I helsetjenesten
På skolen
I arbeidslivet
For studenter
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
15. april 2024

Endeleg nokon som har tid til å lytta

Frå august 2022 blei retten til barnekoordinator nedfelt i lova. Barnekoordinatoren skal vera barnets og familiens talerøyr inn mot dei ulike hjelpetenestene. Og ikkje minst, koordinatoren er ein som har tid til å lytta til heile forteljinga. Dermed slepp ein å snakka på inn- og utpust i dei nøye tilmålte minutta ein vanlegvis blir tilgodesett med i helsevesenet.
Endeleg%20nokon%20som%20har%20tid

– Vår viktigaste jobb er å løfta fram barnet, ungdommen og familiens perspektiv. Kva er viktig for barnet, og kva er viktig for mor og far i situasjonen familien står i? Barnekoordinatoren skal vera med og bidra til at barnet og familien får eit godt liv og kjenner seg trygge og godt tekne vare på, både i kvardagen, men også i overgangane i livet, framheld barnekoordinator Julie Wick.

Ifølge Julie Wick skal barnekoordinatoren ha eit heilskapeleg blikk og sikra betre samanheng mellom tenestene i tilfelle der barnet og familien er avhengige av hjelp frå fleire ulike instansar.

 

Tid til å gå i djupna

Wick fortel at ho alltid set av god tid til kvar familie, spesielt ved første samtale. Den føregår gjerne i heimen, slik at ho får møtt både barnet og dei føresette. Då har ho gjerne halvannan time til rådvelde. 

– Mange set pris på det å få snakka grundig om det dei står i, og få tid til å stilla alle spørsmåla. Dei lurer kanskje på kven som har ansvar for ulike hjelpetilbod, då kan eg gi dei råd om kvar dei kan vende seg. 

Julie Wick kan også komma på fleire heimebesøk om det trengst, men ein del av kontakten etterpå føregår også på telefon.

Wick og hennar yrkesfeller hjelper familiane å laga ein individuell plan rundt barnet eller ungdommen som treng hjelp. Dette for å sikre betre samhandling på tvers av tenestene. Koordinatoren skal også sørga for at det som står i planen blir gjennomført. 
 

Kva kan ein venta seg?

Under desse samtalane er det også svært viktig å kartlegga kva ein barnekoordinator kan hjelpa til med, og kva som ligg utanfor mandatet vårt, understrekar Wick. Ei god rolleavklaring gjer at familien slepp å bli skuffa, noko som fort kan skje dersom ein forventar meir enn koordinatoren kan innfri.

 

– Ein barnekoordinator har ikkje mynde til å instruere eller overprøve faglege vurderingar gjort i helsevesenet. Vår rolle er å legge til rette for godt samarbeid blant hjelparane rundt familien og sikra heilskapleg oppfølging av barnet, slår Julie Wick fast.

Når ho lyttar til desse familiane, er det gjerne ei historie som går igjen, vanskane med å orientera seg i mylderet av tilbod og få samkøyrt og skreddarsydd desse til det aktuelle barnet og familiens spesielle behov. Somme opplever også at samarbeidet med enkelte hjelpeaktørar har blitt utfordrande.

Ifølge Julie Wick har kvar familie sitt unike hjelpebehov, men alle set pris på å få nokon til å vise veg gjennom alle hjelpetilboda. Pårørande kan også få avlasting ved at barnekoordinatoren er med og skriv søknader om ulike tenester.
 

Vår rolle er å legge til rette for godt samarbeid blant hjelparane rundt familien og sikra heilskapleg oppfølging av barnet.


 

Alle kommunar skal ha barnekoordinator

Alle kommunar er plikta å ha barnekoordinatorar. Julie Wick er ein av sju koordinatorar i Koordinerende enhet i Sandnes kommune. Ifølge henne trengst det enno å gjerast eit stykke informasjonsarbeid for å få ordninga godt kjent innan hjelpeapparatet i Norge.

Barnekoordinator er ein rett som følger barn eller ungdom under 18 år, og det er på vegner av barnet ein søker om ein slik koordinator, forklarer Wick.

– I tilfelle der barnet eller ungdommen har alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, vil ein ha rett på koordinator. Barnet må også ha omfattande behov for hjelp og trenga tett oppfølging, opplyser ho.

Ein kan få innvilga barnekoordinator alt mens ein er gravid, dersom det er stadfesta at barnet i magen har behov for ekstra oppfølging og pleie. Ein kan også få tilbod om barnekoordinator ved overgangar i livet. Det kan vera frå barnehage til skule, eller på veg inn i vaksenlivet.

 

Infolapp%20med%20binders

Hvordan kan du bidra?

Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan du best kan møte og ivareta pårørende?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Helsepersonells ansvar for oppfølging av pårørende
Group%20947
Å møte pårørendes komplekse følelser
Group%20947
Helsepersonells evne til perspektivtaking
Group%20947
Hvordan møter vi mennesker i sorg?

Søker til kommunen

I hennar kommune har det vore noko ventetid på å få koordinator, men sjølv etter at Sandnes auka staben med to nye koordinatorar etter nyttår, er pågangen stor. 

– De fleste som søker får barnekoordinator. Det er ikkje alle som treng barnekoordinator over lang tid, for somme familiar kan det vera nok å få litt støtte i nokre månadar, eller i ein spesielt krevjande fase, påpeiker Julie Wick.

Somme er barnekoordinatorar på fulltid, medan andre kommunar let ein av de som er med og yter tenester til barnet og familien, også har rolla som koordinator. Det kan til dømes vera ein ergo- eller fysioterapeut.

Sjølv er Wick koordinator på fulltid og har ansvar for rundt 25 barn og ungdommar og familiane deira. Dei som ønsker å søka om koordinator gjer det til sin eigen kommune. Fastlegen og spesialisthelsetjenesten  kan også, med samtykke fra foreldre, formidla søknader om barnekoordinator, opplyser Julie Wick.

Var dette interessant?
Les om en pårørendes erfaringer med barnekoordinator her.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut