slepp ho tenkja på alt det barnekoordinatoren held tak i.
No skal barnekoordinator Julie snart få møta dottera, som jo er hovudpersonen og grunnen til at koordinatoren er komen inn i livet til familien. Dette møtet skal skje heime. Linda føler seg trygg på at Julie vil vera der for henne og dottera i lang tid.
I tillegg til fysiske møte er har dei kontakt på telefon kvar tredje veke.
– Men Julie har sagt at eg kan senda SMS eller mail mellom desse telefonsamtalane, om det er noko eg lurer på. Berre å vita at ho er tilgjengeleg for meg, og at terskelen for å ta kontakt er låg, gjer veldig godt, forsikrar Linda.
– Eg ønsker å fortelja mi historie for å gjera ordninga med barnekoordinator meir kjent. For mange er dette dessverre framleis ein godt skjult løyndom, avsluttar Linda Fagralon.
Var dette interessant?
Vi har intervjuet barnekoordinator Julie Wick. Les intervjuet her.