I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
21. juni 2024

Å sjølv bli pårørande var ein vekkar for sjukepleiaren

Elin Bø Lunde er sjukepleiar og arbeider på sjukehus. Dei siste åra har faren vore alvorleg demenssjuk. Å vera både fagperson og pårørande, har vore ein augeopnar for sjukepleiaren. Ho ser dei pårørande ho møter i jobben sin på ein annan måte nå.
Å sjølv bli pårørande var ein vekkar for sjukepleiaren
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

Pårørande ingen stor del av pensum

Elin Bø Lunde var ferdig med sjukepleiarutdanninga for 13 år sidan. Ho kan ikkje hugsa at pårørandearbeidet var ein spesielt stor del av pensum.

– Det var pasienten som stod i sentrum, eg synest å hugse at me fekk lite innføring i behandling av pårørande.

​– Kan du nemna nokre konkrete eksempel på korleis di eiga rolle som pårørande har endra ditt møte med pårørande som sjukepleiar?
– Før skunda eg meg gjerne ut av pasienten sitt rom, viss han eller ho fekk besøk av pårørande medan eg var der inne. Eg hadde ein tanke om at eg ikkje ville forstyrra privatlivets fred, eller at eg ville vera i vegen, så eg forlèt rommet og kom ikkje tilbake mens pasienten hadde besøk, med mindre eg hadde eit konkret ærend. Eg gjorde dette i beste hensikt og meining. No tenker eg annleis. Når eg har vore på besøk hjå far, kjenner eg på takksemd dei gongene tilsette som alt er i rommet når eg kjem, tek seg tid til å vera litt til saman med far og meg. 

 

Ho stoppar igjen litt på rommet

Dermed stoppar også Elin litt igjen på rommet når pårørande kjem på besøk på avdelinga der ho jobbar. Då får dei ein felles arena kor dei kan snakka med einannan om kvardagslege ting, og ikkje berre sjukdom. I jobbsamenheng opplev ho at dei slik kan skapa eit trygt rom og visa samspelet mellom ho og pasienten, pasienten og pårørande, og mellom ho som fagperson og pårørande, for pasienten. Ved å stoppa, kan det og bli rom for ein spontan informasjonssamtale, eller Elin og pårørande kan avtala at ein kan ringast dagen etter, dersom det er mange andre gjeremål som ventar henne og ho ikkje har tid akkurat då pårørande er på besøk.

 

– For meg er det viktig å seie ting slik dei er, i staden for å gå rundt og tru at pårørande veit. Det må det vera rom for å kjenna seg utrygg i alle roller, både som pårørande, pasient og fagperson. Noko av det eg sjølv set pris på når eg har besøkt far, er å få ein kopp kaffi i hendene, så det er eg snar med å tilby pårørande som kjem på besøk på avdelinga eg arbeider også. For mange kan det kjennast godt å ha noko å halda i, om situasjonen elles opplevast uoversikteleg. 

 

– Pårørande gjer meg til ein betre sjukepleiar

Elin ser pårørande som viktige bidragsytarar.

– Pårørande gjer meg til ein betre sjukepleiar. Eg har ofte berre kjent pasienten i nokre timar, dei har kjent han eller henne eit heilt liv, så difor er pårørande og den informasjonen dei kan gi svært viktige for meg, slår ho fast.

Det er difor avgjerande at pårørande føler seg sett og involverte i arbeidet rundt pasienten, og dei ulike fagfolka som er inne i behandlinga og stellet, anten der er lege, sjukepleiar eller helsefagarbeidar.

Pårørande er, ifølge Lunde, ekstra viktige der alvorleg sjukdom har svekka den mentale tilstanden slik at pasienten ikkje kan forklara korleis tilstanden deira er til vanleg. Då kan opplysningar for pårørande vera heilt avgjerande, spesielt i ein akuttmedisinsk fase.

– Pårørande registrerer gjerne desse små teikna som me som ikkje kjenner pasienten overser, så derfor blir eg alltid glad når ein pårørande slår fast at no ser pasienten betre ut, fordi han eller ho kan leggja merke til ørsmå endringar som me som ikkje kjenner personen så godt kanskje ikkje får med oss. Dei pårørande er ein av mine viktigaste samarbeidspartnare, forklarer Lunde.
 

Eg har som pårørande funne ut at det eg lurer på, lurer nok mange andre pårørande også på.

 

Ei lærerik erfaring

Å vera pårørande privat, har gjort Elin endå meir medviten på korleis ho møter pårørande, korleis ho snakkar med dei og jobbar saman med dei.

– Eg har hundre prosent jobb på sjukehuset. Det er min kvardag og for meg er det like naturleg å vera der som å jobba i hagen heime. Men når eg har vore på institusjonar der far min er, er eg straks meir utrygg, for dette er ein plass eg ikkje kjenner. Då hjelper det ikkje at eg har god kunnskap om helsevesenet. Dermed forstod eg at det som eg opplever som trygt og føreseieleg på min jobb som sjukepleiar, kan verka potensielt farleg og gi krisestemning når du er pårørande. Det kan vera skummelt å høyra lydar og kjenna lukter på ein institusjon, når du er der som privatperson, minner Lunde om.

Ho seier at det ikkje berre er ein fordel å vera utdanna sjukepleiar når ein er pårørande. Lunde forklarer at ho er på jakt etter annan informasjon og stiller andre spørsmål enn resten av familien. 

– Samstundes vil eg gjerne leggja av meg sjukepleiarrolla når eg er med far, då vil eg berre vera dotter, for når ein av dine næraste er sjuk, er det jo ei krise på ein annan måte enn når du behandlar ein pasient på jobb, påpeiker ho.

Elin håpar ho raskt kan fanga opp dårlege teikn før andre, og stilla dei rette, viktige og vesentlege spørsmåla på vegner av faren, på same måte som pårørande Elin møter i jobbsammanheng kan gjere for sine nærmaste. Dette er sjølvsagt nyttig, påpeikar ho. Samstundes kan det å vera både sjukepleiar og pårørande opplevast som ein elsk/hat-kombinasjon, vedgår ho.

 

Pårørande skal føla seg verdsette

– Eg trur nok at eg som pårørande og sjukepleiar lett kan bli oppfatta som både litt strevsam og skummel av dei tilsette. Det er lov å vera irritert som pårørande, og det er lov som fagperson å seia til ein pårørande at du ikkje har tid til å informera nett no, men at du skjønar at vedkomande spør og at det er lov å lura på ting, og at du vil komma tilbake til snarast mogleg. Eg har som pårørande funne ut at det eg lurer på, lurer nok mange andre pårørande også på. Sidan eg reknar meg for å vera ganske normal, er også andre pårørande sine tankar normale.

– Mine refleksjonar over pårøranderolla er no til hjelp for meg i møte med nye ferske pårørande. Som pårørande møter ein mange kjensler som eg no har fått fleire år til å tenkja over. Derfor prøvar eg å kome dei litt i forkjøpet og svare på dei tinga eg gjerne har lurt på, som eg tenkar dei vil komme til å lura på etter kvart. Mitt håp og ønske er at pårørande til pasientar som eg har ansvar for som sjukepleiar aldri skal føla seg strevsame, men heller hjelpsame og varetatt.

Når helsepersonell selv blir pårørende

Det er vanskelig å ha klare skiller mellom det å være fagperson og det å være pårørende. Denne dobbeltrollen kan tære på kreftene og blir en ekstra omsorgsbelastning. Vi får mindre tid til nødvendig avkobling når vi står i de samme problemstillingene både på jobb og privat.

Les mer her.

Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut