I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
01. desember 2024

Jula blei annleis, men svært god

Jula 2021 vil for alltid stå i eit eige lys i minnet til Linda Leinonen- Skomedal. Familien feira som i ei boble, for framtida var enno uviss. Dette kunne bli siste jula med yngstemann. Trass i skuggane, blei likevel jula god, og enormt etterlengta, etter å ha budd på sjukehuset sidan mars, då veslebror fekk påvist leukemi.
176d590e-8e61-438b-acca-a30183ba6412-1_all_9418-copy-Edit

Levde i ein sjukehus-kokong

Heile adventstida og i vekevis før det, hadde Linda, ektemannen og minstemann Sondre sitte inne i eit sjukehusrom store delar av døgnet, på grunn av koronarestriksjonar. 

– Tida på sjukehuset bestod i å halda oss på rommet og berre høyra lyden av andre familiar på naboromma gjennom veggane. Først etter klokka 18 var det trygt for oss å ta Sondre med på spaserturar i dei lange gangane på St. Olavs hospital i Trondheim.

Adventstida blei brukt til å kikka ut gjennom vindauget og sjå gatene gradvis bli julepynta og at folk begynte å hasta rundt på julehandel, mens dei sjølve sat fast i ei boble og berre kunne sjå resten av verda flyta av garde. Linda og ektemannen uroa seg for han som var sjuk samstundes som dei lengta etter dei to storebrørne som fekk minimalt med adventskos med foreldra dette året.

I alle vekene sidan mars hadde familien levd under eit strengt smitteregime. Foreldra og Sondre kunne berre møta brørne når dei var heilt friske.

 

Jul utanom det vanlege

Linda hadde ikkje bakt ei kake eller hengt opp ei julestjerne og ho ønska seg ingen ting anna av jula enn at heile familien skulle få vera samla. 

– Mannen min og eg tok dag for dag, me forventa lite og gledde oss heller ikkje spesielt til jula 2021. Me hadde håpa at behandlinga kunne avsluttast heilt før høgtida, men tilstanden til Sondre var ikkje heilt avklart før me fekk julepermisjon. Så friskmeldt-stempelet som var den gåva me ønskte oss mest, fekk me ikkje ta med inn i julefeiringa, og det var me jo skuffa over.

– Men julegleda tok oss likevel heilt då me kom inn i huset vårt. Denne jula greidde me å vera til stades her og no. Det blei på eit vis ei jul slik ho eigentleg alltid skulle vore, utan alt det ytre jaget og stresset for å rekka å baka og pynta og kjøpa gåver. Men når det er sagt, så hadde dei fire foreldra til mannen min og meg sytt for både julebakst, eit rydda og nyvaska hus, nytt sengetøy og nydelege julemiddagar. Me kom til dekka bord, fortel ei takksam trebarnsmamma. 

Også tanter og onklar til barna bidrog til å gjera julehelga kjekk.

Den største gåva av alle

Reint hus og fulle kakeboksar til trass, den kjæraste gåva denne jula var uansett å få sjå dei tre brørne leika saman. Tre gutar som minstemann sin kreftsjukdom hadde halde ifrå ein annan i altfor mange veker etter diagnosen blei sett i mars 2021. 

– Me fekk alle ei overtenning av glede og lette, fortel trebarnsmora. 

Første nyttårsdag var det tilbake til sjukehuset for ny runde behandling.

Sondre var 8 månadar då han fekk diagnosen leukemi. Totalt budde Linda og ektemannen Henrik meir eller mindre ti månadar saman med sonen sin på sjukehuset. Dei delte døgnet mellom seg. Den som ikkje var med Sondre, låg heime og sov.

 

Besteforeldre blei småbarnsforeldre

Heime stilte to sett besteforeldre opp for storebrørne på tre og snart seks år. Dei bytte på å vera småbarnsforeldre anna kvar veke. Kvart besteforeldresett hadde barna frå fredag til fredag før dei bytte.

Det var umåteleg godt for foreldra å vita at dei eldste sønene hadde det så godt som det var råd å ha det i denne unntakstilstanden. Likevel gnog samvitet hjå foreldra som alltid følte at dei var på feil plass. Var dei ein tur heimom, låg tanken på Sondre og sjukehuset og gnog, og var dei sjå minstemann, låg lengten etter dei to heime på lur.
 

Men julegleda tok oss likevel heilt då me kom inn i huset vårt. Denne jula greidde me å vera til stades her og no. Det blei på eit vis ei jul slik ho eigentleg alltid skulle vore, utan alt det ytre jaget og stresset for å rekka å baka og pynta og kjøpa gåver.


Sondre hadde både opp- og nedturar under behandlinga, og det tok litt tid før situasjonen var avklart fordi han ikkje responderte på behandlinga slik legane hadde trudd. Den eine broren donerte beinmarg til han for at han skulle bli frisk.

– Å vera på sjukehus over så lang tid er frykteleg sårt fordi du føler du ikkje strekk til som foreldre. 

 

Du veit ikkje kva du skal spør om

For foreldra var det viktig at liva til dei to skulle levast så normalt som råd. Linda og ektemannen er svært takknemlege for alt både dei næraste i familien og foreldre til vennene av gutane gjorde for dei, mens Sondre var sjuk. Utan alle desse store og små tenestene, hjelpte dei oss med å få familielivet til å flyta tross sjukdommen, påpeiker ho.

– Mange seier til folk som står i sjukdom: Sei i frå om det er noko eg kan hjelpa deg med. Det er ein veldig fin ting å seie, men når du står i ei krise med eit alvorleg sjukt barn, så har du ikkje krefter til å vita kva du skal spør om, for det er jo så mykje du treng, slik at det kan kjennast heilt overveldande, og du kvir deg for å spørja. Mitt råd til pårørande er å berre gjer noko, litt er mykje meir enn ingenting og alt bidreg positivt. Måk snø, bak ei kake, køyr på fotball, be inn til middag, eller ta med barna mine på juletrefest.

Ikkje tenk så stort, kvar minste ting betyr enormt for eit foreldrehjarte, legg ho til.

Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og familien​

Når pårørenderollen din krever alle fysiske og psykiske ressurser, er det ikke uvanlig å kjenne på tomhet. I slike situasjoner kan en føle på nedsatt evne til å glede seg over ting, som tidligere har gitt glede. Det kan være en ekstra belastning dersom du ikke opplever å ha de samme følelsene for nære venner og familie som før.

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Group%20947
Group%20947
Group%20947

Jul i si reinaste form

For Linda vil nok jula 2021 alltid stå i eit heilt spesielt lys, fordi livet var skrella til beinet. Alt trivielt var uviktig då. Å få samla heile flokken betydde alt, mat, gåver og pynt kom i andre rekke.

– Alle forventingar til ei normal jul, blei lagt vekk, og dermed blei jula meir ekte og slik ho skulle vore alltid. For me merkar jo no når julene gradvis har normalisert seg, at me stressar meir igjen. Julene etter 2021 har me gradvis kunna fylla med meir, men dermed blir me også innhenta av desse gamle forventningane, og då kan me bli skuffa over at me enno ikkje har kunna innfri alle ønske familien har for julehøgtida.

Ho fortel at tida etter Sondre blei friskmeldt også har vore krevjande. Immunforsvaret hans var dårleg og han har difor fått mange rundar med sjukdom etter kreften forsvann. Det har difor vore nødvendig å dempa forventingane til julefeiringane.

– Eg har lyst til å få til meir enn eg har hatt energi og kapasitet til, så det er ei sorg der over å ikkje strekka til, vedgår mora.

Men framleis ønsker ho å halda fast i den reine gleda over å vera i saman, og ho er takksam for at sonen blei frisk. For det er jo så mykje å gleda seg over.

– Men eg har tru på at jula 2024 kan bli meir lik julene me hadde før Sondre blei sjuk, i år har eg håp om at me kan feira heilt utan sjukdom, seier Linda Leinonen-Skomedal.

 

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut