I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
14. februar 2020

Då Lotte gjekk i første klasse fekk faren hjernebløding

– Me hadde vore på tur. Far tok syklane våre ut av bilen søndag ettermiddag, så gjekk eg og bror min og la oss. Neste morgon då me vakna, såg me at mamma hadde grete. Ho fortalde oss at pappa var på sjukehuset, fortel Lotte.
hannah-olinger-8eSrC43qdro-unsplash
Lotte hugsar at ho gjekk og var lei seg heile dagen på skulen, men at klassekameratane gjorde det dei kunne for å muntre henne opp. Om ettermiddagen blei ho med mora for å besøka faren.

Lotte registrerte at faren hadde sydd i hovudet. Synet av farens hovud gjorde at ho besvimte og måtte fraktast til legevakta.

Seinare vegra Lotte seg mot å besøka faren dei fire månadane han var på sjukehus og opptrening.

– Eg var redd eg skulle bli kvalm, så eg orka ikkje, forklarer ho.
 

Sint før besøk

Mamma Anne Grethe seier at ho raskt fann ut at ho ikkje ville pressa dottera til besøka far sin. Lotte blei sint kvar gong det var snakk om å dra og besøke han.

Like etter hjerneblødinga bestemte Anne Grethe seg for å legge sorga si vekk og setja alle krefter inn på å få rehabilitert ektemannen så godt som råd. Ho meinte det ville gagne både samfunnet og ikkje minst familien, å få faren tilbake i den beste versjonen han kunne bli etter sjukdommen.

Det kravde så å seie alle krefter ho hadde og hennar foreldre fungerte i praksis som foreldre til hennar barn i to år. I tillegg fekk eldstebarnet og ho sjølv oppfølging frå eit familiekontor, medan dei to yngste fekk tilbod om å snakke med helsesøstera på skulen.

Anne Grethe følte ikkje det var så vellukka, og viser til at det tek tid å skape tillitsfulle relasjonar til så små barn. Ho meiner generelt samfunnet bør vera meir proaktive i møte med familiar som går opp i liminga på grunn av alvorleg sjukdom. Kva med å tilby leksehjelp, husmorvikar eller avlastning til den forelderen som er igjen? spør ho.

Anne Grethe seier at foreldra hennar blei utslitne av å måtte stille opp så mykje. Også barna blei metta av å stadig ha besteforeldra rundt seg.
 

Skal mormor lage middag?

– Dei undra seg over at det heile tida var mormor som laga middag, og ikkje eg. Dermed blei barna urolege for at mamma også var i ferd med å bli sjuk. Med meir hjelp utanfrå, ville det vore lettare for besteforeldra å berre få vera besteforeldre og ikkje reserveforeldre, framheld Anne Grethe.

Dei undra seg over at det heile tida var mormor som laga middag, og ikkje eg. Dermed blei barna urolege for at mamma også var i ferd med å bli sjuk.

Lotte fortel at ho i starten tykte det var fint å ha besteforeldra så mykje i huset. Ho forstod også at mamma måtte hjelpa pappa. Det hende seksåringen tenkte på far sin, men ho kjende aldri dårleg samvit fordi ho ikkje ville besøke han på sjukehus.

To år gjekk og familiesituasjonen var framleis snudd på hovudet. Ektemannen og far var på langt nær frisk, han fekk mange ulike skadar og komplikasjonar  av hjerneblødinga. Likevel kom det til eit punkt der pasienten på mange måtar var friskare og hadde meir krefter enn familien rundt, fortel Anne Grethe.

Både kone og barna var utslitne av å leve i konstant unntakstilstand, og mora innsåg at no måtte barna få førsteprioritet i livet hennar. Dermed flytta ho og barna ut og fekk ein ny heim i ein annan kommune.

– I ettertid ser eg at barnevernet skulle komme på banen og gitt meg eit val. Anten vel du pasienten, og då tek me barna. Eller så vel du barna, og let andre ta hand om pasienten. Barna har måtta betala ein høg pris, for vala eg gjorde i starten, erkjenner Anne Grethe.
 

Lotte stenger av

Lotte er den som har takla best å mista faren til sjukdommen, seier mora. Minstemann slit med fleire helseplager og har gått svært lite på skulen dei siste åra. Anne Grethe får nå pleiepengar for å ta seg av sonen på 10 år.

Samhaldet er blitt endå sterkare mellom oss. Eg og dei to yngste søv alltid i same seng om natta.

– Lotte har vore heldig å ha eit solid nettverk rundt seg, gode venninner som ho kunne overnatta hjå, i tillegg har ho hatt mange kjekke aktivitetar på fritida. Minstejenta mi har også ei eiga evne til å stengje ute vonde ting, noko som nok har beskytta henne, seier mora.

Det har likevel ikkje vore smertefritt for Lotte heller. Og i ein periode såg Anne Grethe at dottera streva ekstra, utan at ho ville seie noko.

– Eg likar ikkje å snakka om ting rundt pappa, fordi det blir så mykje styr og bråk, vedgår Lotte.

Dottera ønskte dessutan å skåna mora for sine sorger fordi ho såg at mamma hadde så mange andre ting å ta seg av.

– Fordi eg såg at Lotte sleit, tok eg kontakt med Se Meg-stasjonen og bad om hjelp. Lotte fekk då tilbod om å få snakka med ei dame der kvar tysdag. Dama kom og henta henne på skulen og dei køyrte rundt og prata saman. Se Meg -stasjonen har gitt henne fantastisk oppfølging og Lotte har klart å fortelje ope om det som plaga henne, fortel mora.
 

Saknar ein vanleg far

Lotte snakkar ennå med dama frå Se Meg-stasjonen, men nå møtest dei berre annakvar veke.

– Eg likar å prata med henne, dessutan gjer me kjekke ting saman. Me et snop eller går på McDonalds, seier Lotte og smiler.

Under samtalane fortalde ho mellom anna om at det kan kjennast flaut å ha ein far som ikkje er som alle andre. Det kjenner ho på når dei er ute blant folk. Dessutan har ho jo eit sakn etter å ha ein vanleg far.

Lotte har ikkje så mange minne om faren som frisk mann sidan ho var så lita då han blei sjuk, men ho hugsar at familien ofte var på tur og at pappa av og til leikte og tøysa med henne.

Ho er av og til saman med faren no også, men alt er blitt veldig mykje annleis enn før. For nokre år sidan, medan dei framleis budde i same hus som han, spelte ho og broren av og til Uno med faren. Eller bygde Lego. Ho og broren måtte då lære faren fargane og tala på nytt.
Då dei budde saman med faren, var Lotte mykje på farten utanfor heimen. Mor Anne Grethe trur dottera handla på instinkt, det blei viktig for henne å fylle på med gode opplevingar ute saman med venene, utan å dvele for mykje ved det som skjedde innafor husets fire veggar.
 

Ho har fått migrene

For ei tid sidan byrja Lotte å få hovudverk som utvikla seg til migrene. Anne Grethe er overtydd om at smertene skuldast emosjonelt stress knytta til alle omveltingane farens tilstand har ført med seg. Mora registrerer at Lotte ennå skrur av, men at ho til tider likevel kan streva, sjølv om ho ikkje seier så mykje til henne. Ho er difor glad for at Lotte har ein tredjeperson ho kan snakka ope med.

Anne Grethe meiner samfunnet må ta innover seg den store børa som blir lagt på familiane i dag når dei teknologiske nyvinningane gjer at stadig fleire overlever alvorlege sjukdommar, som dei tidlegare ville døydd av.

– Mange av desse pasientane hamnar i ulike tilstandar som gjer at dei blir nye utgåver av seg sjølv for familien. Difor bør samfunnet leggja til rette for at partner og barn får hjelp til å få desse pasientane heim att. For ein vaksen åleine med barn og full jobb har ikkje sjans til å greie dette åleine, seier ho.

Anne Grethe har ein 100 prosent stilling som lærar, men har meir eller mindre vore sjukemeldt sidan mars 2015. Ifølge henne driv mange kvinner velferdsstaten med livet som innsats, utan å bli plukka opp, når dei blir langtidsjukemeldte og dermed mistar høvet til å samle pensjonspoeng.

– Mi krevjande pårøranderolle gjer at eg diverre ikkje greier levere i arbeidslivet, fortel ho.
 

Nå ser me framover

Fordi Anne Grethe står utanfor arbeidslivet har familien fått dårleg råd. Ho tykkjer det er sårt at ho og barna må forsaka ulike aktivitetar som kostar for mykje. Ho registrerer også at alvoret barna har opplevd i livet, har gjort dei vaksne for alderen.

– Samhaldet er blitt endå sterkare mellom oss. Eg og dei to yngste søv alltid i same seng om natta.

Lotte seier ho både saknar faren og det å ha ein far, for slik livet er blitt, kjennest det ikkje som ho har nokon far lenger. 12-åringen føler livet blei lettare då ho, mora og søskena flytta til ein annan stad, fordi stemninga i familien letta. Dessutan føler ho at skulen gir henne betre hjelp i den nye heimkommunen.

Anne Grethe og dei tre barna føler til tross for alle utfordringane at dei har begynt å finna roen i sin nye heim. Å skapa trygge og føreseielege rammer er viktig for barna, påpeiker ho.

– Så nå får me berre byggja stein på stein og sjå framover. Difor snakkar me også lite om det som har vore. Nå må me konsentrera oss om å leva våre liv, så normalt som mogleg, seier Anne Grethe.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut